Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Godt nøgde med hardfør skotte

Galloway blir rekna som ein nøysam og hardfør storferase. Håvard Flaten meiner rasen passar godt inn på Vestlandet. – Dei beiter godt, toler vêret og har eit fint lynne, seier han.

Tone Eitrheim og Håvard Flaten har sju kyr og ein okse på garden. Tre av kyrne er kryssa med angus, men dei er ca. 75 prosent Galloway. (Foto: Halgrim Flaten)

Gallowaykveget stammer frå Galloway i Skottland, som ligg sørvest i landet. Dette er eit kuperte fjell- og lyngheiområdet med mykje regn og vind frå Atlanterhavet.

Dyra har ein veldig robust pels. Under ytterlaget med lange dekkhår, er det eit tjukt lag av tett underull.

– Galloway minner ein del om angus, men dei har korte og kraftigare føter, med stor omkrins på klovane. Dei har mykje meir pels og har ikkje horn, seier Håvard Flaten, som synest dyra har eit fint lynne.

– Dyra er veldig rolege og skvett ikkje rundt, seier han.

Var godkjent for økodrift

Håvard og kona, Tone Eitrheim, tok over garden på Sunde i Kvinnherad etter foreldra hans i 2012. Dei dreiv med sau, men Tone og Håvard hadde ulike tankar og idear om drifta vidare.

– Vi lurte jo kva vi skulle finna på, eller om vi i det heile skulle driva vidare. Garden var godkjent for økologisk drift, og det var kvalitetsrevisoren frå Debio som fyrst nemnde Galloway for oss, seier Håvard.

Dei to kjøpte inn seks drektige kyr, nokre reine angusdyr og andre som var kryssa med galloway. No har dei sju kyr og ein okse. Tre av kyrne er kryssa med angus, men dei er ca. 75 prosent Galloway.

– Vi kjem til satsa på 7–8 morsdyr, og fôra fram kalvane på gras og mjølk. Kalvane går her til dei er ca. eitt år. Nokre av kvigene blir sett på, og dei andre går til slakt. Vi har ikkje nok areal til å ha fleire flokkar, så vi legg opp til å ha ein flokk, fortel Sunde-bonden.

Får ikkje kraftfôr

Tone og Håvard er begge i arbeid utanom garden. Han er fysioterapeut, og Tone arbeider som ergo­terapeut på barneskulen i Sunde.

Dei har til saman 19 kveg, med stort og smått, på bruket no. I tillegg har dei åtte villsauer som går på nokre småøyar, og tre hestar.

– Vi har ein veldig flott okse, og så lenge han er so bra, får han leva. Det er lettare å byta ut kvigene, seier Håvard.

Dyra får ikkje kraftfôr. Dei lever av lyng, gras og skot frå gran, bjørk og andre tre. På eitt år kan dei nå ei slaktevekt på 150–180 kilo.

– Dyra beitar godt. Dei et det meste som kjem opp frå bakken, men ikkje barken på trea. Derfor er dei nok snillare enn geitene, seier han.

Dei to slår 25–26 mål på garden. Om vinteren har dei ca. 80 mål beite til disposisjon, og om sommaren 25–30 mål reint grasbeite, og fleire blandingsbeite, til saman ca. 150 mål.

Annonse

– Vi treng gjødsel til slåttemarka, så vi reknar med å bruka all gjødsla sjølve. I beiteområda kan det vere ein del lyng som går ut når det er kalde vintrar, fortel Håvard.

Sel alt kjøtet sjølve

Dyra blir slakta hos Fatland i Ølen.

– Vi har avtale med ein kjøtskjerar som også held til i Ølen. Han skjær og vakuumpakkar alt kjøtet vårt. Vi hentar det tilbake, modnar strykningsdelane og frys ned kjøttdeigen. Alt blir seld i Kvinnherad og i nabokommune, seier Håvard.

Kjøtet blir seld i pakningar på ca. 20 kilo. Dei inneheld ulike stykningsdeler, kotelettar, kjøttdeig, kraftbein og grytekjøt.

– Vi tar 225 kroner kiloen for desse pakkane. For oss som driv med beite og vinterfôr, så er dette OK butikk. Det kastar litt av seg. Vi slår graset sjølve, men leiger entreprenør som rakar og pakkar. Vi har mange små bøar, så dette er ei bra ordning, seier Håvard.

Dei får gode tilbakemeldingar på kjøtet, og har mange faste kundar.

Ny fôringsplass med takoverbygg

I fjor haust bygde Tone og Håvard seg ny fôringsplass med takoverbygg og oppsamling av gjødsel. Det vart arrangert open dag på garden i april, og mange kom for å sjå på byggløysinga.

– Det var Tore Eik på landbrukskontoret i Kvinnherad som tipsa om prosjektet «Landskap i drift», hos Fylkesmannen i Hordaland. Samla utgifter kom på ca. 250 000 kroner, men vi fekk 50 prosent støtte av dei budsjetterte kostnadane gjennom prosjektet. Arbeidspengar var utanom. Det vart ikkje noko pengesprekk som Stortingsgarasjen til Olemic, seier Håvard og ler godt.

Heile bygget er reist i tre. All trelast er skoren av tømmer frå eigen skog. Bygget står på søyler med bindingsverk, med to gjødselkummar og fôrbrett mellom desse.

Meir kontakt med dyra

– Fôringsplassen har fungert veldig bra. No kjem det nye krav til utedrift, og det er mogleg vi må setja opp ein tredje vegg, når desse krava slår inn. Eg har dialog med Mattilsynet om dette, seier Håvard .

– Det ser ut som dyra har det bra og trivst godt. Dei får finkutta og reint fôr, og møkka blir samla i kummane, legg han til.

Før hadde Håvard ein fôrhekk som han fylte. No fôrer han kvar 2. eller 3. dag, alt etter tilstand og kvalitet på rundballane. Dei er innom og ser til dyra i snitt annakvar dag.

– No er eg meir saman med dyra, tettare på dei, og dermed blir dyra også meir tillitsfulle. Det er spaltegvolv over kummane, og det blir alltid liggjande litt fôr her og der, så eg er ofte innom og gjer reint, seier han.

Driv rideleir om sommaren

Håvard og Tone har to born – Halgrim (10) som hjelper til med hestar og kyr, og dottera June (18). Ho går 2. året på hestelinja på Voss vidaregåande skule.

– June er veldig hesteinteressert. Ho har tre hestar på garden, ein fjording, ein kaldblods og ein ponni, og har rideleir her om sommaren. June vil også bruka hesten til å dra ut tømmer frå skogen med, slik bestefaren hennar gjorde, seier Håvard Flaten.

Neste artikkel

Vi vil ikke spise mindre kjøtt for klimaets skyld