Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Velkomen til Sogn og Fjordane!

I dagane 12.-14. juni går Norges Bondelag sitt årsmøte av stabelen i Loen i Stryn kommune. Dette er fjerde gong i historia at utsendingar til sjølvaste Bondetinget set kvarandre stemne i fjordafylket, og det er tredje gongen tinget er lagt til Stryn.

Fyrste gong Bondetinget vart arrangert i Stryn var i 1948. Då fann heile 15.000 menneske vegen til bygda i Nordfjord. I avisene frå den gongen kan vi lese at dette var fyrste gongen Norges Bondelag arrangerte sitt årsmøte på landsbygda.

Rett nok er det i førre århundre, men det er trass alt berre 65 år sidan. Det var den gongen menn leia alle komiteane og kvinnene var husmødre som opna heimane for langvegsfarande. Det var fred, det var optimisme og det var stor framtidstru med fokus på å byggje landet. Bøndene arbeidde på dugnad i to månader for å byggje stemne-staden for Bondetinget, fortel leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Folkefest

Det var den gong deltakarane var nøgde med ei trekkfull uisolert løe og utedo. Det var den gongen vi hadde tid og råd til ein real stor folkefest på laurdagskvelden, som vart avslutta med høgmesser i tre kyrkjer og eit langt bondetog på sundagen. For øvrig var det på dette årsmøtet at styret i Norges Bondelag fekk fullmakt til å gå til innkjøp av ein skule til folkehøgskuleføremål - Bondelagets Folkehøgskole på Mysen som for lengst er nedlagt.

Andre gongen Bondetinget vart gjennomført i Stryn var i 1972. Ramma kring årsmøtet var denne gongen heilt annleis. Stemneopplegget kring årsmøtet var kutta ut, men det var framleis slik at mange av utsendingane hadde med sine ektefellar. Stryn hadde fått fleire hotell og campingplassar, slik at ingen trong privat innkvartering.

Det var den gongen ektefellane var på tur, medan karane drøfta viktige saker. Statsminister Trygve Bratteli og kona Randi tok turen til Stryn. Statsministeren møtte massiv motstand grunna sitt syn i EF-saka, men han var likevel blid. 15 år seinare, i 1987, vart Norges Bondelag sitt årsmøte arrangert i Sogn og Fjordane for tredje gong - denne gongen i Førde i Sunnfjord. - No har vi kome til 2013 - og 2013 kan verte eit like viktig år for framtida til norsk landbruk som folkerøystinga om norsk EF-medlemskap i EF i 1972 var, seier Per Hilleren. Utfordringar

- Sogn og Fjordane er svært viktig for matproduksjonen i landet vårt. Fjordar og fjell gjer imidlertid at vi har nokre naturgjevne utfordringar. Stikkorda her er topografi, areal og arrondering, seier Ingunn Sognnes, styremedlem i Norges Bondelag.

Annonse

Ho bur i Leirvik i Sogn, og garden vart for eitt år sidan overteken av neste generasjon, så no er Ole-Ivar Åm Sognnes sjefen - men Ingunn og mannen Aslak jobbar framleis på garden. Produksjonane er mjølk og kvalitetskalv - det siste i stor grad basert på innkjøpt kalv, då dei har 20 kyr, men leverer om lag 70 kvalitetskalvar som utgjer kring 9 tonn per år.

- Vestlandsbonden er arbeidssam og nøysam, og gjev ikkje opp med det fyrste, held Sognnes fram. Likevel må arbeidet verdsetjast, dersom vi skal greie å halde produksjonen oppe i dette fylket. Bringebær og gamalost

Mjølkeprosjekta som vart starta i 2003, har vore avgjerande for at mjølkeproduksjonen er oppretthalden med sin relative andel i høve resten av landet, seier Ingunn Sognnes vidare. - Men for å greie å halde oss på same nivå framover, er det viktig at det framleis er råd å utvikle bruk med ulik storleik. Landbrukspolitikken må støtte opp om ulik bruksstruktur. Og då treng vi ein investeringspakke også for små og mellomstore bruk, slik at gardsbruka kan utvik­le seg med grunnlag i dei ressursane som finst, understrekar Sognnes. - Elles er vi kanskje litt smålåtne når vi omtalar oss, legg ho til. Kven er klar over at vi har landets største bringebærkommune, nemleg Vik? Og at i nettopp Vik vert verdas einaste gamalost produsert?

LES meir i Bondebladet denne uka.

Neste artikkel

Fet jordbruksforening feirer 150 år