Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Samtransport gris og storfe er ikkje uproblematisk

Dyretransporten er blitt betre dei seinare åra. Samtransport av gris og storfe har også blitt mindre vanleg, og den utviklinga kjem til å halde fram, skriv Inge Midtveit i Animalia. (Foto: Karl Erik Berge)
Dyretransporten er blitt betre dei seinare åra. Samtransport av gris og storfe har også blitt mindre vanleg, og den utviklinga kjem til å halde fram, skriv Inge Midtveit i Animalia. (Foto: Karl Erik Berge)

Bondebladet mistolkar Animalia når ein på leiarplass den 3. februar skriv at det er uproblematisk å transportere gris og storfe i lag.

Grisens lukt og lyd er noko storfe og sau ikkje likar, og prøvar å unngå. Det er derfor ikkje overraskande at lasting av storfe på ein dyrebil, der det er gris frå før, langt frå er lett og fører til at ein brukar lang tid. Vil ikkje dyra gå, så må ein bruke press og tvang dersom ein skal ha dei inn på bilen. Dette gjev dårlegare dyrevelferd og er noko dyrebilsjåførane prøver å unngå så langt som råd.

Animalia har tidlegare uttalt seg om transport av storfe i to høgder og at det kan gje betre dyrevelferd. Dette må ikkje forvekslast med samtransport av gris og storfe. Dyretransportlogistikk er komplisert, og ein må ta omsyn til eit sett med regelverk, som køyre- og kviletid og transporttid etter dyrevelferdsregelverket.

Annonse

Kronglete geografi, små gardar og blanda husdyrproduksjon gjer logistikken krevjande å optimalisere, så ein må av og til kompromisse mellom transporteffektivitet og beste praksis for transport av dyra.

Dyretransporten er blitt betre dei seinare åra. Ventilasjonen på dyrebilen er betre, vegane har færre svingar, tal på stopp har gått ned, og dyras evne til å tole transport er blitt betre. Samtransport av gris og storfe har også blitt mindre vanleg. Den utviklinga kjem til å halde fram. Men problemet blir ikkje borte, og slakteria må arbeide for å unngå det så langt som råd er.

Neste artikkel

Husdyr på utegang skal ha tørr liggeplass