Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bonden treng ei inntektspakke

Den utviklinga vi ser i norsk jordbruk gjev grunn til sterk uro for framtida, skriv Sverre Bakke. Bildet er frå Rauland. (Foto: Karl Erik Berge)
Den utviklinga vi ser i norsk jordbruk gjev grunn til sterk uro for framtida, skriv Sverre Bakke. Bildet er frå Rauland. (Foto: Karl Erik Berge)

Sverre Bakke, leiar i Vinje og Tokke bondelag

Den utviklinga vi ser i norsk jordbruk gjev grunn til sterk uro for framtida. I mars i år kom tala frå den siste landbruksteljinga frå SSB. Ein gjer ei slik teljing kvart tiande år. Eg tek med nokon trekk som gjev grunn til uro:

Antall jordbruksverksemder 38 846 - 9,2 %

Gjennomsnittleg inntekt for bonden (all inntekt) 711 200 18,1 %

Herav inntekt frå jordbruket 201 300 28 % av 711 200

Inntekt utanom bruket 509 900 72 %

Auka gjeld 16,9 %

Eg kunne og teke med at tal på mjølkebønder har gått ned frå 21 000 i 1999 til 7 000 i 2019, og at desse 7 000 produserer same mengde mjølk. Nedgangen her vi akselerere fram mot kravet om lausdrift i 2034.

I dag må ein bonde investere kanskje 5 millionar kroner for å få seg eit nytt fjøs til ammekyr og fort vekk 10 mill. om bonden vil imøtekoma kravet om lausdrift som kjem i 2034.

Det er vel å bra å få eit stort tilskot. I dag er det 33 prosent frå innovasjon Norge om dei godkjenner planane til bonden. Bonden sit no med eit nytt fjøs og ei timegodtgjering for arbeid og innsett kapital på om lag 100 kroner pr. time. Det betyr at bonden, ved å investere, må skaffe seg inntekter utanom bruket for å betjene den gjelda han/ho har sett seg i for å bidra til norsk matproduksjon.

Annonse

Ved eigarskifte i landbruket ser ein at foreldra må sitja ned prisen på garden med 50—60 prosent, dersom neste generasjon skal kunne leva av garden. Norsk jordbruk og matproduksjon kan ikkje over tid leva med ei slik utvikling. Kva er så løysinga på dette? Det er mange ting som må endrast, men eit hovudprinsipp i ei endring er:

Talmaterialet som er grunnlaget for oppgjera må endrast.

Det må skiljast mellom godtgjering for arbeid og godtgjering for kapital.

Alle utgifter som leige av jord og kvote må med på utgiftssida.

Jordbruksfrådrag er ikkje ei inntekt for bonden like lite som minstefrådrag er det for lønsmottakaren.

Så må det gjerast ei loftsrydding i regelverket for kvoteleige og ulike tak på produksjonar.

Det vi ser er at verda har gått vidare og grunnlaget for bonden si inntektsvurdering har stått stille sidan fyrst på 1990-talet. Det er 30 år og svært mykje har endra seg i drifta til bonden, og i samfunnet vårt, sidan den tid.

Våren er tida for loftsrydding!

Neste artikkel

Vi må bry oss om både bonde og fjøs