Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matkorn og marknadsregulering

Mirakel: Eit overskot av Mirakel etter denne sesongen, er neppe til å unngå. Kanskje vil vi dra med oss så mykje korn at det blir nytt overskot, skriv Sindre Flø. (Foto: Dag Idar Jøsang)
Mirakel: Eit overskot av Mirakel etter denne sesongen, er neppe til å unngå. Kanskje vil vi dra med oss så mykje korn at det blir nytt overskot, skriv Sindre Flø. (Foto: Dag Idar Jøsang)

Sindre Flø, fagsjef marknadsregulering korn i Felleskjøpet

Håkon Tørrestad stiller i Bondebladet 29. april spørsmål til overskotet av norsk matkveite i inneverande sesong.

For det første: Sesongen 2020 var ein god kornsesong, med godt avlingsnivå, høgt proteininnhald og høg andel mat for kveite og rug. Og endeleg har norsk landbruk fått på plass ein kveitesort som gir den sterke bakekvaliteten som har mangla, og som i tillegg er interessant for bøndene å dyrke.

For det andre: Sesongen var så god at vi fekk tilført svært store kvanta av nettopp den nye kveitesorten, Mirakel, som har ekstra sterk proteinkvalitet. Ulike produkt krev ulik kvalitet. Møllene spør difor etter ulike kvalitetar, slik at dei kan sette saman rett mjølkvalitet til rett bruk. Norsk kveitemjøl blir nemleg laga i svært mange ulike variantar, og det trengst innblanding både av sterke og svake glutenkvalitetar i totalblandinga.

Då har det verka negativt at vi denne sesongen fekk for lite av kvalitetar med svak proteinkvalitet, som kunne brukast saman med og styrke bruken av den sterke. I år har ein tilgang på rundt 100 000 tonn av Mirakel skapt utfordringar. Møllene opplyser at det er svake kvalitetar som har blitt importert denne sesongen. Dette illustrerer også at vi bør unngå å omtale kvalitetsinndelinga av norsk kveite som «god» og «dårleg». Det er meir eit spørsmål om riktig kvalitet til riktig bruk.

Annonse

Eit overskot av Mirakel etter denne sesongen, er neppe til å unngå. Kanskje vil vi dra med oss så mykje at det blir nytt overskot. Å omdisponere korn av Mirakel-kvalitet til fôr, meiner marknadsregulator ikkje er aktuelt. Dette er ei vare møllene vil ha bruk for.

Tørrestad grip fatt i ei sak vi har starta arbeidet med — prøvebaking i regi av andre enn møllene. Alt for seint, ifølgje Tørrestad. Då gir han inntrykk av at vi som marknadsregulator ikkje hentar inn noko informasjon om kveitekvalitet frå andre enn bakarane. Dette er feil: Nofima har dei siste ti åra hatt i oppdrag å gjennomføre årlege analysar av alle matkveitesortar dyrka på ulike stader. Resultata av dette har blitt drøfta med Nofima og møllene kvar haust — mellom anna som grunnlag for forslag om kvotar for import.

Sesongen vi er inne i, har gitt stimulansar til å leite etter forbetringar i dette opplegget, inklusive å sjå om eit opplegg for prøvebaking ved Nofima kan gi betre informasjon. Uansett er testbaking noko ein treng tid å utvikle eit opplegg for, dersom det skal gi relevant informasjon. Matmjølmøllene utfører sjølvsagt testbaking for eigen del, frå sesongstart med nytt korn og utover i sesongen.

Over tid er det liten grunn til å vente at det skal lønne seg å satse på importert korn. Importprisen er styrt av prisen på verdsmarknaden og toll som blir lagd på ved import. Landbruksdirektoratet fastset tollnivået slik at norsk og importert vare skal koste det same. Deretter skal kvantumskvotar sette rammene for importen.

Norske kornhandlarar har dei siste åra stimulert til dyrking av kvalitetar som Mirakel og gitt ekstra pristillegg på slike sortar, klasse 1 og 2. Desse tillegga er balansert ut gjennom tilsvarande trekk i pris for andre kvalitetar, typisk haustkveite. Med eit balansert forbruk av norsk matkveite, vil ikkje møllene merke denne prisdifferansen. Denne sesongen har dessverre tilgangen av dei minst betalte kvalitetane svikta, medan tilslaget av kveite med høge tillegg og høg pris har slått til.

Felleskjøpet Agri vil konkludere om vårt råd angåande importkvotar etter den siste sesongprognosen 11. mai. Vårt oppdrag er å legge til rette for bruk av alt norskprodusert korn.

Norsk kornproduksjon og -foredling må gjennom eit par krevjande sesongar som vi håper skal vere ein overgang. Deretter bør grunnlaget vere lagt for år med betre grunnlag for høg norskandel. Med det nye norske korn-Mirakel i front.

Neste artikkel

– Framtidens kornhåndtering må skje der kornet dyrkes