Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil Bondelaget løfte i lag med distriktsjordbruket?

Problemet vårt er at det ikkje hjelper med meir pengar, det er innretninga på investeringsmidlane som må endrast, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen. (Foto: Linda Sunde)
Problemet vårt er at det ikkje hjelper med meir pengar, det er innretninga på investeringsmidlane som må endrast, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen. (Foto: Linda Sunde)

Norsk matproduksjon har vore høgare på dagsordenen dei siste par åra enn kva det har vore på særs lenge. Det er eg glad for, og eg også glad for jobben som Noregs Bondelag i lag med Småbrukarlaget har gjort for å synleggjere kor dramatisk situasjonen er for norske bønder. Særleg dramatisk for oss her i Vestland er korleis det skal gå med dei små mjølkebruka framover. Desse er ryggrada i distriktsjordbruket og er legitimeringa av biletet med eit jordbruk over heile landet. Noko også Noregs Bondelag har løfta fram som eit av dei store fortrinna for norsk matproduksjon.

I Vestland fylke vert i dag 70 millionar liter mjølk produsert i båsfjøs. Det er mykje. Vi veit at mange av desse no står framom tunge investeringar, om desse bruka framleis skal vere mjølkeprodusentar. Utfordringa vår her i Vestland er at innretninga på investeringsmidlane må endrast. Tida for dei store samdriftene og store enkeltbruk i vår del av landet er over. Dei som hadde høve til, og kunne bygge desse store fjøsa, er ferdige. No står vi att med dei små og mellomstore bruka. Bruk i størrelsesorden 20–30 kyr, og som ikkje kan bli større, sidan arealet til å dyrke grovfôr på er mykje vanskelegare å drive rasjonelt.

Eg hugsar godt då styret i Bondelaget, med leiar Lars Erik Bartnes i spissen, var på tur i Nordfjord og fekk sjå siloslått på ein brattlendt gard i fjellbygda i Gloppen. Det dei fekk sjå der var eitt av mange eksempel på typisk norsk distriktslandbruk. Eit landbruk som skal møte den nye tida.

Stortinget har talfesta mål om auka norsk matproduksjon. Eit av dei viktigaste grep vi kan gjere for å nå desse måla, er å sikre at det arealet som er i drift i dag, blir nytta til matproduksjon også i framtida. Gloppen og Vestland utmerker seg til dette, sidan tilgang på utmarksressursar er god og det å drive matproduksjon på desse ressursane er vinn-vinn for folk og klima.

Eg er uroa for, og eg får litt inntrykk av, at dette ikkje nødvendigvis er noko Bondelaget sentralt lenger er spesielt opptekne av. I alle fall om ein ikkje ser utfordringa med korleis innretninga på investeringsmidlane slår ut rundt om i landet. Vi er samde i at inntekta må opp, og vi er samde i at det må meir investeringsmidlar på bordet. Men det åleine er ikkje nok.

Problemet vårt er at det ikkje hjelper med meir pengar, det er innretninga på investeringsmidlane som må endrast. Det er vanskeleg å få økonomi i investeringa når ein frittståande fjøs for 20–30 mjølkekyr kan nærme seg 10–11 millionar kroner. Dette skal igjen betalast av ein mjølkekvote på rundt 200 000 liter, der dei som skal investere gjerne er unge, småbarnsforeldre i etablerarfasen med tre millionar kroner i gjeld på hus og bil før ein startar. Vi ser også at det er eit behov for å bygge fjøsar for mindre besetningar enn dette, men det er i dag ei nærast umogleg oppgåve.

Vi ser også at det er eit behov for å bygge fjøsar for mindre besetningar enn dette, men det er i dag ei nærast umogleg oppgåve

Leidulf Gloppestad

Lønsemd er viktigare enn investeringsmidlar blir det sagt, eg er ikkje ueinig i det. Det nyttar ikkje kor mykje pengar ein får for å bygge fjøs, om ein ikkje tener pengar på den. Utfordringa er at vi no har dårleg tid. Vi har ikkje tid til anten eller, vi må gjere begge deler.

Annonse

Vi har fått ei ny regjering, og denne har vist at ein har både vilje og evne til å løfte investeringsmidlar og lønsemd i landbruket. I budsjettforliket med SV seier ein det også tydeleg: «Regjeringa må sikre at investeringsmidlane bidreg til å realisere lausdriftskravet for små og mellomstore bruk.»

Eg som ordførar har vore utfordra, av mellom anna Bondelaget, på å hjelpe til med press og påverknad. Både til den regjeringa vi har no og den førre, slik at lønsemd og vilkår i næringa vart betra. Dette har eg gjort og skal gjere framover også. Kan mitt bidrag som ordførar hjelpe til med å få betre lønsemd og vilkår i næringa på plass, så skulle det berre mangle. Men no krev eg svar attende.

Eg krev som ordførar i Gloppen kommune, som mjølkebonde og bondelagsmedlem, at leiar i Bondelaget svarar på om organisasjonen vil arbeide saman med oss og få endra innretning til investeringsmidlar i landbruket, slik at partnarskapen og Innovasjon Noreg i dei ulike fylka får styre dette sjølve. Både prosentsats på tilskot og øvre grense for kor stort tilskotet kan vere i kroner. Nokon revolusjon er det ikkje. Troms og Finnmark får t.d. styre desse midlane. Dette er fullt mogleg om viljen er der. Det er heller ingen grunn til å godta at dette skal inn i landbruksforhandlingane til våren. Dette handlar rett og slett om moglegheit til å få bruke investeringsmidlane slik at dei treff best etter lokale forhold.

Vi treng denne moglegheita for å sikre framtidig mjølkeproduksjon i Vestland fylke og vi treng han no. Vi har inga tid å miste, og vi har ikkje fleire bruk å miste. Dette veit vi som kjenner dei lokale tilhøva, som kjenner næringa i vårt område, som ser at stadig fleire mindre bruk no mjølkar for siste gong og sløkker lyset i fjøset for godt.

Det vi ikkje treng, er at det største faglaget i næringa er eit hinder på vegen og ikkje vil løfte i lag med oss. Vi har trass alt same mål.

Her kan du lese hvordan Bjørn Gimming svarer Gloppestad:

Neste artikkel

Norges Bondelag forsvarer bonden