Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovdyrjakt med hund

I «gamle dagar» brukte mange jaktarar hund når dei skulle jakta på rovdyr. Dette var spisshundar, buhundar, elghundar og lapphundar. Dei halsa «gjødde» når dei var på sporet. Dette er i dag kalla «på sporet halsande hund». Hunden er ei god hjelp, og dei oppnår rask og effektiv jakt.

I dag er det fleire hunderasar som høver til slikt oppdrag, og som oftast tek dei lærdom snøgt når dei får vera med på jakt. Hohundane har denne jaktforma i genane sine, og med opplæring ein jaktsesong kan dei verta flinke. På jakt etter ulv og bjørn må hunden læra å halda avstand, slik at hunden kan redda seg frå angrep av det dyret han føl etter. Bruk av slike hundar gjer jakta spennande, og er slett ikkje brutal eller dyreskadeleg. Det er ei human jaktform.

Annonse

Motstandarar hevdar noko anna, men det er brukt som motargument og bør gløymast. I Nationen 1. desember har Erling Aas-Eng teke fram tre punkt som grunnlag for å få ei god løysing på denne viktige saka. Det er all grunn til å få dette til, slik at rabiate rovdyr blir plukka bort snøgt.

Neste artikkel

– Altfor mykje jerv