Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fjellova og statsgrunn i Nordland og Troms

Regjeringa vil ikkje innføre fjellova. Synspunktet er at fjellova er utforma for fjellområda i Sør-Noreg.

Lokal forvaltning: Blir intensjonane i oppmodingsvedtaket følgt opp er det ingen grunn til ikkje å velje fjellova også for Nordland og Troms, skriv Karl Arne Utgård. Bildet er frå Lofoten. Foto: Konstantin Aksenov/Mostphotos
Lokal forvaltning: Blir intensjonane i oppmodingsvedtaket følgt opp er det ingen grunn til ikkje å velje fjellova også for Nordland og Troms, skriv Karl Arne Utgård. Bildet er frå Lofoten. Foto: Konstantin Aksenov/Mostphotos

Karl Arne Utgård, leiar for lovutvalet som la fram NOU 2018: 11 Ny fjellov, høgsterettsdommar 1999-2018

Regjeringa sende 21. juni ut ei pressemelding om at den startar arbeidet med «å utrede ny forvaltningsordning for statseid grunn i Nordland og Troms». Regjeringa vil ikkje innføre fjellova. Synspunktet er at fjellova er utforma for fjellområda i Sør-Noreg, som i følgje pressemeldinga har andre eigedoms- og rettigheitsforhold enn i Nord-Noreg. Statsråd Helleland har utdjupa dette slik:

«Situasjonen i Nordland og Troms er annerledes, blant annet er det ikke statsallmenninger i disse områdene, og stort sett alt er samiske reinbeiteområder, ifølge pressemeldingen.»

 Karl Arne Utgård
Karl Arne Utgård

Det er statsallmenningar

At det er statsallmenningar i Nordland og Troms. er ikkje tvilsamt. Eg nøyer meg med å vise til at dette vart lagt til grunn av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms i sak UNT-1987-3 Skjærstad og sakene UNT-1987-1 og UNT-1987-2, begge Beiern, som til dels vart prøvde for Høgsterett, Rt-1991-1311. I desse avgjerdene vart rett nok konklusjonen at allmenningsretten berre gjaldt beiteretten. At det er statsallmenningar i Nordland og Troms, har også vore lagt til grunn – delvis i samsvar med statens prosedyre – i seinare dommar frå Utmarkskommisjonen, sjå som døme UNT-1998-1 Småtindfeltet og UNT-1996-1 Istindanfeltet.

Det som er omstridt er om fjellova berre gjeld for statsallmenningane i Sør- og Midt-Norge, eller om ho også kjem til bruk i Nordland og Troms. Eg har forstått at dette no vil bli prøvd for domstolane.

I stor grad er det beiterett for dei lokale bøndene på allmenningsrettsleg grunnlag, jf. som døme Høgsteretts dom i Rt-1996-1232 Tysfjord og Hamarøy. Ei rekke bruk fekk der dom for at dei « har beiterett på allmenningsrettslig grunnlag på statens grunn for de husdyr som kan vinterfores på gården».

Innhaldet i allmenningsretten er redusert

Når det gjeld fiskeretten, viser eg til UNT-1984-1 Kampen/Hjerttin der kommisjonen slutta seg til tidlegare dommar om at det ikkje er fiskerett i statsallmenningar i Nordland og Troms:

«I motsetning til beiterett har staten gjennom lovgivning i dette århundret klarlagt at fiske i statsallmenning i Nordland og Troms ikke er en allmenningsrett for de omliggende gårdene.»

Jaktretten er nok her i same stilling som fiskeretten. Også allmenningsretten til hogst har gått tapt for allmenningane i Nordland og Troms, jf. Rt-1918-454 Veikvatnet. Eg siterer:

«Jeg antar, at det maa ansees endelig fastslaat saavel i teori som i praksis, at al skog i Nordland, som ikke er hjemlet enkeltmand, og som andensteds vilde være almenning, tilhører staten. Jeg finder det ikke paakrævet at redegjøre nærmere for den utvikling, som har ført til dette i strid med NL 3-12 staaende resultat.»

I Rt-1991-1311 Skjærstad og Beiern gjekk Høgsterett eit steg vidare:

Annonse

«Det kan spørres om det er rimelig at gårdbrukere i Nordland skal ha en svakere stilling når det gjelder utnyttelse av statens umatrikulerte grunn enn gårdbrukere ellers i landet. Hvis den etablerte tilstand skal endres, må dette imidlertid skje ved en lovendring eller ved tiltak fra staten som grunneier.»

Slik reetablering av allmenningsrett vart gjort for Nord-Trøndelag i ein temmeleg lik situasjon med den i Nordland og Troms. Dei såkalla umatrikulerte statsskogane i Nord-Trøndelag var i 1920 ikkje rekna som statsallmenningar, og fjellova av 1920 omfatta derfor frå først av ikkje Nord-Trøndelag. Dette vart endra ved eit stortingsvedtak etter Ot.prp. nr. 69 for 1925:

«Stortinget samtykker i, at det offentlige anerkjenner de såkalte umatrikulerte statsskoger i Nord-Trøndelag fylke som statsalmenninger, forsåvidt bygdenes bruks rettigheter til beite, seter, slått, mose- og torvtak samt fiske, jakt og fangst angår, […].

Stortinget gjorde 8. juni 2017 eit oppmodingsvedtak, der det heitte;

"Stortinget ber regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. Utredningen skal legge til grunn at Statskog fortsatt skal beholde ansvaret for skogressursene.»

I dette må også ligge at Stortinget ønskte tilbakeføring av tapte allmenningsressursar til lokalbefolkninga i Nordland og Troms.

«Eg meiner at forslaget til ny fjellov har eit opplegg som høver like godt nord for grensa mellom Nordland og Trøndelag som sør for den»

Om samiske reindriftsdistrikt

I Nordland og Troms er stort sett alt reinbeitedistrikt. Desse omfattar det meste av statsgrunn i desse områda, og også store areal i privat eige, Men det same er stort sett tilfelle i tidlegare Nord-Trøndelag fylke og på Fosen-halvøya og i indre delar av tidlegare Sør-Trøndelag fylke. Også den nord-austre delen av tidlegare Hedmark fylke er reinbeitedistrikt. Ganske mykje av statsallmenningane i Trøndelag og i Hedmark ligg i reinbeitedistrikt.

Av det samla arealet som i dag blir rekna som statsallmenningar, er 30 prosent reinbeitedistrikt. sjå NOU 2018: 11 Ny fjellov s. 45 og 48.

Om det reint faktisk er rett til reinbeite innanfor eit reinbeitedistrikt, er avhengig av om vedkomande del av grunnen har vore i slik bruk frå gammalt av, jf. reindriftslova § 4.

Om bruk av fjellova i Nordland og Troms

Eg var leiar for Statsallmenningslovutvalet som la fram NOU 2018: 11 Ny fjellov. Etter mandatet var innføring av fjellova nord for Trøndelag ikkje tema. Men spørsmåla om samisk representasjon er det same i Trøndelag og i den nord-austre delen i Hedmark som i Nordland og Troms. I utkastet til ny fjellov er spørsmålet om representasjon for reindrifta drøfta på s. 103-105. Forslaget er at fjellstyra som omfattar reinbeitedistrikt får to ekstra medlemmer som skal veljast av og frå reindrifta i vedkomande reinbeitedistrikt. Dette er i samsvar med forslaget i Samerettsutvalet II – SRU II – i NOU 2007 13 bind A s. 762-765.

Eg meiner at forslaget til ny fjellov har eit opplegg som høver like godt nord for grensa mellom Nordland og Trøndelag som sør for den. Blir intensjonane i oppmodingsvedtaket følgt opp er det ingen grunn til ikkje å velje fjellova også for Nordland og Troms.

Utkastet til ny fjellov legg opp til lokale fjellstyre, der medlemmene blir valde lokalt. Kommunestyra og ulike grupper av bruksrettshavarar i vedkomande område er tenkt å stå for vala.

Neste artikkel

Anker ferdigplen-dom