Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil auke MRSA-erstatninga

Ny forskrift om erstatning ut på høyring.

Med ny forskrift, og dei klargjeringane som no blir gjort, vil tapa for dei som får påvist MRSA bli mindre, meiner landbruks- og matminister Jon Georg Dale. (Foto: Liv Jorunn Denstadli Sagmo)

Landbruksdirektoratet har sendt på høyring eit forslag til ny forskrift om erstatning etter offentlige pålegg i plante- og husdyrproduksjonen.

Samanlikna med den forskrifta som gjeld i dag, blir satsane for erstatning for dyr auka med om lag 20 prosent, skriv Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Les mer: Nå må også kubonden tenke MRSA-smittevern

Det blir òg lagt opp til å auke godtgjeringa for eigeninnsats i arbeidet med smittesanering.

– Det er viktig at det er føreseieleg for bonden kva den offentlege erstatningsordninga omfattar. Med ny forskrift, og dei klargjeringane som no blir gjort, vil tapa for dei som får påvist MRSA bli mindre, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale..

LMD har òg sendt eit brev til Landbruksdirektoratet og Mattilsynet der departementet klargjer nokre punkter i praktiseringa av regelverket når det gjeld den antibiotikaresistente bakterien MRSA i svinebuskapar. Klargjeringa gjeld på følgjande område:

Annonse

* Sikre eit eintydig grunnlag for utmåling av erstatning

* Dekking av kostnader til utarbeiding av plan for sanering av smitte

* Dekking av ekstraordinære kostnader til slakting og avliving.

Les mer: Dette gjorde bonden da han ble smittet av LA-MRSA

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag