Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grip sjansen, statsråd Bollestad

Støttar bøndene: Åtte av ti ordførarar har skjønt teikninga og sagt at dei støttar kravet til bøndene, skriv Arne Sandnes. (Foto: Anders Sandbu)
Støttar bøndene: Åtte av ti ordførarar har skjønt teikninga og sagt at dei støttar kravet til bøndene, skriv Arne Sandnes. (Foto: Anders Sandbu)

Som landbruksminister er du staten sin fremste våpendragar i forhandlingane med bøndene om jordbruksavtalen. Ein avtale som handlar om arbeidsvilkår og inntektsmoglegheiter for ei yrkesgruppe. Som handlar om lagnaden til dei såkalla «fellesgoda som modernæringa leverer i tillegg til mat og næringsmiddel». Nyleg presenterte du staten sitt tilbod for avtaleåret 2022. Det var ein pakke som både gardbrukarar og folk flest oppfatta som eit skambod og ein direkte hån mot bøndene.

Hån mot ei yrkesgruppe som arbeider 24/7 og nesten 50 helger i året. Hån mot dei som møter på arbeidsplassen i høgtider når andre tek fri og dreg på hytta. Hån mot dei som står på for å kunne produsere «verdas viktigaste vare» – maten du og eg treng kvar einaste dag. Kortreist mat til og med. Ein hån mot dei som leverer «fellesgoda» som t.d. kulturlandskap, biologisk mangfald, beredskap og kulturminnevern. Ein hån mot dei som gjer at det bur folk i heile landet.

Takka dei får er tilbod om ei luseløn som luktar sosial dumping, der timeprisen ligg under tariffesta minsteløn for ufaglærte sesongarbeidarar frå utlandet. På toppen presterer du å uttrykkje skuffelse – til og med på bonden sine vegne – for at næringa ikkje ville krype til forhandlingsbordet. Det er deg sjølv du bør vere skuffa over – ikkje berre skuffa, men skamfull!

Inntrykket folk sit att med er, at ditt parti KrF, har segla under falskt flagg. Med løfter og festtaler har KrF i årevis profilert seg som «Bondens beste ven». Mange har trudd på dykk, meg sjølv inkludert. Heilt til du slapp katta ut av sekken og viste at KrF ikkje er til å stole på likevel. Med deg som faneberar i Landbruksdepartementet, hadde KrF no ein gyllen moglegheit til å demonstrere rettferd og solidaritet med ei yrkesgruppe som har sakka meir og meir akterut i løn og velstandsutvikling jamført med andre. Den sjansen greip du ikkje! Du viste verken kraft eller mot. Verst av alt er at du handla mot betre vitande. Det er feigt og særdeles klanderverdig å sparke nokon som alt ligg nede. Dessutan ligg det himmelvidt unna det som eg har oppfatta er ideologien til KrF.

Annonse

Med di skamlause handtering av denne saka, har du skapt eit inntrykk av at jordbruksforhandlingane er ein selskapsleik. Ein leik med tal og med menneskelagnader. Ein leik som for tusenvis av familiar er dødsens alvor. Eit spørsmål om å vere eller ikkje vere. Eit spørsmål om korleis dette landet skal sjå ut i framtida. Eit spørsmål om Noreg berre skal bli ein brattare og våtare versjon av attgrodde svenske skogsbygder. Mange er fortvila og stemplar handlemåten dykkar som hyklersk. Fleire har sagt at dei har større respekt for «bondehataren» Trygve Hegnar enn for dagens landbruksminister. Hegnar er ærleg på at han ønskjer bøndene dit peparen gror. Han slåst med blanke våpen. Vi veit at han er ulven, men han opptrer ikkje i fåreklær.

Som statsråd og representant for KrF, har du gjort partiet ditt ei bjørneteneste. Det kan til og med vise seg å bli eit banesår som sender KrF hovudstups ut av stortinget. I så fall har du som landbruksminister skrive deg inn i historiebøkene med gravskrift. Men alt håp er ikkje ute. Du får ein NY sjanse til å berge ettermælet til deg og partiet. Den sjansen kjem når jordbruksavtalen skal handsamast i stortinget. Sjansen ligg i at du legg deg flat, er audmjuk og ber om tilgiving for kongeblunderen. I tillegg må du få regjeringa med på ei skikkeleg påplussing, dvs. min. 1 milliard kroner, i staten sitt tilbod. Viss Erna ikkje vil godta dette, bør du trekke deg som landbruksminister. Då viser du at du tek ansvar. Då viser du solidaritet. Då yt du rettferd. Då demonstrerer du at du er heil ved. Då skal sjølv eg love å gi KrF mi stemme i haust – endå om eg høyrer til i eit anna parti. Mange andre trur eg vil gjer det same. Det kan løfte KrF over sperregrensa og deg ut av skammekroken.

Denne gongen må vi alle legge partitaktiske omsyn til side og løfte i flokk. Dette er ikkje tida for å ri kjepphestar eller for å leite etter syndebukkar. Tampen brenn for modernæringa som er heile nasjonen sin livsnerve. Åtte av ti ordførarar har skjønt teikninga og sagt at dei støttar kravet til bøndene.

Neste artikkel

Sp mener Bollestad burde gjort mer for veterinærdekningen