Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Eit forferdeleg syn

Mange bønder i Luster er hardt ramma av flommen i helga.

I Luster i Sogn har nedbøren og snøsmeltinga herja ille mange stader. Strie elvar har øydelagt svært mykje i Fortunsdalen og Mørkridsdalen.

– Dette er eit forferdeleg og trist syn. Mange hus har fått store skadar, både våningshus og fjøs. Det flyt med rundballar over alt, og mange av dei er øydelagde. Etter den vanskelege tørkesommaren, treng vi alt fôret vi har berga, så dette er ein veldig vanskeleg situasjon for mange bønder her inne no, seier Andreas Wollnick Wiese, leiar i Luster Bondelag.

Framleis dyr i fjella

I Fortunsdalen blei ein familie på fire berga ut av huset sitt tidlig sundag morgon på grunn av strie elvemassar.

Også i Mørkridsdalen har fleire hus vore trua av elva som har teke store parti av elvebredda, skriv Bergens Tidende.

Foto: Andreas Wollnick Wiese

Ordførar og rådmann har vore på besøk og sett kor vatnet har herja, fortel Wiese.

– Det er ein del sau og lam som framleis er i fjella. Det blir vanskeleg å få dei heim, fordi elva har teke mange vegar og stiar. Vi er veldig avhengige av desse for å få heim dyra, seier lokallagsleiaren.

– No må vi få gjere det beste for å få oversikta. Det er masse arbeid som ventar, vi må hjelpe dei som treng det aller mest fyrst. Det blir ein stor prøvelse, men vi skal klare dette. Vi er ein godt samansveisa gjeng med bønder her inne, og vi må finne ut av det, seier han.

Annonse

Opo over sine breidder

I Hordaland har det òg kome enorme nedbørsmengder, i tillegg til snøsmelting på grunn av det varme vêret.

Odda opplevde store skadar under flaumen i elva Opo i oktober 2014. NVE sette raskt i gang med sikringsarbeid langs elva og har seinare følgt opp med eit omfattande arbeid. Det skal sikre sjølve Opo mot ein 200-års flaum, gitt 40 prosent klimapåslag.

I Odda er rv. 13 ved Byrkjeneset stengt på grunn av ras. Brua over Opo i Odda sentrum, som blei øydelagt under storflommen i 2014, er også stengt.

Bildet er frå Røldal i Odda kommune. Legg merke til fôrhaustaren som står under vatn. Foto: Erik Inge Bakka

– Kan ikkje ha det slik

Einar Riise er bonde med sau og ammekyr på Sandvin, i tillegg jobbar han i Odda kommune. Riise står midt oppi i hektisk oppryddingsarbeid, og har ikkje heilt oversikten enno.

– Det har vel stort sett gått bra. Det flyt store mengder med rundballar på flatane her, så det er nokon som har mista mange rundballar. Eg trur det har gått bra med fjøs og våningshus. Men vi kan ikkje ha det slik lengre. Vi har nesten ikkje hatt ut sauene den siste månaden, fordi det er vassmetta over alt. Vatnet øydelegg så mykje, og det blir stor utvasking av næringsstoff og aktive og viktige jordorganismar, seier Riise.

NVEs flaumsikringstiltak har ikkje ført til flaumsikring av areala langs Sandvinvatnet, og areala frå Sandvin og sørover til Hildal.

– Vi får er ein masse arbeid med opprydding etterpå, og det slit veldig på oss som er bønder frå Sandvin og sørover til Hildal. Vi må få ein flomtunnell som tar unna ein del av vatnet i Opo. Det kan ikkje halde fram på denne måten, seier Riise.

Neste artikkel

Antall husdyr synker