Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fulgte sauedrifta frå paring til pinnekjøt

Ein pinnekjøtmiddag i Oslo resulterte i bok om fru Fredriksen, vêren Fredrik og lamma Snøhvit, Flekken og Per.

Her er sauene frå Sjøtunet på veg til fjells. Dei blir frakta med båt inn Fyksesundet til Botnen. Foto: Geir Ellingsrud

Med kamera og penn har Kristin Eli Strømme og mannen, Geir Ellingsrud, vore med på høgdepunkt i sauedrifta ved Sjøtunet i Kvam herad.

Her driv Alf Storaas og Torunn Litlebø med sauer, frukt, bringebær, utleigehytter og gardsbutikk.

I boka, «Fra parring til pinnekjøtt», føl Strømme og Ellingsrud sauene og sauehaldet på nært hald gjennom eit år. Det inkluderer paring og lamming, kvardagen, fjellbeite, sauesanking og kontakten mellom menneske og dyr.

«Men døra åpnes også på gløtt til det større perspektivet rundt dyrevelferd, dyrehold, utnyttelse av beiteområder og betydningen av ren, sunn mat», heiter det i boka.

Starta som fotoprosjekt

– Det starta eigentleg som eit fotoprosjekt, med sauene i hovudrolla. Vi hadde vore på Færøyane og vart veldig fascinerte av sauene der. Det same vart vi av spælsauene på Sjøtunet. Korleis dei klauv og beita i bratte lier og fjellskråningar, og så er dei fotogene dyr. Det vart ei fin forteljing og bok ut av det, om søya og dei tre lamma hennar, seier Kristin Eli Strømme.

Annonse

Ho og mannen bur og arbeider i Oslo, men dei har vore fleire gongar på Sjøtunet på Rykkje, fordi Kristin Eli har slekt her. Interessa for sauedrift og matproduksjon hadde dei med seg frå tidlegare.

Strømme har skrive lærebøker og faglitteratur for barn og vaksne i 25 år. Ho arbeider som seniorkonsulent i Trygg Trafikk.

Geir Ellingsrud er ivrig hobbyfotograf. Han har teke alle bileta i boka, som er gjeven ut på Fell forlag.

Vakkert og nært

Sjøtunet er bygd som handelsplass i 1850. Det var handelsplass fram til 1920, med eit småbruk i tillegg.

Ein del av småbruket ligg på Kvamsøy, ei øy like utanfor Rykkje. Sauene er på øya vår og haust, og mesteparten av vinterfôret til sauene vert hausta her.

– For oss som byfolk var det mykje som var nytt. Vi har fått auka respekt for det å vere sauebonde. Det er fascinerande å sjå på forholdet mellom bonden og sauene, korleis dei reagerer på stemma hans og på rangordninga sauene imellom. Det er usentimentalt, vakker og nært – og ein fantastisk akse ein bevegar seg på. Vi har lært mykje om beiter og beitedyr, og kor mykje sauene betyr for å halde dette landskapet ved like, seier Kristin Eli.

– I tillegg er vi glade i god mat begge to, og reine og sunne råvarer, legg ho til.

Neste artikkel

Rekordfå påviste rovviltskader på sau