Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

God økonomi for bonden er nødvendig for sterkt jordvern

Klar melding til Borch: Dersom norsk landbruk skal overleva, må det snarast gjevast kostnadskompensasjon til alle bruksgrupper i alle område. (Foto: Marie Hatlevoll)
Klar melding til Borch: Dersom norsk landbruk skal overleva, må det snarast gjevast kostnadskompensasjon til alle bruksgrupper i alle område. (Foto: Marie Hatlevoll)

Vern av dyrka og dyrkbar jord er ikkje, og skal ikkje vera, ei bondesak. Det der ei samfunnssak. Det kjem også klart fram i debattinnlegget frå Landbruks- og matminister Sandra Borch i Bondebladet nr. 16 i år av 21. april. I same bladet er det uvanleg mykje godt stoff som direkte og indirekte omhandlar jordvern.

Debattinnlegget frå Borch er sterkt, og det er sterkt at ho og kommunal- og distriktsministeren nå har sendt eit brev til alle kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar med klar melding om at jordvern skal ha høgare prioritet i framtida, og skal vera eit overordna omsyn i all arealplanlegging. Omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord skal ned.

Det er også sterkt å lesa alle meldingane frå ulike organisasjonar og enkeltbønder om den økonomiske stoda i landbruksnæringa. Dersom det ikkje raskt kjem på bordet kompensasjon for den enorme kostnadsauken i næringa, og eit tilbod i jordbruksoppgjeret som gir ein betydeleg inntektsvekst, blir konsekvensane skremmande. Mange bønder må gi opp anten dei vil eller ikkje, og resten vil slita.

Den sterkaste saka i nemnde Bondebladet er likevel den om det fantastiske bondeparet i Time, Anne Frøyland Grødem og mannen Tor Bjarte Grødem. Dei har begge for mange år sidan overteke familiegardane sine. Gardane ligg ni km frå kvarandre, men blir drivne saman. I år fekk dei Landbrukets heiderspris i Rogaland, først og fremst for sin innsats for jordvernet.

I fjor fekk Anne Jordvernprisen for 2021 frå Jordvernforeningen i Rogaland, etter at ho sa nei til eit tilbod om å selja sin familiegard til industriføremål for 150 mill. kroner. Samstundes fronta ho jordvernsaka på sterkt vis. Les saka her:

Anne legg ikkje skjul på at kampen for jordvernet har kosta både tid og krefter og har vore ei belastning. Men likevel verd å kjempa. Fantastisk at slike folk finst. Det er bare så urimeleg at det er bønder som skal kjempa denne kampen, jf. Sandra Borch sitt innlegg.

I saka om dei to Time-bøndene uttaler Tor Bjarte: « … der folk drev hver sin gard selv tidligere, er det nesten bare leiejord rundt oss nå. Vi ser at mange av grunneierne som ikke driver jorda selv er veldig ivrige på å selge til utbygging».

Her er han inne på heilt sentrale utfordringar når det gjeld jordvern. Det er liten tvil om at god drift og bønder som vil halda fram med å driva garden, er svært viktig for å unngå nedbygginga av god jord. Ofte ligg jorda i pressområda i beste enden på kvalitetsskalaen. Bruka er her også ofte mindre enn dei ein finn lengre frå tettstadene. Og det er lettare å få seg jobb utanom bruket når ein bur nær ein by eller tettstad.

Då står me ved noko som knapt kan diskuterast. God økonomi i jordbruket vil gjera at fleire som eig jorda, vil driva ho, og prioriterer dette framfor sal.

Gjennom mange år nå har ein prioritert distriktsjordbruket framfor jordbruket i sentrale strok. Og det har vore sterke strukturdrivande tiltak. Det kan ein meina mykje om, men det rokkar ikkje ved den konklusjonen som nå kjem:

Sandra Borch, Sigbjørn Gjelsvik, og ta gjerne med finansminister Trygve Slagsvold Vedum også: Dersom norsk landbruk skal overleva, må det snarast gjevast kostnadskompensasjon til alle bruksgrupper i alle område. Og ein jordbruksavtale som gir alle ein inntektsvekst som dette året blir vesentleg betre enn for andre grupper.

Dersom de verkeleg meiner noko med sterkare vekt på jordvern, må i tillegg til ei tett oppfølging av kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar avtalepartane koma fram til ordningar som gjer at små og mellomstore bruk i sentrale område blir lønsame og drivverdige att. Det beste jordvernet ligg i god drift frå interesserte og dyktige bønder.

Neste artikkel

Tettingen av inntektsgapet starter i år