Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølkegeita forsvinn frå landbruket

Uro i geitenæringa: Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel, skriv Vidar Sandal. (Foto: Marie Hatlevoll)
Uro i geitenæringa: Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel, skriv Vidar Sandal. (Foto: Marie Hatlevoll)

Vi les fleire gode artiklar i media siste tida som belyser utfordringane for geitmjølksproduksjonen i Norge. Ei næring med berre 260 enkekeltprodusentar igjen i Norge. Vi vert færre for kvart år.

Om denne utviklinga fortset, og fem prosent legg ned kvart år, så er vi 130 produsentar om ti år. Ja, det er faktisk ti år til underteikna legg inn årene.

Gloppen er i ferd med å tømme dalføra med mjølkegeit. I Kandal var det 14 aktive bruk for 30 år sidan. I dag er det tre. Vi opplever at talet på produsentar går ned over. Vi ser at i dalfører med to produsentar forsvinn den eine. Det vert ein enkeltbrukar igjen og denne siste gir signal om at han tel på knappane. Tilsvarande ser vi no i Jølster.

Det sterke produsentmiljøet inn mot Tine sitt anlegg på Byrkjelo er i ferd med å verte pulverisert på geitemjølk. I dag er åtte av ti fjøs tomme for husdyr i Gloppen.

Kor få produsentar er det greitt at vi er, før heile geitmjølksmiljøet vert sett ein svart, tjukk strek over i forhold til produksjon i regi av Tine? Eit konsern som geitenæringa er nøydde for å ha som den sterke drivkrafta. Ein aktør for å hente inn geitemjølka frå produsentane, som i dag er 1000 færre enn då underteikna starta opp for 30 år sidan, og produsere gode produkt.

Ei geitenæring som i dag heng i ein tynn tråd, om ikkje Landbruksdepartementet, landbruksorganisasjonane og Tine stakar ut ein trygg, framtidsretta kurs inn i mot framtida. Næringa må ha rammevilkår for ei produksjonskvote som den aktive bonden eig sjølv, for å kunne planlegge langsiktig.

I dag vert 26 prosent av mjølkekvotane leigde vekk av dei som ikkje vil ha mjølkeproduksjon som yrke. Slik kan ikkje næringa ha det. Mange som sluttar, sel kvotane sine til ein uforsvarleg høg pris for kjøper.

Her må statleg styring sikre ein akseptabel låg pris for bonden som skal leve av produksjonen inn i framtida. Ved sal av mjølkekvote, går 40 prosent av kvotane inn til staten som kvilande kvote, grunna for lite sal av geitmjølksprodukt. Dermed vert samla produksjon lågare inn i framtida. Her sviktar gjennomslagskrafta til Bondelaget i jordbruksforhandlingane.

Annonse

Geitenæringa krev ein stødig aukande produksjon og eit omsetningsledd som gjer at geitmjølksprodukta vert gjort kjende for forbrukar. Kunnskap om ein mildare smak, og sjølvsagt ein rettmessig hylleplass i butikk.

Det er med økonomiske utfordringar i Tine ei forståing at ein ikkje slår om seg med nye produkt no. Det er heilt uakseptabelt å legge ned utforska, etablerte gode framtidsretta ostar. Geitostar som heller bør aukast i volum produksjon.

Næringa krev ein målretta kurs om produksjonsmål, for dermed å auke salet av geitmjølksprodukt. No må vi søke med lupe for å finne butikkar som fører kvite geitostar. Det aukar ikkje salet når butikkane vel vekk geitmjølksprodukt.

Det vert vist til ein eldre brunostgenerasjon som det er i ferd med å verte færre av. Kvite, milde og gode geitostar er framtida, og her vel altså Tine å legge ned produksjonen og satsinga på geitemjølk. Dette er lite målretta og framtidsretta. Konsernet sparar midlar og innovasjonskostnadar på etablerte, gode og kjende produkt, framfor å utvikle og auke salet av den svært gode Balsfjordosten.

Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel. Avstandane vert svært store og argumentet for å legge ned delar av landet vart sist brukt av Tine i utkjøpsordninga i 2001.

Kva produksjonsmål og strategi har Tine eigentleg med produksjonen nærmaste ti åra? Mitt inntrykk er at leiing og administrasjon flyt på mykje faguttrykk, men søkk på målretta nasjonal strategi for geitemjølka. Næringa er i dag nede på 94 prosent av kvoten. Tine forslo i fjor å redusere til 93 prosent, men Landbruksdepartementet sette foten ned.

Kvifor greier ikkje Tine å løfte salet av geitmjølksprodukt, når alt anna går så det grin?

Neste artikkel

Tine tilbyr sekundering fram mot høstetid