Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ei stor skam med ulven

Det er stor skam å innføra ulv att, når Sverige og Noreg i 1850-åra fekk i gang jakt med skotpremie for kvar felt ulv og bjørn, skriv Ola Tronsmoen. (Foto: Shutterstock)
Det er stor skam å innføra ulv att, når Sverige og Noreg i 1850-åra fekk i gang jakt med skotpremie for kvar felt ulv og bjørn, skriv Ola Tronsmoen. (Foto: Shutterstock)

I Arbeidets Rett 16. desember har Arnold Håpnes i Naturvernforbundet fortalt at det blir heilt feil «bare å vektlegge bestandsmålet som premiss i ulveforvaltningen». Håpnes tenkjer vidare på «vandringsulven» som vart skoten med daktaripil og flytta til Kongsvinger-området frå Engerdal.

Avstanden er bare ein dagsmarsj for ein ulv. Så han kunne nok orientere seg attende. Dermed auka bestanden, og gensikringa og innvandraren er framleis usikra. Ute i det fri er denne ulven eit prosjekt for auke i bestanden, når han finn seg ein make. Men han kan like godt vesta ein «lisensulv» og dermed ute av ulvehistoria.

Det syner seg at forvaltninga har lite å rutte med når det gjeld vernetankar. Ikkje ein gong Naturvernforbundet fylgjer med, enda me no har 40 års røynsle med ulveforvaltning. Langedrag kunne vera ein plass for innvandrararulv. Men nei, i innhegn kan dei ikkje ha han.

Annonse

I Sverige lir dei av same tafatte vanskar. Fem JRF-distrikt tok saka opp og sende brev til blant anna miljøministeren, jordbruksministeren og rovdyrutredaren Åke Petterson. Dei fem understrekar i brevet: «Omprøva rovdjursbeslutet från 2001 vad gäller varg. Konsekvensane av det rovdjurspolitiska beslut från 2001 har forårsaka ett stort inngrep i många menniskors liv og livstil! Vargar ska bara finnas i innägnader!»

Det er særleg viktig at ulveforvaltninga tek slike tankar til etterretning. No ser det ut til at Naturvernforbundet, WWF og ymse tilhengarar har ein løynd tanke med fredinga; At rovdyrtrykket skal bli så svært at folk gir opp naturbasert bruk av areal som gjennom fleire århundrar har gjeve livsgrunnlag i bygdene. Tenk over det! Det er stor skam å innføra ulv att, når Sverige og Noreg i 1850-åra fekk i gang jakt med skotpremie for kvar felt ulv og bjørn.

Dette gjorde store område rovdyrfrie – til stor glede for alt folket. Dei visste vel kva rovdyr var, og dei skadane dyr som vart angripne levde med til dei døydde smertefullt. Her må ein appellera til dei som kallar seg Dyrevernalliansen, om dei kan stoppa dette. Ulv og store rovdyr må ut av markane.

Neste artikkel

Hundar er ikkje alltid snille