Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mindre matjord bygd ned i 2016

Men framleis langt frå jordvernmålet.

5 646 dekar dyrka jord blei registrert omdisponert i 2016, og det er langt frå målet. – Dette må regjeringa ta konsekvensane av, blant anna ved å leggje inn tydelege føringar om omsyn til jordvern inn i den komande Nasjonal transportplan, seier Brita Skallerud, 2. nestleiar i Bondelaget. (Arkivfoto)
5 646 dekar dyrka jord blei registrert omdisponert i 2016, og det er langt frå målet. – Dette må regjeringa ta konsekvensane av, blant anna ved å leggje inn tydelege føringar om omsyn til jordvern inn i den komande Nasjonal transportplan, seier Brita Skallerud, 2. nestleiar i Bondelaget. (Arkivfoto)

Omdisponeringen av dyrka jord går ned frå 2015 til 2016, viser dei foreløpige tala frå kommunane for 2016 (Kostra).

5 646 dekar dyrka jord blei registrert omdisponert i 2016, noko som er ein nedgang på nesten 700 dekar, eller 11 prosent, samanlikna med dei endelege talla for 2015.

Då blei 6 341 dekar dyrka jord omdisponert, skriv LMD i ei pressemelding.

Les meir: Krev fortgang i jordvern-satsingen

Ved behandlinga av regjeringa sitt forslag til nasjonal jordvernstrategi den 8. desember 2015, fastsette Stortinget målet for årleg omdisponering av dyrka jord til 4 000 dekar.

Dette målet skal nåast gradvis innan 2020.

Mykje samferdsel

Nesten 42 prosent av omdisponeringa i 2016 skuldast samferdselsutbygging, noko som er ein auke frå 2015.

– Målet er krevjande, men sjølv med denne regjeringa si sterke satsing på samferdselsutbygging ser vi ein nedgang. Ei av dei største utfordringane er at den beste matjorda ligg rundt tettstader og byer, der befolkningsveksten er størst. Det gir kamp om areala, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Framleis langt frå jordvernmål

Bondelaget krev at jordvern må vektleggjast i Nasjonal transportplan.

– Vi er langt unna Stortinget si målsetting om bevaring av norsk matjord. Dette må regjeringa ta konsekvensane av, blant anna ved å leggje inn tydelege føringar om jordvern inn i den komande Nasjonal transportplan, seier Brita Skallerud, 2. nestleiar i Bondelaget.

Skallerud viser til at regjeringa slo fast i Revidert Nasjonalbudsjett for 2016 at «mål om jordvern blir derfor lagt inn i Nasjonal transportplan (NTP) for å gi Stortinget mulighet til å prioritere».

Annonse

I høyringsdokumentet for NTP finst det ikkje eit ord om verken jordvernstrategi, matjord, jordvern, dyrka jord eller dyrkbar jord.

Brev til Samferdselsdepartementet

Bondelaget sende saman med Norges Naturvernforbund i går brev til Samferdselsdepartementet og H, V, Frp og KrF sine representantar i Stortingets transportkomite.

I brevet uttrykte organisasjonane si bekymring for dette.

Skallerud nemner også at kommunalminister Jan Tore Sanner (H), på landsmøte til Høgre, foreslo å svekke staten si rolle i jordvernsaker, ved å opne for at kommunar som er ueinige i staten sine vedtak kan gå rettens veg.

– I ei tid kor vi bli fleire og fleire, mens verdas ressursar til å produsere mat blir stadig mindre og mindre, må vi forvente at bevaring av matjord er ei prioritert oppgåve for regjeringa, seier Skallerud.

Økt nydyrking

Dei foreløpige tala viser ein betydeleg auke i tillaten nydyrking i 2016, frå eit allereie høgt nivå.

I 2016 blei det gitt løyve til å nydyrke 21 479 dekar, mot 18 139 dekar i 2015. Dei høgaste tala for 2016 finn vi i Hedmark, Nord-Trøndelag, Rogaland og Oppland.

Desse fire fylka står for om lag 54 prosent av alt tillaten nydyrka areal det siste året.

Les meir: Røros-miljøet støtter nydyrking

Neste artikkel

3700 dekar dyrka jord ble omdisponert i 2019