Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fjellgardsliv innunder Rondane

I boka Fjellgardsliv skildrar Ola Blæsterdalen (98) livet på fjellgarden Blæsterdalen, 800 moh. i Atndalen.

Fjellbonde: Bonden skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. (Foto frå boka)
Fjellbonde: Bonden skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. (Foto frå boka)

Ola skriv om korleis Blæsterdalen har utvikla seg frå ei grasslette med ei løe ved fyrste busettinga sist på 1700-talet, og om si eiga tid der landbruket har gått gjennom eit utruleg hamskifte.

Det starta med nesten full sjølvberging, basert på utnytting av lokale ressursar frå inn- og utmark. No har vi eit spesialisert landbruk som hentar mykje til drifta langvegsfrå. Før hadde vi eit arbeidsfellesskap der unge og gamle på garden måtte vera med. No har landbruket vorte ein einsam arbeidsplass, skriv Ola i boka.

Han var med og stifta Atndalen bondelag i 1947 og var den første leiaren. Ola formidlar, kanskje utan at det har vore bevisst, korleis ein gard gjennom tid utviklar ei form for berekraft som krev nøysemd, langtidsplanlegging og maurflittig arbeid.

Annonse

Bonden skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. Kanskje kan kunnskap frå slik gardsdrift koma til nytte att?

Alt i 1985 starta bonden skriving av småstykkje til Folldalsjul, som er eit julehefte gjeve ut av Folldal kommune frå 1984. Sidan har han levert eitt eller fleire bidrag så godt som kvart år til 2021. Samla har det vorte 62 stykkje.

Ola har alltid hatt stor forteljarglede og ført vidare den muntlege overleveringa han høyrde frå tidlegare generasjonar. Heile livet mitt dottera Gudlaug høyrt faren fortelje om laust og fast.

– Eg hadde lenge oppmuntra far til å skrive um garden og sitt eige liv, og i 2002 tok han fatt. Det meste av dette forelåg i 2012. Vi hadde til da ikkje hatt noko meining om kva sluttprodukt dette ville bli, berre at vi ønska å få bevart noko åt etterslekta, seier ho.

Neste artikkel

Maren trives godt med full timeplan