Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Feil av Bollestad og Skogan

For regjeringa må jo heile denne saka, med avikling av næringa,  erstatninga og ikkje minst handsaming av oss, vere ei stor skam, skriv Normann Grimen. (Arkivfoto)
For regjeringa må jo heile denne saka, med avikling av næringa, erstatninga og ikkje minst handsaming av oss, vere ei stor skam, skriv Normann Grimen. (Arkivfoto)

Normann Grimen, Gulen

I Bondebladet nr. 30 prøver politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet å ta æra for at pelsdyrnæringa sine folk vert erstatta fullt ut. Det er feil, Olaug Bollestad og Widar Skogan.

At det å leggje ned pelsdyrnæringa var vanskeleg for KrF, får bli dykkar sak, men de valde å gjere det på tross av at de året før gjekk inn for det motsette. De valde å ofre ei næring for makt. Å opptre slik er ein god måte å bryte ned tilliten til politikarane.

I Stortinget i juni 2019 sa statsråd Olaug Bollestad at vi skulle få kompensert det vi ikkje hadde fått skrive av. Då forskrifta om kompensasjon vart lagt fram, fekk regjeringa massiv kritikk frå faglaga i landbruket og opposisjonen på Stortinget. Det vart ikkje mykje betre etter høyringsrunden heller.

Det forslaget som vart lagt fram frå regjeringa 11. februar i 2020, var frå ei regjering med pistolen i nakken. Visst det «dokument 8-forslaget», som var reist frå Geir Pollestad og andre politikarar frå Sp hadde vorte vedteke, ville det vere å tolke som mistillit. Det forstod de, og bøygde av etter forhandlingar med Frp i siste liten.

Då lovforslaget kom tilbake til Stortinget/næringskomiteen var det ikkje i samsvar med det som var vedteke 11. februar i 2020.

Annonse

I juni vart regjeringspartia bortimot hudfletta i Stortinget, og opposisjonen sitt framlegg fekk fleirtal. Til og med ein frå Høgre stemde for det. Han ville vere på rette sida når historia skulle skrivast, sa han

For regjeringa må jo heile denne saka, med avikling av næringa, erstatninga og ikkje minst handsaming av oss, vere ei stor skam. Og – ikkje minst, ei handsaming som må skremme livet av andre i dette landet som eig noke.

Så Olaug Bollestad og Widar Skogan, ikkje prøv dykk. Det rette er å sei at på tross av regjeringa, ser det ut til at vi som har drive i pelsdyrnæringa skal få ei rettferdig erstatning. Altså kan vi sei at det er på tross av, og ikkje på grunn av. Snart er det eit nytt stortingsvalg. Vi skal ikkje sjå bort frå at fleire enn oss i pelsdyrnæringa har regjeringspartias handsaming av pelsdyrsaka i mente, når vi skal plukke fram stemmesetelen i september.

Neste artikkel

Borch: – Ikke gjort egne vurderinger