Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nærare naturen – draum eller vitskap?

Jakob Bjerkem, tidlegare leiar i Oikos økologisk Norge. (Arkivfoto)

Det er alltid nyttig å få høyre kva tankar som rører seg ved tunge forsking- og universitetsinstitusjonar. Det seier noko om kor tyngda av forskinga ligg, og kor dei store miljøa ønsker å vise oss vegen. Det er derfor interessant å lese i Bondebladet 5. sep. 2019. Her får vi sjå kva tankar professor Birger Svihus ved NMBU gjer seg rundt Dag Jørund Lønning, rektor ved HBL. Lønning har tydeleg fronta den massive endringa som er i ferd med å skje verda rundt, når det gjeld viktige spørsmål og betydningen av mikrolivet både i havet, jordskorpa og i magen/tarmen.

I 2014 sa Sissel Rogne til NRK P2, undere ei oppsummering av året som gjekk, at ho valgte å framheve forskinga rundt mikrolivet i tarmen. Rogne var då direktør i Bioteknologirådet og er no direktør ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Rogne meinte dette var viktig forsking som endra synet vårt på både mat og kropp. Dette viste seg å vera rett, for i løpet av 2013 endra sakte, men sikkert samtaleemnet seg rundt kafferom på sjukehus og forskingskantiner, til at folk byrja å lese «Sjarmen med tarmen». Brått forstod alle at det er det du tilfører kroppen gjennom munnen, som fôrer mikrolivet i tarmen.

Annonse

I neste omgang er det dette mikrolivet som slår på og av genar, omdannar maten til næring for kroppen, sender signal til hjernen og bestemmer over liv, helse og humør. Med eitt fekk maten mykje større betydning for synet på vekst, utvikling og sjukdom/helse hos mennesket. «Det er berre eit tidsspørsmål før ikkje berre landbruket, men alle matprodusentar kjem til å ta dette inn over seg», sa Sissel Rogne. Vi er mange som føler at denne endringa kom i 2018.

Gradvis vart det på alle naturbruksskular og ved alle NLR-avdelingar stovereint å snakke om vitalisering av jorda, styrking av mikrolivet og samarbeid med livet i jorda. Det er denne utviklinga som Dag Jørund Lønning er vår fremste talsmann for. Med Jordboka I og II prøver Lønning å setje ord på den endringa som er i ferd med å skje i vårt syn på naturen.

I staden for å tolke Lønning inn i denne samanhengen, og sjå at «alt heng saman med alt», og at humaniora og naturvitskap/realfag er to delar av same sak, legg Svihus ut på ei jakt på det han meiner er feil og manglar ved Lønning. Det var eit merkeleg innlegg frå ein professor ved det fremste forskingsmiljøet på landbruk i Noreg. Om Svihus sitt syn representerer stemninga i Ås-miljøet, så lovar ikkje dette godt.

Neste artikkel

Står fortsatt korn ute i Innlandet