Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sitkagran kveler all anna vegetasjon

Sitkagrana er nesten uråd å kome nær nok for felling, grunna dei omfangsrike greinene og dei skarpe barnålene, skriv Norvald Aasen. (Foto: Eirik Nordhagen, Nibio)
Sitkagrana er nesten uråd å kome nær nok for felling, grunna dei omfangsrike greinene og dei skarpe barnålene, skriv Norvald Aasen. (Foto: Eirik Nordhagen, Nibio)

Norvald Aasen, Askvoll kommune

Det var med vantru og fortviling eg høyrde innslaget om sitkagrana på Dagsnytt 18, den 25. februar. Vetle Wang Soleim (H) argumenterte sterkt for masseplanting av sitkagran over heile landet, og viste til at dette har vore gjort på Vestlandet og i andre kyststrøk. Heldigvis hadde han ein motdebattant frå same partiet som hadde eit meir nøkternt syn på denne galskapen.

Vi som opplever å ha dette planteslaget på våre eigedomar er vel rimeleg fortvila over at det er politikarspirer som vil oppheve lovforbod mot å plante sitka. Det er tydeleg at dette klimahysteriet har bite seg fast i skallen på unge og moterette broilerar i samfunnet.

Om det er av rein øydeleggingslyst eller om det er vettløyse som ligg bak ynskje om å kvele norsk natur og landskap med denne framande tresorten, skal eg ikkje ha sagt. Allereie 50–60 år etter plantinga fyrste gongen, ser vi at sitkagrana veks raskt og speidar seg svært raskt over store område.

Når framande artar vert innførte, anten det gjeld dyr, planter, eller menneske for den saks skuld, så viser det seg svært ofte at dei nye artane fortreng og øydelegg det mangfaldet av stadbundne artar som var tilpassa deira geografiske levevilkår. Det er stor skilnad på Noregs areal og dei uendelege villmarksområda i Nord-Amerika og Alaska, der sitkagrana har sitt opphav.

Underteikna har fått slite med at tidlegare eigarar av gardsbruket vart lokka av lokale skog­etatar til å plante sitkagran for om lag 60 år sidan. Det vart planta i bratte fjell og i bergsider der trea no har vorte opp mot 30 meter høge, og kor det er uråd å kome fram til dei for felling.

Annonse

Med jamne års mellomrom står desse trea brune av konglar som spreiar frøa. Sjølv har eg brukt dagar med motorsag eller andre reiskapar for å sage vekk og brenne det eg har fått rydda, men like snøgt som det vert fjerna, skyt det opp nye spirer overalt. Skogsveg vert tilvakse med sitkagran langs vegbana og langs grøftekantar, og rydding er nyttelaust.

Her vart det også planta sitka i teigar, trea er no store, tunge og uhanterbare. Sitkagrana er nesten uråd å kome nær nok til å nå inntil stamma for felling, grunna dei omfangsrike greinene og dei skarpe barnålene. Stamma på større tre kan ved rota gjerne måle opp mot meteren i diameter, noko som krev at det vert nytta reiskapar med større sverdlengder.

Skogbotnen der sitkagrana står er også totalt død, der finst ikkje noko vegetasjon som spirer i denne skogbotnen. I furuskog er det normalt botnvegetasjon, det kan det også finnast i skogbotnen til den norske grana, sjølv om det også der er minimalt av slik vegetasjon. Men den norske grana har ikkje den same evna til spreiing som det sitkagrana har.

Også den norske grana vart planta på store areal på 1950- og 60-talet. Sjølv om klimafanatikarar meiner den norske grana bind mindre CO₂ enn kva sitkagrana gjer, så må alle uheldige sidene ved sitkaen gjere at samfunnet skyr ho som pesten.

Klimafanatikarane får heller bidra til reduksjonar av utslepp av ved at dei brukar bilane sine mindre og at dei nyttar mindre flyreiser, mange av dei mindre nyttige. I alle høve kan det vere til skade for eit samfunn når personar utan røynsle på viktige felt får makt, gjerne grunna massehysteriet i dagens verd der klima og utslepp av ditt og datt går som farsott over land og folk. Skal maktpersonar fylgje påfunn frå hysteriske born og tåpelege «klimabrøl», kan det gå eit samfunn ille.

Slutning: Det er tidlegare skogetatar som har lokka grunneigarar til å plante sitkagran på sine eigedomar. Det er dermed eit samfunnsansvar å få rydda vekk denne planta som spreier seg som ei gift i naturen, før den får gjort meir skade enn kva den allereie har gjort, og før den får kvele all anna vegetasjon og nyttevekstar.

Les duell mellom Vetle Wang Soleim (H) og Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet, i Bondebladet nr. 11.

Neste artikkel

Attval av Peder Nernæs i Hordaland Bondelag