Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Opsjonsavtalar: Eg har svart

Eg har sagt fleire gonger at for meg er dyrka jorda nærast heilag grunn, skriv landbruks- og matminister Olaug Bollestad. (Foto: Lars Olav Haug)
Eg har sagt fleire gonger at for meg er dyrka jorda nærast heilag grunn, skriv landbruks- og matminister Olaug Bollestad. (Foto: Lars Olav Haug)

Med grunnlag i oppslag i Nationen har Bondebladet eit oppslag 14. januar om at eg er taus om kva som vil bli gjort med opsjonsavtalar på jordbruksjord. Det er eg ikkje, Nationen har fått svar i fleire omgangar.

Eg har sagt fleire gonger at for meg er dyrkajorda nærast heilag grunn. Respekten for matjorda sit djupt i meg. Den er vår viktigste ressurs og kapital. 95 prosent av matproduksjonen i verda kjem frå landareala. Jorda er også ein viktig del av klimaløysinga. Saman med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har eg nettopp sendt brev til alle landets kommunar og fylkeskommunar om verdien av å ivareta jordvern og berekraftsmåla i kommunane si arealplanlegging.

Derfor er jordvern er ei særleg viktig sak for KrF. I gjeldande jordvernstrategi er målet å redusere den årlege nedbyggjinga av dyrka jord til under 4 000 dekar per år. Dei tre siste åra har vi har nådd dette målet og bygd ned mindre enn 4 000 dekar. Dette er i samsvar med Granavolden-plattformen, der det er slått fast at Stortingets vedtatte jordvernmål skal oppfyllast.

Annonse

Deretter vil regjeringa vurdere eit nytt måltall for nedbyggjing av dyrka jord. Dette vil bli gjort når regjeringa i løpet av våren 2021 skal oppdatere jordvernstrategien. Då vil også spørsmål om opsjonsavtalar bli vurdert.

Dette har departementet svart Nationen gjennom jule- og nyttårshelga. Nationen har kopla spørsmålet direkte opp mot planane om eit datasenter i Time kommune. Ei slik sak, som framleis er under handsaming i kommunen, kan ikkje eg kommentere. Det har med rollefordeling og respekt for lokaldemokratiet å gjere.

Men eg har også utdjupa mitt syn på jordvern generelt, og kva som er vegen vidare for regjeringa på dette feltet, i eit eige intervju med Nationen tidleg på nyåret.

Neste artikkel

Brudd og sukkertøy med bismak