Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan nokon gripe inn? For geita!

Tine betalar for at geitemjølk blir kasta lokalt for å effektivisere henteordninga nasjonalt. Er det slikt jordbruk vi vil ha? Neppe. Foto: Marie Hatlevoll
Tine betalar for at geitemjølk blir kasta lokalt for å effektivisere henteordninga nasjonalt. Er det slikt jordbruk vi vil ha? Neppe. Foto: Marie Hatlevoll

Vi ser det støtt: Nedskjering, omstilling og effektivisering. Bedriftsøkonomi mot samfunnsøkonomi. Miljøinteresser mot arbeidsplassar og lokal økonomi. Det som er fornuftig for ‘det store vi’ kontra fornuftig for enkeltverksemder. Osv. Nok ein gong er det geita som får svi. Det vil seie, geitemjølksbonden som ikkje ville omstille seg … i Tine sitt tempo. Ei forstemmande sak å lese i Bondebladet 4. november.

Okei, Jordbruksoppgjeret 2004 vedtok omstilling av geitemjølksproduksjon i utvalde område. Bondeparet som er presentert i avisa, mottok 4. september i år brev med frist til 1. oktober på å avslutte mjølkeleveringa via Tine. Korleis kan ein samfunnsaktør som Tine handle så useriøst? Kommunikasjonssjefen svarar etter beste evne. Eg lar spørsmålet liggje, men les vidare at mjølka som Tine vil slutte å hente, allereie i mange år har gått til dyrefôr (!). Tine kallar det ‘råvarereserve.’ No får bonden betalt for å kaste mjølka fordi Tine ikkje ser seg mon i å investere i ny spesialbil som kan hente.

Slik held vi på i vårt grisgrendte land sjølv om våre folkevalde i Stortinget har vedtatt at vi skal ha jordbruk i heile landet. Eg vil tru prinsippet også er nedfelt i Tine sitt samfunnsansvar. Men kven skal sørge for at prinsippvedtak blir omsette til handling? Handling som enkelte gonger kostar, og derfor krev prioritering som samsvarer med målsettinga. Kven skal sikre at Noreg over tid ikkje blir strippa for bønder i grisgrendte strok? Ofte blir geitemjølksbøndene ramma. Bønder som held på med småfe som sau og geit fordi dyra passar med lokal topografi, klima og ressurstilgang. Geitemjølk verkar å ha fått stempel ‘for spesielt interesserte.’

Annonse

Sjølv er eg ein forbrukar som set stor pris på geitost – og på mangfaldet av geitemjølksostar som faktisk finst der ute – trass i manglande bidrag frå Tine. Sjølv om vi i ‘geitostklubben’ kanskje ikkje utgjer ‘massemarknaden,’ er eg sikker på at vi kunne vore langt fleire. Mange treng berre tips og råd om bruk. Eller dei treng forteljinga om kva for eit fantastisk dyr geita er – som livnærer seg på fôr som veks lokalt, i låglandet og til fjells, som gir oss smaksrik mjølk og ditto ostar og innimellom kjøt til eit realt festmåltid.

For å nå ut, treng forteljinga Tine si gjennomslagskraft. La oss få sjå Norvegia-volum i marknadsføring av Kvitlin og Snøfrisk med kantarell eller raudlauk. For kor blei dei eigentleg av? Forsvann dei saman med Balsfjord-osten? Vi såg dei annonsert ei tid, fekk tak i dei nokre gonger, til og med på Rema, men med unntak av Snøfrisk naturell, verkar dei andre å leve eit stille liv i enkelte spesialost-diskar. Viss dei lever i det heile tatt, da? Og dette trass i at geitostar eignar seg til veldig mykje anna enn pålegg. Snøfrisk med kantarell i viltsausen?! Eg berre seier det …

La oss sjå Tine leggje breisida til i å produsere og marknadsføre kvite og brune geitostar med opphav frå forskjellige stader i Noreg. Gjennom forteljingar med lokalt tilsnitt, bør det vere mogleg å hente ut differensierte prisar – og slik gjere produksjonen meir lønsam enn i dag. Kanskje ikkje med ein gong, men Tine: prøv da! La oss sjå feite annonsar i D2 og kjende profilar nyte geitostar med ulik bakgrunn og smakskarakter. Ikkje la det bli med forsiktige forsøk, gi det tid – og kapital. Det fortener geitene, mjølka deira, bøndene – og forbrukarane.

Neste artikkel

Med Tine-bilen mot Folgefonna