Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan eit nytt etablerartilskot berge landbruket?

Regjeringa må ta initiativ og opprette ein kommisjon til å ha ein total gjennomgang av økonomisk støtte til landbruket.

Nytt innhald: Regjeringa må sette ned ein kommisjon til å gå gjennom alle sider av landbruket og vinkle dette inn mot å snu den uheldige utviklinga, skriv Kolbjørn Gaustad. (Arkivfoto)
Nytt innhald: Regjeringa må sette ned ein kommisjon til å gå gjennom alle sider av landbruket og vinkle dette inn mot å snu den uheldige utviklinga, skriv Kolbjørn Gaustad. (Arkivfoto)

Alle gode krefter har sikkert heile tida gjort sitt beste for å betre dei økonomiske tilhøva i landbruket. Utviklinga viser at dette ikkje er godt nok. Avtalen med staten, den såkalla Jordbruksavtalen, er av mange karakterisert som ein politisk genistrek. Næringa er til trass for dette no så ille ute, at ein kan snakke om at ein står ved ein skiljeveg mellom utvikling og avvikling. Difor må det satsast nytt og heilhjarta med nytenking, om Norge skal ha eit landbruksmiljø slik vi ønskjer oss.

For 20 år sidan var talet på mjølkeprodusentar 22 400, i dag er talet 7 598. For 20 år sidan var det 14 mjølkekyr på kvar gard, no er det 28. Marknadsøkonomisk kan ei slik strukturendring, med færre og større bruk, sjå fin ut, men det er ei katastrofe for landbruket og ei utarming av bygdemiljøet. Dei 15 000 arbeidsplassane i landbruket er lagt ned dei same 20 åra, der bøndene har funne seg anna arbeid. Ei utvikling med færre og større bruk, er ei følgje av norsk mislukka politikk og utanlandske avtalar.

Kan ein snu utviklinga? Vi har alt for lett for å framskrive og akseptere utviklinga med at dette er eit faktum som det ikkje kan gjerast noko med. Ei slik haldning er feil. Vi må finne ut kvar vi står. Rammevilkåra må styrkast, om vi skal klare å ta tilbake landbruket og styrke det miljøet vi treng for at Bygde-Norge skal ha ei framtid.

Vegen vidare er at ein må vite kva ein vil med landbruket i framtida? Eit stort fleirtal av befolkninga ønskjer å ha norsk mat, utan forureining av miljøet og utan bruk av giftige sprøytemiddel. Vi har hatt ei utvikling med alt for stor nedbygging av matjorda, og er no nede i ei sjølvforsyningsgrad på 38 prosent. Resten av maten importerer vi frå utlandet.

Stortinget er avtalepartnar for Jordbruksavtalen, og slik ansvarleg for at nasjonen har nok mat i einkvar situasjon, slikt som krigar, naturkatastrofar og pandemiar. Dette målet om sjølvforsyning kan vi ikkje nå utan eit velfungerande landbruk, der ein tek miljøomsyn og omsyn til berekraft i næringa. Difor må det gjerast ein totalgjennomgang av prinsippa og fornying av landbrukspolitikken. Berekraft er at det skal vere samsvar mellom areal og dyretal. Reglane for kvotetildeling for samdrifter vart dobla då Sylvi Listhaug var landbruksminister. Listhaug er den landbruksministeren som har gjort mest ugagn og skade for næringa. Difor må ein ha ein totalgjennomgang av kvotesystemet, der berekraft er retningsgjevande i framtida.

Utviklinga med leigejord er og uheldig på lang sikt, med stor avstand mellom bruka. Det må ein difor unngå i framtida. Statens forkjøpsrett til jord må innførast om ein skal kunne styre bruksarronderinga slik ein ønskjer. Forbodet mot nydyrking av myr bør opphevast. Vi har no under tre prosent av landarealet som er matjord. Det har vore ei alt for stor nedbygging av dyrkajord til denne tid. For å styrke næringsgrunnlaget for matproduksjon, må det difor innførast tilskot til nydyrking. Jordvernet må få eit sterkare lovvern, helst i grunnlova også.

Innovasjon Norge har fått spele ei alt for dominerande rolle i bruksutbygginga i landbruket. Dei har lagt marknadsøkonomi til grunn for si kredittvurdering. For å få lån vert det kravd driftsplanar, og så store bruk at ein også må ha mjølkerobot for å mjølke alle kyrne. I tillegg må ein ha mykje leigejord for å skaffe nok grovfôr, og få ein meiningslaus transport og ureining for at budsjetta skal finansiere nye landbruksbygg. Det blir heilt feil og det er ikkje ei slik utvikling og framtid norsk landbruk treng. Kravet om utfasing av båsfjøs må få eit unntak, slik at alle som i dag har båsfjøs må få drive så lenge dei driv mjølkeproduksjon. Det same unntaket må gjelde der ein tek i bruk eldre driftsbygningar med båsfjøs.

Skal ein få opp matproduksjonen og auka sjølvberging, er det viktig å gje framtidige bønder eit betre økonomisk utkomme. Dersom landbruket vert attraktivt, kan det gje mange nye arbeidsplassar med å ta i bruk leigejord og nedlagde gardsbruk. For å få dette til, må det innførast eit etablerartilskot til alle som startar å drive eit gardsbruk på nytt. Storleiken på etablerartilskotet må settast i høve til kva ein utfasen oljearbeidar kostar samfunnet.

Annonse

Landbruksorganisasjonane står framfor ei like stor utfordring som regjeringa, om ein skal gje godt nok grunnlag for landbruket i framtida. Prisane på matvarer utgjer stadig ein mindre del av det folk tener. Det betyr at det kan takast ut meir i pris for matvarene. Difor vil det verte ei oppgåve for det nye Pristilsynet å sørge for at produsentane får sin del av prisen for matvarene.

Tine har ei viktig oppgåve å gjere den einskilde gard større, med god drift og god betaling til produsentane. Når ein jussprofessor tek til orde for ei oppdeling av Tine, med eit aksjeselskap for vidareforedling og produksjon, må dette vurderast.

Tine må han ein total gjennomgang av all mjølketransport frå produsent til meieri og vidare til konsum. Tine har ansvaret og mottaksplikt frå alle mjølkeprodusentar. Det er slik meiningslaust å bruke store summar av tilskotet frå staten på å kjøpe konkurranse i marknaden, som svekker Tines økonomi.

Nortura har også dei same krav på seg om å bidra til ein betre økonomi til bonden. Både for Tine og Nortura gjeld at dei må sjå på sin eigen organisasjon og det er eit ope økonomisk spørsmål om desse treng å ha sine administrasjonar i Oslo i all framtid. Det er og lite samsvar mellom inntektsnivået i organisasjonane og det dei som lever av landbruk må nøye seg med. Det bør organisasjonen tenke over neste gong dei ber om lån frå gardbrukarane til å styrke eigenkapitalen.

Utfasinga av eksportstøtta til Jarlsbergosten er eit døme som stadfestar uttrykket om å vere meir katolsk enn paven. Regjeringa gjorde her eit vedtak som støtta eit krev frå WTO om å forby eksportstøtte. Island har ikkje gjort noko slikt vedtak og har i staden auka sin osteeksport. Stortingsvedtaket gjorde at Tine for å kunne halde fram med produksjonen av Jarlsbergost, vart tvinga ut av landet. Tine bygde eit meierianlegg til 800 millionar i Irland, for å produsere Jarlsbergost av irsk mjølk.

Dette er i tillegg langt på veg eit lovbrot for Tine. Dei økonomiske tapa dette kan føre til er det mjølkeprodusentane som må dekke. Utfasinga av Jarlsbergosten gav eit nytt problem for Tine med tapt osteproduksjon i kvotesystemet. Det gjorde at regjeringa gjekk ut og kjøpte opp mjølkekvotar, slik at 435 produsentar vart oppkjøpt av staten og måtte slutte med mjølkeproduksjon.

Regjeringa må sette ned ein kommisjon til å gå gjennom alle sider av landbruket og vinkle dette inn mot å snu den uheldige utviklinga av norsk landbruk. Det trengst eit heilt nytt innhald i Jordbruksavtalen, der hensikta er å legge tilhøva til rette for ei strukturendring. Berekraft og klimatilpassing må vere grunnlaget for ein ny bruksstruktur, der ikkje marknadsøkonomi skal leggast til grunn. Dersom ein lukkast med dett, kan det bety ein ny giv for rekrutteringa til landbruket.

Haldningsendringa vil også krevje ei nytenking og vidare utvikling av landbruksopplæringa. Den tekniske utviklinga krev også betre teknisk opplæring, og lengre bruk og levetid for maskiner og reiskap. Her ligg nøkkelen til eit godt økonomisk resultat.

For å lukkast må foreldregenerasjon heie på næringa i framtida. Framtidas mål i landbruket må vere å understreke at det viktigaste yrket er å produsere mat til folk, og gje landbruket den yrkesstoltheit, næringa treng og har krav på i framtida.

Neste artikkel

– Det er en helt annen verden nå