Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig med statlege midlar

Det må meir midlar inn i potten for landbruksutvikling på Vestlandet, skriv Ragnhild Helgheim. (Arkivfoto frå Vik i Sogn)
Det må meir midlar inn i potten for landbruksutvikling på Vestlandet, skriv Ragnhild Helgheim. (Arkivfoto frå Vik i Sogn)

Ragnhild Helgheim, bransjeansvarleg for landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane

Skal ein klare å oppfylle vedtaket om landbruk over heile landet og lausdrift på all mjølkeproduksjon innan 2034, krevst det også meir midlar i potten for landbruksutvikling på Vestlandet.

Bøndene har lagt bak seg eit særs godt produksjonsår i 2020. Mjølkeproduksjon er berebjelken i landbruksnæringa i Vestland. For eitt år sidan var mjølkeprodusentane forberedt og klar for å redusere produksjonen sin. Vi drakk mindre mjølk og åt mindre ost. I tillegg åt vi også mindre kjøt, lagera på slakteria var overfylte av kjøt, og prisane på norsk kjøt hadde gått nedover. Diskusjonane var store på temaet «kjøtskam». Korleis ville denne utviklinga påverke bøndene?

Korona endra forbruksmønsteret vårt over natta. Vi åt meir heime og forbruket av tradisjonelle matvarer som mjølk, ost og kjøt auka vesentleg. Bøndene vart bedne om å produsere meir. Frå å skulle redusere mjølkemengd ved inngangen av året, fekk dei ved årsslutt moglegheit til å produsere til saman 9 prosent meir enn det som var planlagt. Kjøtbransjen har opplevd det same og sit no med reduserte lager og lysare utsikter.

Det står stor respekt av korleis bøndene smidig har snudd seg etter marknaden. Bonden arbeider med levande dyr og har kvotar å forhalde seg til. Det krev tilstrekkelege ressursar både i dyr og grovfôr for å klare ei slik omstilling. Dei har klart det, og vi kan applaudere vestlandsbonden og takke for kortreist mat på bordet. Statistikken viser likevel at vi importerte meir mjølkeprodukt i 2020 enn nokon gong før.

Kva med vegen vidare? Vil vi halde fram å ete tradisjonell kost når Koronaen slepp taket og vi kan begynne å leve meir «normalt» igjen? Vil vi setje pris på den norske vara eller vert det køar over til Sverige for grensehandel?

Annonse

Desse spørsmåla om forbruksmønsteret vårt, har stor betydning for framtida til landbruksnæringa i Sogn og Fjordane. Regionen vår er absolutt best eigna for å drive landbruk basert på grasproduksjon, det vil seie å produsere mjølk og kjøt, som er ein berebjelke i landbruket vårt. Tine Byrkjelo har eit særs godt år i 2020, og meierisjef Thorkild Heieren uttalar at dei har bidrege vesentleg til konsernet Tine. Dette er godt nytt for vårt område, og eit bra grunnlag for å fornye og vidareutvikle næringa.

Skal denne utviklinga halde fram, må bøndene ha gode nok føresetnader for å gå vidare med fornying av driftsbygningane  rundt om i bygdene. I Sogn og Fjordane vert no 53 prosent av mjølka produsert i lausdrift. Innan 2034 har regjeringa bestemt at all mjølkeproduksjon skal føregå i lausdrift. Dette kan bli ein krevjande overgang.

Som bransjeansvarleg for landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane ser eg at vestlandsbonden som i dag sit med gamalt båsfjøs og avgrensa ressursar, vil trenge betre rammevilkår for å klare løftet med ny driftsbygning og mjølkerobot. Mange av gardsbruka som driv i båsfjøs er små bruk. Ressursar som mjølkekvote og grovfôr er avgrensa, kvotane er få og har høge prisar. Dette er fordyrande for bonden.

I enkelte tilfelle ligg det til rette for at ressursutfordringa kan løysast gjennom samdrift, men det er ikkje praktisk mogleg for alle. Storinget har eit vedteke mål om landbruk over heile landet. Skal dette bli oppfylt inneber det produksjon av mjølk og kjøt i Vestland. Bøndene er klare til å investere, men det er stor konkurranse om investeringsmidlane som staten tilbyr gjennom Innovasjon Norge. Desse midlane er naudsynte for å fornye bygningsmassen i landbruket.

Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, ber om friske statlege midlar og investeringspakkar som kan bidra til at ein får lagt om mjølkeproduksjon til lausdrift innan fristen. Det må meir midlar inn i potten for landbruksutvikling på Vestlandet. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner dette er viktig både for landbruksutviklinga og distriktsutviklinga i Vestland. Alt heng saman. Eit aktivt og moderne landbruk er positivt for næringslivet generelt, og viktig for å sikre yrande lokalsamfunn i heile regionen vår.

Neste artikkel

Bonden treng ei inntektspakke