Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellingsprosenten på hjort må opp

Hjorten finn raskt ut kvar den beste maten er. Grunneigarar må bli flinkare til å samarbeide, slik at hjorten kan bli skoten der hjorten er, skriv Olav Myhr. Foto: Vidar Nilsen
Hjorten finn raskt ut kvar den beste maten er. Grunneigarar må bli flinkare til å samarbeide, slik at hjorten kan bli skoten der hjorten er, skriv Olav Myhr. Foto: Vidar Nilsen

Skal ein få ein varig reduksjon av hjortebestanden, må avskytinga av unge dyr og koller aukast monaleg dei komande 2–3 åra. Kvotefri avskyting av hjortekalv er eitt av mange tiltak som må til. Eitt år med auka avskyting vil ikkje vere tilstrekkeleg. Grunneigarane må også bli flinkare til å samarbeide, slik at hjorten kan bli skoten der hjorten er.

Vi må bli rausare til å vere opne for å hjelpast åt på tvers, i den store jobben det er å fylle kvotane i alle vald. I tillegg må vi opne opp jakta for nye generasjonar, slik at vi sikrar rekrutteringa til fleire jegerar. Dette er eit ansvar som kviler på oss som grunneigarar, men også interesseorganisasjonane og kommunane.

Hjorten må ha mat både vinter og sommar, og den tek for seg av graset på dyrka mark. Mange bønder opplever at avlinga er redusert og kvaliteten er sterkt forringa grunna at hjorten beiter av toppane og skit i enga. Særleg vert dei dyktige bøndene som snur jorda ofte råka. Hjorten finn raskt ut kvar den beste maten er. Interessemotsetningane kan vere store i dei ulike bygdelaga.

Nokre grunneigarar ynskjer meir hjort, anten for å ha fleire dyr å jakte på eller for å sikre at leigejegerane får skyte dyra dei har betalt for. Andre grunneigarar i same bygda driv aktivt landbruk, og har som mål å dyrke mest mogleg grovfôr av høg kvalitet på innmarka. Andre ynskjer å produsere tømmer av god kvalitet. Noko som også er vanskeleg når hjortebestanden er for stor. Den altfor høge hjortebestanden medfører i sum eit uakseptabelt høgt økonomisk tap for grunneigarar som er aktive bønder.

Annonse

Det einaste realistiske tiltaket er å redusere hjortebestanden vesentleg. Då har vi ein stor jobb å gjere. Det gjer seg ikkje sjølv å felle kring 30 000 hjort i Vestland dei komande fire månadene.

Det er ein krevjande og stor jobb, men også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar. Å forvalte det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt. Samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange. Til sist vil eg ynskje alle ei god og sikker jakt.

Neste artikkel

Slipper fengsel etter ulovlig elgjakt