Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Vi føler oss knebla

Det har vore kraftig turbulens i Norsk Sau og Geit sidan årsmøtet i mars. Sauebonde Odd Bjarne Bjørdal i Ørsta meiner mange medlemmer føler seg knebla.

Måten Hilmar Kleppe, styremedlem i Norsk Sau og Geit (NSG), blei vraka på under årsmøtet i mars, har skapt mykje rabalder.

Valnemnda innstilte på attval av Kleppe, og det var berre eitt fylkeslag som tok til orde for å skifte ut Kleppe.

Då Nordland Sau og Geit fremma benkeforslag om Terje Benjaminsen i staden for Kleppe, så blei Benjaminsen vald med 32 mot 28 stemmer, skreiv Nationen om saka i sommar.

Hilmar Kleppe har i ettertid trekt seg som fylkesleiar Møre og Romsdal Sau og Geit.

Baksnakking og skitkasting

Kleppe meiner to eller fleire i styret stod bak benkeforslaget, utan at nokon tok kontakt med han før valet, skreiv Nationen. Fleire hevdar det er ein sterk ukultur i organisasjonen, og blant desse er Odd Bjarne Bjørdal.

– På årsmøtet kom Nordland Sau og Geit med innspel om at Kleppe burde kastast, og då får dei støtte frå mange fylkeslag. Men dersom Kleppe er eit problem, kvifor blir ikkje dette teke opp direkte med han eller med valnemnda på førehand? Dei viste jo ingen ting. Dette er baksnakking og skitkasting. Kleppe vart for pågåande, og dei ville ikkje ha han i styret, seier Bjørdal.

Han er ikkje ute etter omkamp om styrevervet, men reagerer sterk på arbeidsmetodane i NSG.

– Heilt håplaust

I juli gjennomførte NSG eit lukka, ekstraordinært representantskapsmøte. I ei felles utsegn etter møtet gav representantskapet NSG-styret full tillit (sjå eiga sak), og avviste at det hadde skjedd noko feil under årsmøtet.

Det er ikkje sauebonden i Ørsta særleg nøgd med. Han meiner situasjonen er heilt håplaus.

– No er det på tide å reise bust, både for lokallag og fylkeslag. Vi føler oss knebla. Medlemmer slepp ikkje til i medlemsbladet Sau og Geit, og vi veit ikkje kva som går føre seg. Det er blant anna uorganisert arbeid med gjetarhund, av tillitsvalde opp i systemet, seier Bjørdal.

– Vi må ta til motmæle og få på plass ny ordførar og eit nytt styre – med sterk ryggrad, slik at dei kan tilsetje ny generalsekretær som kan gjere ein jobb som gagnar småfebonden. Dersom ikkje det skjer, bør heller NSG bli som Geno, ein organisasjon som driv med avl, beitebruk og opptrening av gjetarhund, legg han til.

Frarår innmelding

Annonse

Saue- og storfebonden har lang fartstid i Norsk Sau og Geit. Han er lokallagsleiar i Ørsta, men har også vore fylkesleiar i Møre og Romsdal og vara til styret i NSG.

Bjørdal var også vara for tidlegare leiar i valnemnda, Olav Tiller. Tiller har også trekt seg i protest, og det same gjorde Bjørdal etter at Tiller trekte seg.

– Slik som Norsk Sau og Geit er drifta no, minner det om ein kommunistisk organisasjon. Eg tilrår ingen å melde seg inn i her. Det er mykje betre å melde seg inn i Bondelaget eller Småbrukarlaget. Dei kan fronte saker for sauebøndene og, seier sauebonden som vil trekkje seg som lokallagsleiar og, dersom det ikkje skjer endringar.

Bjørdal håper det kan skje ting på representantskapsmøte den 16. oktober. Representantskapet er overordna organ for styret og rådgivande organ for årsmøtet. Her møter ordførar, varaordførar, 18 fylkesleiarar, tre geiterepresentantar og ein gjetarhundrepresentant.

Berntsen viser til repskapsmøte i juli

Bondebladet stilte desse spørsmåla til styreleiar i Norsk Sau og Geit, Kjell Erik Berntsen:

– Odd Bjarne Bjørdal meiner tidlegare styremedlem Hilmar Kleppe vart for pågåande, og at de ikkje ville ha han med i styret. Kva seier du til det?

– Gjekk alt rett føre seg, før og under valet, på årsmøtet i NSG?

– «Vi føler oss knebla og medlemmene veit ikkje kva som går føre seg», seier Bjørdal. Slepp ein til med meiningane sine i NSG?

– Bjørdal meiner NSG minner om ein kommunistisk organisasjon, og han råder sauebønder frå å melde seg inn i organisasjonen. Kva er din kommentar til det?

– Har styret full tillit etter alt bråket som har vore?

Berntsen svarar dette på spørsmåla:

– Denne saka er tidlegare omtalt i Nationen i juni, og ho er godt kjent. Representantskapet i NSG, som er det overordna organ for styret og rådgivande organ for årsmøtet, behandla dette temaet på ekstraordinært møte 3. juli 2018. Vi viser til fråsegna frå møtet på desse spørsmåla.

– Det går rykte om at redaktør i Sau og Geit, Ole G. Hertzenberg, er sagt opp. Kan du bekrefte dette?

– Eg kommenterer ikkje rykte eller personalsaker i media, seier Kjell Erik Berntsen.

Neste artikkel

Flere sauebønder rundt Oslo