Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Advarer mot rustangrep i nye fjøs

Då Arne Andreassen høgtrykksvaska den nye ammekufjøsen i sommar, fekk han nesten sjokk. Stålinnreiinga var under kraftige rustangrep. Forklaringa er at fjøset er jorda i tråd med forskriftene.

Ammekufjøs til Arne Andreassen er under kraftige rustangrep. Det kan vere ei tikkande bombe for  nye fjøs. (Foto: Dag Idar Jøsang, Norsk Landbruk)
Ammekufjøs til Arne Andreassen er under kraftige rustangrep. Det kan vere ei tikkande bombe for nye fjøs. (Foto: Dag Idar Jøsang, Norsk Landbruk)

Den første tanken som slo 66-åringen frå Vestnes i Romsdal var at han var offer for ei feilproduksjon. At noko hadde gått gale med galvaniseringa hos DeLaval. Fjøsen var berre 1 ½ år gammal, men i betongen der stålet var støypt ned var galvaniseringa vekke, og stålet var brunt av rust.

– Det første som slo meg, var at det måtte vere feil med galvaniseringa, og at Felleskjøpet hadde selt meg noko drit. Men eg kom raskt fram til at det ikkje kunne vere feil med ein produksjon. Galvaniseringa var jo vekke frå stål og mutterar frå fleire produsentar, fortel Andreassen til Norsk Landbruk.

Det var då han høgtrykksvaska liggjebåsane han oppdaga rustangrepet. Først trudde han at det var eit gammalt lauvblad som hadde klistra seg til stålet, men då han pirka i det fann han ut at det var rust.

– Då eg oppdaga at det var rust, gjekk eg vidare til den neste stolpen og fann rust der også. Då måtte eg beint fram setje meg ned i liggjebåsen, fortel han.

Mange med same problem

Det viste seg raskt at Andreassen ikkje var den einaste med problemet. Tilbakemeldingane kom raskt då han posta eit innlegg på Facebook. Ny innreiing frå ulike produsentar og leverandørar rusta på same vis.

Også hos Felleskjøpet og DeLaval var dei klar over problemstillinga, utan at nokon kunne forklare kva som hadde skjedd og kvifor det skjedde.

Sidan han skulle på ferie sist fekk Jon Ivar Mælen, som er produktsjef i-mek. i Felleskjøpet Agri, ansvaret for å følgje opp Arne Andreassen. Samarbeidet mellom dei to skulle vise seg å bli svært fruktbart.

Allereie då fjøsen blei bygd reagerte Arne Andreassen på at all metallinnreiing i fjøsen skulle jordast saman. Teorien han gjerne ville ha testa var om jordinga kunne føre til at den varmforsinka galvaniseringa på stålet kunne bli ei offeranode, slik ei sinkanode blir brukt som offeranode på eit skip.

Elektrolytt mangla

Med seg på fjøsbesøket i Romsdal hadde Jon Ivar Mælen forskingssjefen i SINTEF Industri, Daniel Blucher. Han var tvilande til Andreassen sin teori fordi det mangla ein viktig ingrediens: Ein elektrolytt. Til alt hell hadde ikkje ammekubonden hatt tid til å vaske ned heile fjøsen.

Annonse

Ein kalvingsbinge stod urørt. Hardpakka rundt stolpane som er støypt ned i golvet låg det framleis ei blanding av møkk, urin og strø. Elektrikaren målte då kva evne denne substansen hadde til å leie straum. Resultatet viste at substansen leia straumen hundre prosent.

– På ein forenkla måte kan vi konkludere med at substansen utgjer ein fantastisk elektrolytt. Han gjer at sinken og magnesiumen som stålet er galvanisert med, fungerer som ei offeranode for jordfeil frå straumnettet. Der det var galvanisering igjen, var sinken gjerne så porøs at eg kunne skrape han av med eit skrujern, og under var det rust, seier Andreassen.

Kan ikkje bruke ubeskytta galvanisering

At det finst ein slik vassløyseleg, lada substans som leiar straum, er heilt avgjerande, og når han finst, er konsekvensen at det ikkje kan brukast ubeskytta galvanisering til å beskytte mot rust. Problemet er at galvaniseringa løyser seg opp. Konsekvensen av det er rust.

Etter at Felleskjøpet og DeLaval blei klar over denne samanhengen, byrja dei å pulverlakkere stålet eit godt stykke opp på leggen. Det hindrar at det blir danna ei elektrolyse.

Som betaling og takk for hjelpa vil Felleskjøpet Agri og DeLaval bytte ut all den skada innreiinga i fjøsen til Arne Andreassen. Det inneber demontering av innreiing, å kjernebore ut mellom 60 og 80 stolpar i betonggolvet og sette inn ny innreiing. Det blir truleg ei hengjande innreiing, og muligens i eit plastmateriale.

Utilsikta konsekvensar av forskrifta

– Mitt råd er at alle som ikkje har sjekka fjøsen sin, bør ut og sjekke. Eg får nesten litt dårleg samvit av å snakke om at eg får heilt ny innreiing i fjøsen. Det har kosta meg mange våkenetter og timar med grubling, men hadde eg ikkje vore med på dette, veit eg ikkje korleis det hadde gått, seier Andreassen.

Felleskjøpet Agri og DeLaval meiner nå det er bevist at dei har bygd fjøs etter læreboka, og at det er utilsikta konsekvensar av forskrifta, NEK 400, som er problemet. Derfor har dei byrja å gi kundar råd om å gå til forsikringsselskapet sitt for å få retta skadar som dukkar opp, der dei ikkje allereie har forplikta seg til noko anna.

– Det var viktig for oss å finne årsakssamanhengen og få stadfesta at produkta våre held rett kvalitet. Når dette nå er avklart, kan det ikkje vere ein kostnad me kan halde fram å ta ansvaret for. Vi vil tilrå kundar å ta dette vidare som ei forsikringssak, seier Mælen.

Du kan lese meir om rustproblema i Norsk Landbruk nr. 20.

Neste artikkel

Vil ha med flest mulig klimatestere