Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forslag: Opprett to nasjonalparkar for rovdyr

Vi har i årevis sett med undring på korleis styresmaktene forvaltar dei store rovdyra våre. Det synest som om det ikkje er klare retningsliner for kva område, og kor mange ein skal ha, trass i Stortingets ulveforlik. Straks ein ulv kjem utanfor ulvesona og byrjar å drepe, så er det stor ståhei om kva ein skal gjera.

Rovdyr i nasjonalparkar: Tapstala på sau går no ned, med det skuldast i stor grad at folk har slutta med sau i og nær ulvesona, skriv Dagfinn Torstveit og Reidar Almås. Dei meiner det bør opprettast to nasjonalparkar for dei store rovdyra. (Illustrasjonsfoto: Marit Glærum)

På verdsbasis er ingen av dei store rovdyra truga. Det er meir enn nok av dei i mange andre land, sjølv om vi ikkje treng å ha mange av dei i Noreg. Likevel meiner også vi, at det er rett å ha nokre av dei i vårt land, men på avgrensa område.

Det kostar mykje å ha dei store rovdyra blant oss. Både i form av rein naturforvaltning, redusert jakt og beitegrunnlag, gjengrodd kulturlandskap og ringare livskvalitet hos bygdefolk i rovdyrsonene.

Tapstala på sau går no ned, med det skuldast i stor grad at folk har slutta med sau i og nær ulvesona. Som grunnlag for denne påstanden skal vi ta to døme. Det eine dømet dreier seg om Hedmark og kommunane: Åmot, Trysil, Våler, Åsnes, Grue, Kongsvinger og Eidskog. I 1998 var det 18 098 sauer og lam på beite i desse kommunane. I 2017 var talet redusert til 5636.

I fleire av desse kommunane er det også stor nedgang i elgstamma, og det er rimeleg å tru at predasjon frå dei store rovdyra her har verka inn. Forskar Barbara Zimmermann har forska på ulv i Norge i lang tid og opplyser at ein ulv må ha mellom 3 og 4 kilo kjøtt dagleg. Vidare seier ho at ein vanleg norsk ulveflokk på ca. 6 individ (vanlegvis to vaksne med årskvelpar), drep 100–120 elg årleg, der rundt 80 prosent er kalvar.

Når beite og jaktgrunnlaget vert redusert, bidrar det også til at bygder vert avfolka. Bønder som opplever rovdyrangrep og må leite etter kadaver av dyr på beite har mindre glede av å ha dyr og produsere mat. Livskvaliteten til husdyrbønder og bygdefolk i og nær rovdyrsona blir redusert på grunn av rovdyrangrep og frykt for streifdyr. Rovdyråtak i nærmiljøet reduserer sjansen for rekruttering og busetting.

Det andre døme dreier seg om «bjørne-kommunane» Lierne, Røyrvik, Snåsa, Grong og Namsskogan i Trøndelag. Der var 18 065 sau og lam på beite i 1998. I 2017 var dette talet redusert til 9150. Tapstala til rovvilt i beitesesongen 2018 var ifølgje Miljødirektoratet dei lågaste på lang tid. Lite å undrast over når ein veit kor lite sau det er att i dette kjerneområdet for dei store rovdyra.

Annonse

Beitemark i god vekst hindrar gjengroing og bidrar til at jordsmonnet bind meir karbon. I dag blir berre halvparten av dei kaloriane som det er mogleg å hente frå utmarka utnytta. Skal landbruksnæringa lykkast med å bruke meir norske ressursar til matproduksjon, må utmarka utnyttast betre. Utmarksbeite er den mest effektive ressursutnyttinga der det ikkje kan drivast anna landbruk. Skal norsk landbruk lykkast med det grøne skiftet, må bruken av utmarksressursane intensiverast, og ikkje fasast ut slik som det skjer i store område i dag.

Den norske rovdyrkonflikten nærmar seg «palestinske tilstandar», det vil seie ein tilsynelatande evigvarig konflikt der den sterke parten tener på å vedlikehalde konflikten og styrker sin posisjon ved at den stadig flyttar fram posisjonane sine og endrar grunnlaget for kompromiss, mens den svake parten må trekke seg tilbake til meir defensive posisjonar etter som åra går. For å unngå at rovdyra og særleg ulven sine herjingar med sau og anna bufe skal bli eit årvisst gnagsår på bygdefolks livskvalitet, må noka skjera igjennom med eit djervt politisk rovdyrkompromiss.

Vi meiner at Stortinget bør bestemme å ha dei store rovdyra på nærmare definerte og avgrensa nasjonalparkar for store rovdyr. Så bør staten ekspropriere privateigd utmark i desse landområda, gjera dei om til nasjonalparkar, og gje grunneigarane høveleg erstatning, slik at dei får noko att for at vi som nasjon skal halde oss med store rovdyr. Den beitebruken som blir att i desse områda må skje bak rovdyrsikre gjerde.

Det bør vere høve til å fella rovdyr som er utanfor nasjonalparkar for store rovdyr utan å søkje om løyve, med ei meldeplikt. Det vil vera ein enkel og effektiv måte å drive forvaltning på, og ein ville også koma mykje unødvendig byråkrati til livs.

Etter å ha sett nærare på informasjon om områda dei store rovdyra held seg på, meiner vi at det bør opprettast to nasjonalparkar for dei store rovdyra, ein i sør og ein i nord. Nasjonalparken for rovdyr i sør bør omfatte delar av dagens ulvesone langs riksgrensa til Sverige. I Nord-Norge bør det opprettast ein tilsvarande nasjonalpark for dei store rovdyra langs riksgrensa mot Sverige. Ved å halda rovdyra på klart definerte område, og elles jakte fritt, trur vi at ein på sikt hadde fått langt meir forståing for rovdyrpolitikken.

Kva så med folket som bur innanfor nasjonalparkane for rovdyr? Her bør det settast inn avbøtande tiltak som ekstra statleg støtte til skuleskyss og bussruter, utviklingsstøtte til rovdyrrelatert reiseliv, merking av revirhevdande dyr og varslingsordning for rovdyr på vandring.

Det nærmar seg beitesesong og i år som i fjor vil ulv på streif ta bufe og skremme opp folk. Kor lenge skal denne uløyste konflikten få vare utan at noka vågar og maktar å skjere igjennom for ei varig løysing. Palestinakonflikten har vart i 70 år, noko liknande vil ikkje Bygde-Noreg kunne tole.

Neste artikkel

Skjøt færre ulver og flere bjørner