Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norges største kompetansesenter for landbruk etablert

Ni kunnskapsinstitusjonar i Rogaland har gått saman om å etablera selskapet Rogaland Landbrukspark SA, som vert Norges største kompetansesenter for landbruk.

Eit framtidig berekraftig og konkurransedyktig landbruk må tuftast på eit oppdatert rådgjevingsapparat, forskingsbasert kunnskap og gode kanalar for kunnskapsformidling til bønder, forvalting og relevant næringsliv.

Ni kunnskapsinstitusjonar i Rogaland har med dette utgangspunktet gått saman om å etablera selskapet Rogaland Landbrukspark SA, som vert Norges største kompetansesenter for landbruk.

Kunnskapsparken er fysisk lokalisert til Særheim i Klepp kommune på Jæren, og utgjer samla nærare 150 kunnskapsarbeidsplassar. Rogaland Landbrukspark ynskjer å vera ein sentral medspelar i den vidare utviklinga av landbruket og bygdenæringane både i Rogaland og i resten av landet.

Åtte aktørar er medeigarar per januar 2012: Tine SA, Norsk Landbruksrådgivning Rogaland, Høgskulen for landbruk og bygdenæringar BA, Geno, Veksthusringen, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Øksnevad vidaregåande skule og Klepp Rekneskapslag.

I tillegg er det laga ein intensjonsavtale med Bioforsk om å bli medeigar i løpet av 2012.

I forretningsplanen for Rogaland Landbrukspark er auka konkurransekraft for landbruket gjort til ei overordna målsetjing. Forretningsplanen definerer fire sentrale kompetansefelt for parken:

Annonse

- Bioøkonomi (grovfôr, veksthusproduksjon, grønt miljø, natur og næring).

- Miljøutfordringar i landbruket (husdyrgjødsel og spreieareal, klimagassar).

- Landskap og areal (landbruket som landskapsprodusent, landskap og kulturpleie, samspel og konflikt - landbruk, industri og anna næringsliv, naturen som verdiskapar).

- Innovasjon og entreprenørskap (innovasjon i landbruket, nye næringar i landbruket, bygdeutvikling).

Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar, dr. philos Dag Jørund Lønning, er valt til styreleiar for Rogaland Landbrukspark SA. Nestleiar i styret er Helga Hellesø, dagleg leiar av Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Neste artikkel

Flere leser Bondebladet