Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordførar Roald Aga Haug og tåkelegging

Når det gjeld satsing på fruktnæringa, har eg berre fått med meg at ordføraren har vore på sidertur i fjorden, skriv Øystein Pugerud. (Foto: Karl Erik Berge)
Når det gjeld satsing på fruktnæringa, har eg berre fått med meg at ordføraren har vore på sidertur i fjorden, skriv Øystein Pugerud. (Foto: Karl Erik Berge)

Det var med interesse eg les artikkelen som sto på trykk i Bondebladet 11. februar. Jørund Olav Grønsnes vert intervjua, der tema er utkantane i Ullensvang, den nye storkommunen, og framtida deira.

Grønsnes er uroleg for busetjinga og rekrutteringa innanfor fruktnæringa som fylgje av at kommunale tenester vert høvla vekk over ein låg sko. Vestsida er hardt råka, og dei store reiseavstandane skuleelevane får, vil gje negative utslag. På sikt får eit kommunestyrevedtak, som skulesaka på vestsida, så omfattande samfunnsøkonomiske fylgjer, at alarmklokkene burde kima hjå dei styrande i vår flotte nye kommune.

Artikkelen i Bondebladet avsluttar med at ordføraren I Ullensvang kommune kjem med motsvar til Grønsnes, ført i pennen av han sjølv. Ordførar Roald Aga Haug (Ap) tek godt i når han svarar, han reknar vel med at oddingane ikkje les Bondebladet.

Han tåkelegg heile situasjonen. Når ein les svaret ordføraren her kjem med, får eit uttrykk som «goddagmannøkseskaft» ei meining.

«Vi vedtok skule på Hauso til 112 mill. Vi vedtok skule på Aga til 70 mill. Både Ap og Sp har vore delte internt i plassering. Vi bygger skule i Jondal til 172 mill. Den største investeringa nokosinne. Vi har investert stort i bygdene Skare og Kinsarvik …».

«Vi har satsa stort på fruktnæringa», skriv Aga Haug.

Annonse

Skal ordføraren ha skule både på Hauso og Aga? Ap vil legga ned Hauso skule, som er i bra stand der det er brukt over 20 mill. dei siste åra. Å fullføra Jondal skule, ville Ap setja på vent.

Saka er at då skulesaka var oppe 17/6-20 var kostnaden på Hauso 112 mill. mot Aga skule 154 mill. Då saka kom oppe på nytt i sept 2020, var kostnaden på Hauso 60 mill. og Aga 127 mill. i saksutgreiinga. Men Ap vedtok i budsjettmøte 17/12-20 at skulen skal vera på Aga og kosta 70 mill., mot rådmannen sitt forslag på 132 mill. Kva totalkostnaden kjem på til slutt, er det ingen som veit.

Ordføraren skriv at dei har investert stort i Kinsarvik. Ja, det er brukt 1,5 mill. på å flytta biblioteket. Mykje å skryta av. Når det gjeld satsing på fruktnæringa, har eg berre fått med meg at ordføraren har vore på sidertur i fjorden.

Han skriv og at Odda var ein av dei rikaste kommunane i landet, kor er formuen blitt av? Rådmann Ole-Jørgen Jondahl opplyste på budsjettmøte i haust at alle reservefond var oppbrukt. Ullensvang herad hadde 32 mill., Jondal 28 mill. og Odda 44 mill., til saman 104 mill. på fond med seg inn i den nye kommunen. Kor er dei blitt av?

Rådmannen avsluttar eit svar på eit innlegg i Hardanger Folkeblad den 5/2 om spørsmål om renovasjon slik: »Ei oppmoding til red. i HF kan vera å gjera faktasjekk med administrasjonen før tal og påstandar kjem på trykk, då kan ein unngå direkte feil på trykk»

Ja, dette er interessant. Vil rådmannen ha kontroll med pressa? Det har vore gjennomgåande bruk mykje feile tal i skulesaka av både av ordførar og andre, så rådmannen er litt seint ute med forslaget om faktakontroll.

Neste artikkel

Bonden treng ei inntektspakke