Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgskule på Jæren i landstoppen

Bygdene sin eigen høgskule, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) i Klepp på Jæren, har nokre av dei flinkaste studentane i landet og eit av dei aller sterkaste fagmiljøa målt i høve til talet på tilsette.

NOKUT, det nasjonale organet for kvalitet i høgare utdanning, har lansert ein ny portal med kvalitetsindikatorar for dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet. Portalen omfattar 60 institusjonar, mellom anna universitet, statlege høgskular og private høgskular.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Særheim i Klepp kommune på Jæren kjem svært godt ut.

Denne høgskulen har landets flinkaste elevar. Ingen andre høgare utdanningsinstitusjonar har studentar med høgare karaktersnitt på bachelornivå, sett i høve til A- og B-karakterar. Fagmiljøet ved HLB er særs sterkt. Andelen tilsette med førstekompetanse er 78,9 prosent, medan gjennomsnittet i høgskulesektoren er rundt 40 prosent.

HLB ligg også høgare enn fleire av universiteta i landet på dette feltet. Når det gjeld fagleg produksjon, leverte HLB i 2011 1,5 publiseringspoeng per fagleg tilsett. Normalen for høgskulesektoren er 0,4, og for universitetssektoren 1,0. Vesentleg betre enn UMB

Berre to andre høgare utdanningsinstitusjonar i landet har høgare fagleg produksjon per tilsett enn HLB på Jæren. Det Teologiske Menighetsfakultet er nr 1 med 2,1 poeng per tilsett og Fjellhaug Internasjonale Høgskole nr 2 med 1,6 poeng per tilsett. Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling tek altså bronsen med 1,5. Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) har til samanlikning 0,8 publiseringspoeng per tilsett. Mykje arbeids- og livserfaring

Annonse

Rektor Dag Jørund Lønning er særs nøgd: - Me er ein liten og spesialisert høgskule, men tala lyg likevel ikkje. Fagmiljøet vårt rundt bygdeutvikling er landets sterkaste, og me har ei vidare målsetjing om å bli internasjonalt leiande på feltet. Når det gjeld studentane våre, så har dei mykje arbeids- og livserfaring med inn i studiesituasjonen. Dette er med på å skapa eit læringsmiljø som - slik tala vitnar om - få andre høgskular kan levera. Dei gode eksamensresultata våre avspeglar òg denne kvaliteten. Me nyttar mange eksterne sensorar, og tilbakemeldingane frå dei er stort sett eintydige: Me har særs flinke studentar!

Lønning peikar vidare på at utfordringane framleis vil vera mange i den vidare utviklinga av bygdene sin eigen høgskule, men at strategien ein har valt viser seg å verka:

- Vår utviklingsstrategi er forskingsbasert. Gjennom å byggja opp eit fagmiljø beståande av leiande fagpersonar på bygdeutviklingsfeltet, er me med i tevlinga om forskings- og oppdragsmidlar samtidig som me gjev studentane våre forskingsbasert undervisning som held høg kvalitet. Marknadsføringsbudsjettet vårt er mikroskopisk, men det å byggja kvalitet nedanfrå er nok likevel den beste marknadsføringa på sikt. Her vonar me sjølvsagt at dei offentlege kvalitetstala vil vera med og løfta oss vidare, i første omgang fram mot søknadsfristen ved HLB som er 15 mai, seier rektor Dag Jørund Lønning.

Neste artikkel

Flere leser Bondebladet