Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil skjerme dei første 100 tonna

Mjølkevolumet må ned. Men korleis? I ein ny serie spør Bondebladet mjølkebønder rundt om i landet kva dei meiner. Først ut er Peder Nernæs frå Hordaland.

Peder Nernæs er leiar i Hordaland Bondelag. (Foto: Karl Erik Berge)

Det finst vel ikkje ein mjølkebonde i Norge som ikkje har fått det med seg no: Eksportstøtta er snart historie, det same gjeld Jarlsberg-eksporten, og mjølkevolumet må difor ned.

Men korleis mjølkevolumet skal takast ned, det er det derimot ingen som veit enno. Det skal avtalast til hausten.

Årets jordbruksavtale gir føringar: Forholdstalet på disponibel kvote skal ned, og det blir oppkjøp av mjølkekvotar, betalt av omsetningsavgifta for mjølk.

Men innanfor denne ramma reiser det seg ein del spørsmål. Spørsmål Bondelaget vil at mjølkebøndene skal vere med og drøfte.

Difor har dei laga eit notat som i disse dagar vert sendt ut til alle fylkeslaga. Der forklarer dei ulike problemstillingane, og ber om innspel innan 22. august. Det vert opp til fylkeslaga å involvere sine lokallag i prosessen, fortel Bondelaget sentralt.

Utfordrar mjølkebønder

Fram mot innspelsfristen vil Bondebladet i kvart nummer utfordre ein mjølkebonde til å svare på korleis nedskaleringa bør skje.

Spørsmåla står i faktaboksen.

Aktuelle problemstillingar

Kor stort volum bør nedskalerast?

Kor mykje av nedskaleringa bør takast med forholdstal?

Kor mykje av nedskaleringa bør takast med utkjøpsordning?

Kor stor bør andelen ein må selje til staten, vere ved ei utkjøpsordning?

Kor høg pris bør ein setje ved ei utkjøpsordning?

Skal ein ha differensierte statlege utkjøpsprisar mellom kvoteregionar?

Skal ein setje tak på kor store volum som kan seljast i kvar kvoteregion?

Skal ein differensiere redusert forholdstal mellom produsentar? Skal ein skjerme nokre produsentgrupper, for eksempel små bruk, for redusert forholdstal? Skal ein skjerme nokre (sårbare) område for redusert forholdstal?

Førstemann til å svare er Peder Nernæs, mjølkebonde i Kvam herad og fylkesleiar for Hordaland Bondelag.

Han har disponibel grunnkvote på litt over 200 tonn, der 14 tonn er innleidd på korttidsleige og litt over 60 tonn ligg på ein gard han forpaktar. Den har Nernæs forpakta sidan 2004, medan han tok over heimegarden i 2014.

Nernæs bygde eit tilbygg til gamlefjøsen i 2016, og fekk seg då lausdriftsfjøs med brukt mjølke­robot. Gjelda er i dag på rundt 3,5 millionar kroner, og i tillegg til mjølk produserer han kalvekjøt og driv sagbruk.

Vil ikkje kutte i dei første 100 tonna

Eitt av spørsmåla har Nernæs allereie vist særleg engasjement for, som leiar i Hordaland Bondelag. Det gjeld om ein skal differensiere mellom grupper når forholdstalet skal senkast.

– Dei små og mellomstore bruka er viktige. Vi er heilt avhengige av å ha med oss dei små bruka vidare, for å ha legitimitet, argumenterer han.

Difor har fylket hans eit forslag.

– Vi meiner at dei første 100 tonna skal bli skjerma frå kutt i forholdstal, fortel Nernæs.

Det betyr at ein bonde med 90 tonn i kvote ikkje får kutt i forholdstalet, medan ein bonde med 400 tonn får kutt i forholdstalet på dei siste 300 tonna.

– Tanken vår er å berre sjå på bruksstorleik, og bruke det som eit reint strukturverkemiddel – ikkje å forfordele enkelte regionar. Men det kan ha den same effekten, i og med at det er ulik bruksstruktur i dei forskjellige regionane, seier Nernæs.

Prøve og sjå

Annonse

Å meine noko om kor mykje mjølk som totalt må bort, syns han er vanskeleg.

– Eit slikt spørsmål trur eg må overlatast til marknadsregulator. Dersom Tine meiner at det er 100 millionar liter, er det det ein må gå ut ifrå, seier Nernæs.

I kvoteåret 2020 blir produksjonen regulert med forholdstal. Før 1. oktober i år skal det lagast eit opplegg for korleis den vidare nedskaleringa skal gjennomførast. Planen frå jordbruksavtalen er å bruke både forholdstal og utkjøp. Men kor mykje av kvar, er ikkje avtalt.

– Eg trur det er rett å bruke forholdstal det første året, og så prøve å kjøpe ut mjølkekvote, og sjå kva det resulterer i. Det er stor usikkerheit rundt kor mykje kvote ein får kjøpt. Vi såg på utkjøpet av svin at det ikkje gjekk heilt etter planen. Er det eit akutt behov for å ta ut mjølkekvote, er det best å ta det på forholdstal, og deretter regulere talet opp igjen etter kvart som staten får kjøpt kvote. Forholdstalet kan ein raskt endre. Det viste seg i fjor. Bøndene reagerte på endra forholdstal, minner han om.

Vondt

– Målet må vere at forholdstalet skal tilbake til 1 før eller seinare. Men eg skulle ønske ein kunne ordne dette med andre metodar enn at mjølkebøndene betaler sjølve. Det er ikkje vi som har underteikna ein WTO-avtale, seier han.

– Dersom politikarane legger penger på bordet, bør utkjøpinga skje så fort som mogleg, meiner Nernæs.

Men om bøndene må betale alt sjølve, må det ta litt lenger tid, trur han.

– Ei omsetningsavgift på 50–60 øre vil gjere forferdeleg vondt for dei som har investert, konstaterer fylkesleiaren.

Handlar om pris

Kor mykje mjølkekvote staten får kjøpt, handlar mykje meir om pris enn om kor stor prosent bøndene blir pålagt å selje til staten, trur han.

– Om ikkje prisen er høg nok, er det ingen som sel. Då leier dei heller ut kvoten, så lenge det er eit alternativ. Bøndene kan jo rekne, seier Nernæs.

– Kor høg må prisen vere?

– Ein må ha den prisen som må til for å få kjøpt ut den kvoten ein treng. Så lenge det finst ein leigemarknad, må ein kjøpe bøndene vekk frå den marknaden. Dersom 50 prosent skal seljast til staten, må prisen vere tilsvarande marknadsverdi for at folk skal bry seg om å selje. Men blir det veldig gode vilkår, er det ei utfordring at dei som leier ut i dag, kan finne på å selje, og dermed ta vekk kvote frå den som produserer på han, åtvarar Hordalands-bonden om.

Nernæs meiner generelt at bønder bør måtte selje ein større andel av kvoten til staten, enn kravet er i dag.

– Dersom ein må selje 100 prosent til staten, vil det føre til at ein treng kjøpe ut færre produsentar. Det er eit poeng, sjølvsagt. Det fører til mindre fleksibilitet i marknaden ei lita stund, men dersom det er dit ein må, at ein må kjøpe ut kapasitet, er det best for næringa at færrast mogleg sluttar, seier han.

Ulike priser i regionane

– Bør den statlege prisen vere forskjellig i dei ulike kvoteregionane?

– Det trur eg ein er nøydd til, for det er forskjell i marknadsprisen, og den er også reflektert i leigeprisen. Viss folk ikkje får betalt nok, går dei over til leigemarknaden i staden for å selje til staten. Eg kan ikkje sjå for meg korleis ein kan halde oppe regionane sine andelar av kvoten utan å variere prisen, seier Nernæs.

Det er høgare kvotepris i Trøndelag og i Rogaland enn i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Set du ein pris som er akkurat høg nok til at bønder i Hordaland og Sogn og Fjordane sel, er det ikkje sikkert at bønder i Rogaland og trøndere sel. Då må du auke prisen eller bruke tvang for å halde oppe lik kvoteandel i regionane. Ein annan måte å gjere det på, er at prisen er så høg at ein lokkar med alle. Då må det vere ulike tak for kvar region. Ulempa er at du bruker meir pengar enn du elles hadde trengt, seier Peder Nernæs.

Neste artikkel

– Vi jobber hardt for alle bønder