Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit rop om hjelp

Snart mai: – Vi ser med lengsel fram mot mai og jordbruksforhandlingane. Det er det einaste som gjer at eg får sove om natta, skriv Silje Åsnes Skarstein. (Foto: Privat)
Snart mai: – Vi ser med lengsel fram mot mai og jordbruksforhandlingane. Det er det einaste som gjer at eg får sove om natta, skriv Silje Åsnes Skarstein. (Foto: Privat)

Det er krig midt i Europas kornlager. Det vert åtvara om mangel på matvarer, vi ser kor sårbare vi er med hensyn til mat, stål, olje, energi og gjødsel. Prisane skyt i været, bøndene i Norge kneler under skyhøge kostnadar og mange tel no på knappane om dei har råd til å fortsette å produsere mat.

Så les ein i avisa der næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) roar med at denne krisa ikkje er eit problem her i Noreg. Vi kjøper jo ikkje korn av Ukraina eller Russland. I tillegg har matvarekjedene våre alltid rikeleg med tilgang på mat, og vi har norske bønder som produserer mat med eit smil og aldri sviktar.

Kva i alle dagar er det som sviv rundt oppi hovudet på Vestre? Lever han i eit parallelt univers? Trur han at all maten vi treng alltid kjem til å vere tilgjengeleg for import, at vi bønder vil stå parat til å produsere, same kva det kostar, at matvarekjedene har eit magisk lager der dei hentar maten ifrå?

Vi lever no i ei verd der vi er ein missil på avvegar frå å få fullskala krig i Europa. Vi forventar dataangrep. Vi er ekstremt sårbare, og det skal så ufatteleg lite til før vi ikkje kan få alt vi treng levert på døra til riktig tid. Just-in-time -mentaliteten er tydelegvis så inngrodd i maktsystemet vårt at ikkje eigang ein krig, skyhøge kostnadar og åtvaringar om matmangel er nok til å snu den tankegangen.

Eg merkar meg og at statsministeren ivrar etter å gi pengar til det norske forsvaret, kjempebra! Og det meiner eg, det er berre det at når vi ikkje får tak i mat og norske bønder har lagt ned, så hjelp ikkje all verdas forsvar. Som generalløytnant Robert Mood sa det i Bondebladet, utan mat og drikke duger helten ikkje.

Eg kjenner det kokar inni meg om dagen, ikkje av sinne, men av fortviling og frustrasjon. Eg forstår ikkje med min beste vilje korleis vi skal greie å halde fram med å produsere mat, når kostnadane har reist ifrå evna vår til å betale.

Men det eg forstår endå mindre av er korleis det er mogleg at ingen av dei som sit på pengesekken ikkje evnar/vil ta inn over seg situasjonen. Det verkar som at dei trur at vi, norske bønder, produserer mat uansett korleis vi blir behandla, eller kor lite pengar vi får.

Det kan hende at dette har stemt fram til no, men nett no er vi mange som ikkje greier det lenger. Skal dei med makta verkeleg få halde fram med å leve i bobla om at mat kjem frå saruptas krukke, så er eg redd vi vil bli svoltne eller feilernærte om kort tid.

Vi ser med lengsel fram mot mai og jordbruksforhandlingane. Det er det einaste som gjer at eg får sove om natta, det og at eg trass alt ikkje har mista trua på at sunn fornuft vil sigre og at vi vil få eit ekstraordinært oppgjer. For om vi ikkje får det så veit eg korleis det vil gå med norsk landbruk framover. Veit dei med makta det?

Men også her har politikarane synt lite forståing, og det som skremmer meg mest er når Frp er frampå og frir til bøndene, medan Sp sit stille i båten og skuldar på at systema gjer det umogleg å gi ekstra hjelpepakkar. Då må eg gå ei ekstra runde i fjøsen, realitetsorientere meg og få litt trøyst. For eg har ikkje fortalt kyrne kor usikker framtida er. Dei skal ikkje måtte bekymre seg for det, dei skal få leve lykkelege i nuet som dei alltid gjer. Så får heller eg gjere mitt beste for å få banka fornuft inn i dei med pengesekken. Korleis eg skal greie det veit eg ikkje, men eg håpar mitt vesle skrik om hjelp vert sett og kanskje startar ein tankeprosess. Som sagt, eg er framleis litt optimistisk.

Men berre slik at det er heilt klart, det er ikkje oss bønder det er synd på, det er ikkje mest for vår del at eg uroar meg. Vi kan lage både brød, poteter, melk, kjøtt og grønsaker til familiane våre. Bønder er også ettertrakta arbeidskraft, så vi kjem til å greie oss. Då er det verre for alle politikarane på Stortinget som då må leve av luft og fleire tomme løfter.

Eg håpar Ukraina vinn krigen, at prisane går ned att og at matmangel atter ein gang vert ein fjern tanke. Men fram til det skjer må vi få mykje meir betalt for det vi produserer og kompensasjon for prisveksten på alle varer vi treng for å kunne halde fram med å lage trygg norsk mat, til både naboar og politikarar på løvebakken. Det einaste vi vil er å lage mat og skape eit levande Noreg.

Neste artikkel

Vestland gir ti millionar til lausdriftsfjøs