Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Godt grovfôr – utfordringar og flaskehalsar

Godt grovfôr betyr mindre bruk av kraftfôr, men det er mange faktorar som skal stemme for å få til prima grovfôr. Fleire bønder burde tenkje enno meir på detaljar før og under slåtten, meiner Ragnvald Gramstad.

Den viktige siloslåtten: På jæren er slåtten i full gang. Bildet er frå Klepp. (Foto: Karl Erik Berge)
Den viktige siloslåtten: På jæren er slåtten i full gang. Bildet er frå Klepp. (Foto: Karl Erik Berge)

Slåtten står for døra – ein hektisk og viktig periode for mange mjølk- og kjøtprodusentar. Bondebladet har hatt med Ragnvald Gramstad, pensjonert seniorrådgivar i NLR Rogaland, og Martin M. Haarr, KSL-revisor/seniorrådgivar, på besøk hos tre mjølkebønder på Jæren.

NLR har eit tilbod om individuell rådgivingsavtale, Bedre Grovfôr. Dei tilbyr prognoseprøvar før fyrste og andre slått, gardsbesøk mot fyrste og andre slått, to fôrprøvar, samt gjennomgang av sesongen.

Kva nyttar bøndene på eigen gard, plansilo, tårnsilo eller rundballar? Eller er det ein kombinasjon som er mest aktuelt? Lykkast dei med alle detaljane før slåtten startar, og kva gjer dei med all plasten?

Rett gjødsling og slåttetidspunkt

Pensjonist eller ei, Ragnvald Gramstad ivrar framleis for grovfôret. Den tidlegare rådgivaren meiner mange bønder kan gjere meir for å betre kvaliteten. Mange faktorar spelar inn.

God kvalitet vil vise att i lommeboka, meiner han.

– Eit mål bør vere å sikre ein fôreiningskonsentrasjon på rundt 0,90, på alle slåttar. Rett nitrogengjødsling betyr mykje. Med rett gjødsling og slåttetidspunkt bør ein kunne sikre eit proteininnhald på 15–16 prosent per fôrenheter melk (FEm). Då må ein sjølvsagt vere heldig med vêret under slåtten, seier Gramstad.

God gjæring

Gramstad tilrår stubbehøgd på 8–10 cm, og kort tørketid på bakken for å oppnå ein tørrstoffprosent frå 28 til 32 prosent.

– Med redusert fortørking, må ein bruke ensileringsmiddel. Det er viktig for å sikre god gjæring og redusere tapet av energi i fôret. Det viser mange forsøk som er gjort på dette, seier han.

Gramstad meiner Kofasil-produkt med fordel kan nyttast i plansiloar og i rundballar.

– Det har ein positiv effekt med omsyn til reduksjon av sporer, seier den tidlegare NLR-rådgivaren.

Gramstad minner også om at bønder tenkjer på eigen engstatus og hyppigare fornying av eng­arealet.

Kristian Vinningland: Finsnittar og siloar

Kristian Vinningland i Time bygde nytt lausdriftsfjøs i 2009. Mjølkebonden, som har ein kvote på 384 tonn, leiger 250 dekar og har sjølv 110 dekar grasareal.

Kristian Vinningland (t.v.) har utvikla mange smarte løysingar til jordbruket. Her viser han fram ei rulle som snurrar inn plasten på plansiloen i ei lang pølse. Ragnvald Gramstad og Martin M. Haarr er imponerte.
Kristian Vinningland (t.v.) har utvikla mange smarte løysingar til jordbruket. Her viser han fram ei rulle som snurrar inn plasten på plansiloen i ei lang pølse. Ragnvald Gramstad og Martin M. Haarr er imponerte.

Han leiger inn finsnittar og har tilgjengeleg mannskap til å bli med på slåttearbeidet. I tillegg har han rundt 100 dekar til beiteareal.

– Slåttearbeidet går fort og effektivt, og er me heldige, passar det med vêret og, seier Vinningland og ler godt.

Mjølkebonden er einig med Gramstad om kor mykje kvaliteten på grovfôret betyr for drifta.

– Med godt grovfôr, kan ein redusere bruken av kraftfôr. Det merkast godt på lønsemda i drifta, seier han.

Vinningland har tre tårnsiloar i løa, og ein plansilo som er lagt fint inn i terrenget.

– Det er finsnitta gras og siloar som gjeld for meg, det fungerer godt. Tredjeslåtten blir lagt oppå andreslåtten i plansiloen, og det blir ei god blanding. Skal du lage rundballar, må du ha utstyr til det. Det har ikkje eg, men det blir 20–30 ballar på areal tatt utanfor ordinær slått, seier mjølkebonden.

– Utstyret mitt er nok ikkje så nytt, men det varer lenge om ein bruker tid og passar på det. Eg har óg ein god del maskinsamarbeid med eit par naboar, legg han til.

Logistikken i sentrum

For Vinningland er logistikken viktig. Han er oppteken på at det skal gå effektivt og fort, både ute og inne.

– Eg har litt over halve arealet fem kilometer unna, og normalt klarer slepesnittaren 20–30 dekar i timen, mens den sjølvgåande kan klare 50. Eg leiger sjølvgåande snittar når det blir lagt i plansiloen, og om det ikkje er for blautt. Med alt det regnet som er her, må ein ha utstyr til å gjere arbeidet effektivt. I tillegg har eg ei fôringslinje som fungerer veldig bra. Eg bruker rundt 10 minutt på fôringa kvar dag, om det blir tatt frå tårnsilo, 30 minutt frå plansilo og det doble dersom eg må hente fôret frå silo på ein leigd gard, seier Vinningland.

Time-bonden er no i gang med å byggje seg nytt reiskapshus.

«Petter Smart»-type

Mjølkebonden er ein «Petter Smart»-type. Han likar å skru og å finne fram til nye løysingar, og driv firmaet Agri Produkter.

Annonse

Vinningland har blant anna konstruert fleire nyttige småting til avlesservogna – ein låsesko, ei fôringstrakt og ein snekkemotor.

Vinningland er også arkitekten bak Reime sitt automatiske fôrkjøkenanlegg med basis i den tradisjonelle Reime-fôrutleggaren.

No har han utvikla ei rulle, ho er patentert, som rullar inn plasten som dekker plansiloen.

– Eg var så lei av å dra plasten på plass, det bles jo ein del her på Jæren. Rulla snurrar inn plasten i ei lang pølse, og ordninga fungerer svært bra. Plasten kan lagrast slik til gjenvinning, seier Kristian Vinningland.

Tørres Bore: Kun rundballar

Tørres Bore driv mjølkeproduksjon i Kleppe. Bore har ein kvote på 450 tonn og tjue ammekyr i tillegg. Han driv 750 dekar, av dei er 110 dekar med potet. Bore pressar alt i rundballar.

– Eg har ein del areal vekk frå garden, og derfor er det praktisk med rundballar. Hadde eg hatt all jorda rundt meg, hadde eg bygd plansilo og brukt finsnittar. Eg trur ikkje tårnsiloane kjem attende, seier Bore.

Han gjer alt arbeidet sjølv, med unntak av rakinga. Her leiger mjølkebonden inn hjelp.

Bore bruker Kofasil til ensileringsmiddel, omlag 3 000 liter kvart år. Når det er brukt opp, ballar han resten utan ensileringsmiddel.

Tørres Bore bruker Kofasil i slåtten fordi det sparer utstyret og fungerer godt mot sporer. Ragnvald Gramstad til venstre.
Tørres Bore bruker Kofasil i slåtten fordi det sparer utstyret og fungerer godt mot sporer. Ragnvald Gramstad til venstre.

– Eg har konteinar framme på pressa, og bruker Kofasil både fordi det sparer utstyret og fungerer godt mot sporer. I tillegg gir det gass i rundballen. Eg er ikkje avhengig av vind når eg presser. Eg treng ikkje bruke dysene, seier Bore, som bruker vanlege plastrullar til arbeidet.

Mjølkebonden sår timotei overalt, men ikkje på beite kor det er blautt. Her sår han ei beitefrøblanding som inneheld meir engrapp. På den måten får han tettare gras, og det varer lengre.

– Eg forventar fem–seks ballar per dekar i avling kvart år, men eg har vore oppi både sju og åtte. Det er eg veldig godt nøgd med, seier Bore.

Sel ballar til faste kundar

Klepp-bonden har fullt påsette og bruker om lag 1500 rundballar per år sjølv. Han sel mellom 300 og 700 rundballar kvart år, for det meste til tidlegare kundar.

Bore ligg på ein fast pris, frå 400 til 450 kroner per rundballe.

– Eg vil gjerne ha dei same kundane attende, og eg dyrkar alt som om eg skulle brukt det sjølv. Då kan eg gå god for kvaliteten. Eitt år kan det vere du ikkje får seld fôret, og då må ein kunne bruke det sjølv, seier han.

Bore har rundt 150 dekar som han bruker til beite, men i år blir det litt mindre. Han dyrkar i tillegg rundt 110 dekar med potet. Det er bra for jordveksling og i kampen mot rotugraset. Det er lettare å halde i sjakk med potetdyrkinga i skiftet, meiner han.

– Kveke, høymole og tunrapp er utfordrande. Den siste slit vi mykje med på Jæren, ikkje minst dei som dyrkar potet eller gulrot, forklarer Bore.

Alle typar jord

– Her er det alt, frå sandjord til tung moldjord. Derfor er det fint med rundballar. Ved sjøen er det berre sand, mens det er meir moldjord i innlandet. I år kjem det seinare ved sjøen, på grunn av kulde. Det blir fort 1–2 veker skilnad på graset i år. Det er ein stor fordel for meg, fordi eg får betre tid. Når ein har rundballar, kan ein òg dra fordel av å blande fyrste, andre og tredje slått. Dermed kan ein få ei god blanding, seier mjølkebonden.

Rundt to veker etter ballane er stabla, tek han ein runde og kuttar av «plastslipsa».

Tørres Bore har kjøpt ny fôrblandar, Processor 3000 frå Haru Systemer, som fôrer på kilo og ikkje på tid.
Tørres Bore har kjøpt ny fôrblandar, Processor 3000 frå Haru Systemer, som fôrer på kilo og ikkje på tid.

Bore har kjøpt ny fôrblandar for rundballar og silo, Processor 3000 frå Haru Systemer, som fôrer på kilo. Han er særs nøgd med blandaren.

– Eg meiner det er ein stor tidsmessig fordel å fôre på kilo. Eg får meir kontroll med kva dyra har fått. Eg oppnår høgare og raskare fôropptak på alle dyr, og det blir ei svært jamn utmating. Godt fôr gir enno betre utslag hos oksane. Dei har ein veldig god tilvekst, men blir lause i magen av berre fôr frå tredje slåtten, seier han.

For å ta unna all plasten, har Bore kjøpt inn ei enkel presse.

– Plasten blir lagt rett i pressa, og fire gongar i året kan me levere plasten til 4H i Klepp. Ordninga fungerer veldig godt her, seier han.

På spørsmål om kva som er den største utfordringa i drifta, er han klar i svaret.

– Det er tida. Å få nok gode dagar i slåtten. Eg har med ungane til å køyre rundballar, men det er veldig travelt når det står på, seier Tørres Bore.

Neste artikkel

Bruka politikerne vil ha, forsvinner