Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Foreslår målretta kvotesal til mindre bønder

Sogn og Fjordane ligg langt nede på inntektsstatistikken. Fylkesleiar Anders Felde vil ha meir investeringsmiddel til båsfjøs og målretta sal av kvote til dei med under 200 000 liter.

Lausdriftskrav: KrF kan ikkje fortsette å snakke om 15–30-kyrsbruk med truverde om dei ikkje gjer noko med investeringsmidlane, meiner Anders Felde. Foto: Linda Sunde
Lausdriftskrav: KrF kan ikkje fortsette å snakke om 15–30-kyrsbruk med truverde om dei ikkje gjer noko med investeringsmidlane, meiner Anders Felde. Foto: Linda Sunde

Eitt fylke ligg på botnlista både for næringsinntekta frå jordbruket, og for den totale bruttoinntekta.

Det er Sogn og Fjordane.

Ironisk nok, er dette eit fylke som gjerne blir assosiert med mjølkekyr, og mjølkebøndene med og utan storfekjøt skal vere dei som har den aller høgaste næringsinntekta frå jordbruket, ifølge statistikken.

Korleis kan fylket då gjere det så dårleg på inntektsstatistikken?

– Ein av grunnene er nok at vi har mange som driver med sau, og sau ligg veldig lågt, seier Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

– I tillegg har Vestlandsbonden alltid lege lågt i inntekt, samanlikna med andre fylke. Mykje av grunnen til det, er at vi har mange mjølkebønder med veldig små gardar, seier han.

Meir kanaliseringspolitikk

Han veit kva han vil prioritere i det komande jordbruksoppgjeret.

– Produksjonsfordelinga. Kanaliseringspolitikk. At det er lønsamt å utnytte graset i sone 5–7. Vi må etterlyse geografisk retta tiltak i år. Vi må sikre at bruka KrF har snakka om, med 15–30 kyr, får til ein lønsam overgang frå båsfjøs til lausdrift. Då treng vi meir investeringsmiddel, seier Felde.

Mange bønder her ser ikkje på seg sjølv og sin gard som ein del av framtida, meiner fylkesleiaren.

– Mykje av det er knytt til overgangen til lausdrift. Ein god del av dei minste mjølke- og storfebruka har ikkje sjanse til å gjere ein lønsam overgang. Dette byrjar å bli prekært. Eg trur det er grunnen til at så mange signaliserer at dei vil selje mjølkekvoten sin i utkjøpsordninga. Dei som har 70 000 liter kvote ser seg ikkje som ein del av framtida, seier han.

– Kva må gjerast?

Annonse

– Vi må løfte investeringsordningane. Vi kjem til å vere steintydelege inn mot Bondelaget og mot staten. Lønsemda i distriktsjordbruket kjem til å vere heilt avgjerande. Sone 5–7 er ryggrada i norsk jordbruk, seier Felde.

Investeringsstøtte

Av dei 625 bøndene som har meldt inn at de ynskjer å selje kvote i den ekstraordinære utkjøpsrunden, er kvar femte bonde frå det nye fylket Vestland.

76 bønder, eller drygt 12 prosent av alle som vil selje kvoten, bor nærare bestemt i gamle Sogn og Fjordane fylke.

– Vi har veldig mange mjølkebønder, og vi i Vestland har dei minste kvotane i landet. Ingen er så avhengige av gode investeringsordningar som Vestlandsbonden.

– KrF kan ikkje fortsetje å snakke om 15–30-kyrsbruk med truverd om dei ikkje gjer noko med investeringsmidlane. Då ser dei med opne auge på at Vestlandsbruk ikkje er ein del av framtida. No må det på plass. Denne gjengen kjem til å gi seg om ikkje regjeringa tek investeringa frå bås til lausdriftsfjøs, seier Felde.

Målretta kvotesal

Då Sogn og Fjordane Bondelag hadde styremøte i januar, hadde dei vore vitne til at påmeldingane til å selje kvote, hadde strøyma på. Det blei eit tema på møtet, og styret skreiv eit brev til Bondelaget sentralt.

Dette er eit signal om ei dårlegare tru på ei framtid i mjølkeproduksjonen i vår region enn elles i landet, skreiv dei.

Dei kom med eit forslag, som Felde gjentek i dag: Staten bør kjøpe heile kvotevolumet som bøndene ønsker å selje, og selje det overskytande ut igjen til bønder som har under 200 000 liter i mjølkekvote, i same region.

– Vi har foreslått dette fordi vi meiner det er eit veldig godt grep. No er det mange som blir tvungne til å leige ut kvoten sin. Dei burde i staden selje den til dei som har under 200 000 liter. Det er dei som har bruk for kvoten, seier Anders Felde.

Neste artikkel

Næringsinntekten under 200 000 kroner igjen