Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svar til Gresseth og Mauset om tilskot

«Kvalitetsktilskuddet» er urettferdig og må bort, og alle storfebønder må få betre økonomi i grovfôr og beite, meiner Ola Hammer Langleite i Snåsa. (Foto: Privat)
«Kvalitetsktilskuddet» er urettferdig og må bort, og alle storfebønder må få betre økonomi i grovfôr og beite, meiner Ola Hammer Langleite i Snåsa. (Foto: Privat)

Eg hadde i Bondebladet 26. mars ei ytring om å omfordele «kvalitetstilskuddet» for storfeslakt og heller betale ut desse pengane som auka beitetilskot, fordi eg meiner det fremmer meir bruk av grovfôr og beite. Det er i tråd med ønske om å bruke norske ressursar. Det er berekraftig og lettare å forsvare ovanfor norske forbrukarar og skattebetalarar.

Erling Gresseth og Sivert Mauset (Bondebladet 16. april) oppfattar mitt innlegg som eit angrep på ammekuproduksjon i Norge. Av totalt 3 879 kyr av seks bevaringsverdige kurasar i Norge i 2018 (Norsk Genressurssenter nøkkeltal, 2018), var 2 588 kyr ammekyr, altså 2/3 ammekyr. Eg vil sjølvsagt ikkje angripe denne produksjonen, og heller ikkje andre ammekuproduksjonar i Norge. Vi treng ammekyr for å skaffe raudt kjøt til norske forbrukarar, halde importen nede, og ikkje minst utnytte grovfôr og beiter der det ikkje er sau eller mjølkekyr lenger.

Avdråtten på NRF kua har auka frå 6 200 liter pr. ku i 2002 til 8 300 liter i fram til i dag, men 80 prosent av denne auka har skjedd med auka kraftforbruk (Harald Volden, professor II ved NMBU i Bondebladet 12.09.2019.) Den auka avdråtten har gitt mindre storfeslakt frå mjølkebruk og bidratt til underdekning av storfekjøt og importbehov.

Eg foreslo i mi ytring å både auke beitetilskudda og omfordele kvalitetstilskuddet til beitetilskot, altså ei kraftig auke i beitetilskot. Samtidig meiner eg tilskudda til grovfôr må opp, og samtidig må kornpris og kraftfor pris opp. Det vil vel heller ikkje kornbøndene protestere på. Poenget er at i dag er kraftfôr for billeg og verdien av grovfôr og beiter for låg. Forholdet må snus slik at det lønner seg å ha dyra på beite.

Annonse

Ein stor andel av Urfe-bøndene med ammekyr driv «gras-feed» fôring, altså brukar ikkje kraftfôr, og det gjeld også ein del andre ammekubønder, og at dei fleste praktiserer mykje beiting. Men kraftfôrbruken i ammekuproduksjon varierer ein del, og i okse-/kastratoppdrett er den høg. Ved å auke tilskot til beite og grovfôr så vil heile ammekunæringa og også mjølkeproduksjonen og okse-/kastratoppdrett bli meir lønnsam.

Samtidig blir den meir berekraftig og lettare å «selje» til politikarar og opinion. Hugs at vi husdyrbønder berre utgjer om lag 1,5 prosent av befolkninga i Norge. Det er avgjerande at vi også har med oss dei andre 98,5 prosent. Vi storfebønder er allereie hardt nok pressa i klimadebatten.

Gresseth nemner også hanndyrloven, at det er forboden å ha oksar over seks md. på beite. Hanndyrloven paragraf 3: «Forboda gjeld ikkje beite på særskilt område der oksar blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn».

Det er mogleg å bruke paragraf 3-unntaket i ein del tilfelle, og mi eiga erfaring med ukastrerte oksar av lette rasar er at det går bra med god inngjerding å ha dei på beite til ca. 12 md. alder. Med kastrering så kan ein lett ha dei på beite så lenge ein vil, det er ein produksjonsform som både økobønder og Urfe-bønder praktiserer ein del. Oksane kan fint ete silo eller rundball i staden for kraftfôr, der det ikkje er mogleg å ha dei på beite.

Til slutt vil eg kommentere Mauset sin påstand at lette slakt med dårleg klasse er eit problem i Norge. For å gje Nortura eit betre beslutningsgrunnlag for meir «treffsikre» kvalitetskrav for Urfe-tillegget på 6,50 kroner pr. kilo slakt, så gjekk vi i 2019 gjennom slaktedata frå tidlegare Urfe as frå 2013-2016, og laga ein rapport. Her påviste vi at det ikkje er samanheng mellom spisekvalitet (målt ved å vurdere feittmarmorering på kvar einaste biff) og EUROP, mogleg med unntak for den aller dårlegaste klassen P-. Dei fleste Urfeslakt varierer frå P til O+, men har framifrå feittmarmorering.

Mauset er også, med rette, bekymra for import og volum. Men ein treng ikkje ha større og meir kjøttfulle slakt for å auke volumet, ein kan like gjerne auke talet på storfe. Einaste problemet, Mauset, må vera at utbyttet i mengd kilo skore og slakta pr. time, er lågare på små slakt med verdas høgaste lønnsnivå i norske slakteri. Men det er jo allereie kompensert gjennom prissystemet til slakteria, som bygger på EUROP.

«Kvalitetsktilskuddet» er urettferdig og må bort, og alle storfebønder må få betre økonomi i grovfôr og beite!

Neste artikkel

Ingen koronapakke til landbruket