Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine må gå i seg sjølve

Kva kosta gildet i Irland for Tine, spør Åge Meland. Bildet viser Tines anlegg  for Jarlsberg i Cork. Foto: Tine
Kva kosta gildet i Irland for Tine, spør Åge Meland. Bildet viser Tines anlegg for Jarlsberg i Cork. Foto: Tine

Som tidlegare mjølkeprodusent hos Tine ser eg store omveltninger på gang. Her vert skulda lagt både på den eine og andre, men Tine må gå i seg sjølve. Konkurransen er eit politisk styrt verk.

At me drikke for lite mjølk, kan me ikkje skulda politikarane for. Men her er eit spørsmål til Tine-leiinga: Kva kosta dette gildet borti Irland?

Annonse

Prisen er høg. Problema har vore store, og så vert dette eit irsk produkt. Dette er ikkje godt norsk. Island fortsette vel vidare utan eksportstøtte. Eg har alltid skrytt over Tine i vår tid som mjølkeprodusent, men etter dette får eg frysningar nedover ryggen.

Eg kom heim med ein Q-produsert lettrømme, utan eg var klar over det. Då lurte fruen på om eg hadde skifta til Q. Eg har smakt Q-mjølk i Stavanger by, men til dags dato aldri hatt mjølka i hus. Ein eldre kar i mi yngre tid sa til meg: Du skal aldri seie aldri.

Neste artikkel

– Prekær situasjon for storfenæringa