Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gode tilbakemeldingar på kurs i grøntnæringa

Mange i grøntnæringa har kursa seg i vinter. Deltakarane seier det er relevant og viktig stoff som vert formidla.

Felles kompetanseløft: Kurset blir gjennomført av Jan Bangen i Bondelaget og Tove Ladstein i Gartnerforbundet. Dei får gode tilbakemeldingar. Illustrasjonsfoto frå Smøla. (Foto: Wigdis Wollan)
Felles kompetanseløft: Kurset blir gjennomført av Jan Bangen i Bondelaget og Tove Ladstein i Gartnerforbundet. Dei får gode tilbakemeldingar. Illustrasjonsfoto frå Smøla. (Foto: Wigdis Wollan)

Grøntnæringa har gått saman om å utvikle eit nytt arbeidsgivarkurs for å auke kunnskap og kompetansen som arbeidsgivar, for å sikre gode arbeidsforhold for sesongarbeidara.

Det er om lag 1150 påmelde til no. Av desse er ca. 170 melde på det til det førebels siste kurset. Kursa blir gjennomført som webinarer.

– Når vi har gjennomført kurset den 11. februar har vi hatt til saman åtte kurs, dvs. eitt i veka sidan tidleg i desember, seier seniorrådgivar Amund Johnsrud i Bondelaget.

Amund Johnsrud
Amund Johnsrud

Det er Norges Bondelag, Gartnerhallen, Norsk Gartnerforbund og Norsk Landbruksrådgiving som står bak kurset.

Løn og arbeidstid

– Korleis er tilbakemeldingane på kurset?

– Vi får gode tilbakemeldingar, til dels svært gode. Deltakarane seier det er relevant og viktig stoff som vert formidla. Det er sjølvsagt stor skilnad på kva kursdeltakarane kan frå før, men både erfarne og nystarta bønder seier dei har hatt godt utbytte av å følgje kurset, seier Johnsrud.

Annonse

– Kva er deltakarane særleg nøgde med?

– Vi legg stor vekt på spørsmål som handlar om korleis ein reknar ut løn og arbeidstid, og dette er det også ein del spørsmål om undervegs. Vidare er vi innom krav til forsikringsdekking, om obligatorisk tenestepensjon og om krav til husvære/innkvartering.

Det er med representantar frå Arbeidstilsynet på alle kursa, og dei har ein eigen presentasjon. Deltakarane seier det er bra å få ei direkte kontakt med denne etaten gjennom kurset, forklarer Johnsrud.

– Det er oppfatta som veldig positivt at organisasjonane i landbruket samarbeider om tilbodet. Vi får gode skussmål for framføringa, spesielt den måten Jan Bangen i Bondelaget og Tove Ladstein i Gartnerforbundet samarbeider på om å presentere kursinnhaldet.

Ber om tips og hjelpemiddel

– Er det ting deltakarane saknar på kurset?

– Det kjem ønskjer om meir detaljert kunnskap på nær sagt alle tema vi tar opp. Folk etterlyser konkrete tips og hjelpemiddel til den daglege administreringa av arbeidsstokken, til dømes til elektronisk føring av timelister/oppmøtelister, utforming av arbeidskontraktar mv.

– Er det planlagt ein del to av kurset?

– Ikkje noko konkret førebels, men vi ser at behovet er der, så det må vi ta stilling til ganske raskt. Det kan vere som ein generell fordjupingsdel, eller at ein går grundigare inn i enkelte tema på enkeltkurs, seier Amund Johnsrud.

Neste artikkel

Vil ikke la aksjeselskap eie jord