Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tor Sigve på lammetoppen

Tor Sigve Hovland i Bjerkreim har levert nesten 90 prosent stjernelam i 2010. Dette er heilt i landstoppen hos Nortura. Totalt sett har sauebøndene i Bjerkreim kommune levert 80,6 prosent stjernelam til Nortura i år.

Bjerkreim er kjent som landets største sauekommune, men ligg også i landstoppen når det gjeld kvalitetslam.

Til saman er det levert bortimot 22.000 lam til slakting frå Bjerkreim kommune i Rogaland i året som gjekk, av desse nesten 17.000 til Nortura.

Og - i 2010 blei det levert så mykje som 80,6 prosent stjernelam til Nortura frå sauebøndene i Bjerkreim. Aukar til 400 i år

I Bjordal lengst inne i Ørsdalen driv Tor Sigve Hovland lammekjøtproduksjon basert på 370 vinterfôra søyer. I sommar bygde han nytt sauehus som er sett inntil det eksisterande fjøset, slik at Hovland no vil auka til 400 vinterfôra sauer.

Tor Sigve Hovland ligg heilt i landstoppen når det gjeld kvalitetslam. Han leverte over 460 lam til Nortura i 2010, og oppnådde 88,24 prosent stjernelam.

Middel slaktevekt på Tor Sigve Hovland sine lam var 20 kilo. For Nortura totalt var middel slaktevekt 18,7 kilo, mot 18 kilo i Kjøtt- og Fjørfebransjens Landsforbund (KLF).

Gjennomsnittleg klasse hos Tor Sigve Hovland var R. Hovland har ein del spælsau, som ikkje vert så godt klassa som norsk kvit sau.

Nortura totalt hadde nesten R i snitt, litt betre enn hos KLF som kom rett over R-. Over 600.000 lam til Nortura i 2010

Det blei levert til saman 661.287 lam til slakt hos Nortura i 2010, mot 331.066 lam til KLF sine slakteri.

Totalt for heile Nortura er det levert 68,5 prosent stjernelam i 2010, ein nedgang på 2,5 prosent i høve til 2009.

Buskerud ligg på topp med 77,5 prosent stjernelam, framføre Troms med 76,2 prosent og Rogaland med 72,4 prosent stjernelam. Eit godt stykkje over

Tor Sigve Hovland og resten av Nortura-medlemmane i Bjerkreim ligg dermed eit veldig godt stykkje over Nortura sitt gjennomsnittsresultat.

Hovland hadde 1,9 lam i snitt per søye ved beiteslepp, men har tapt 5 prosent i heia i løpet av beitesesongen.

- Feittrekket har vore ei utfordring her hos meg. Me ynskjer gode slaktevekter, og då fylgjer ofte feittet med. Men dette året gjekk det bra, seier Hovland. Samvirkehaldning

Tor Sigve Hovland så vel som heile resten av Ørsdalen leverer slaktedyra til Nortura.

- Samvirkehaldninga står veldig sterkt i Ørsdalen, slår Hovland fast.

Han har investert totalt 2,6 millionar kroner i det nye sauefjøset som sto ferdig sommaren 2010. Hovland fekk støtte på 250.000 kroner frå Innovasjon Norge til bygginga av nyfjøset.

FRAMTIDSTRU: Hovland har tru på ei framtid som sauebonde i Bjordal, og det nye sauehuset vil letta arbeidsdagen hans betydeleg.

I tillegg har Tor Sigve gjort ein stor eigeninnsats, med god hjelp frå andre bønder i Ørsdalen.

Folk her i bygda stiller alltid opp og hjelper kvarandre når det trengst. Det er fire heilt nye sauefjøs i bygda, og bøndene har gått på rundgang og hjelpt kvarandre. Avsides

Tor Sigve Hovland overtok heimegarden på Bjordal i Ørsdalen i 1992. Eigedomen er på omkring 200 dekar, av dette 86 dekar med dyrka jord og 54 dekar med innmarksbeite.

I 1997 fekk Hovland kjøpa mesteparten av jordbruksarealet på naboeigedomen, som foreldra hadde leigd sidan 1956. Bruket har svære, bratte utmarksvidder i eit sameigeareal på totalt 38.000 dekar, der Hovland eig to tredelar. I tillegg leiger han 64 dekar med innmarksbeite.

Bjordal er ei avsidesliggjande grend innerst i Ørsdalen, om lag 40 kilometer frå kommunesenteret Vikeså.

Annonse

Bygda ligg langt inne i fjellheimen, og fekk vegsamband med resten av Ørsdalen, det vil seia 6 kilometer unna, først i 1979. Då kom det bru over elva Lona, som skil Bjordal frå dei andre gardane i bygda.

Før dette måtte alt som skulle til og frå garden fraktast med robåt over Lona - og med snøscooter om vinteren.

Eigedomen er ein typisk fjellgard med spreidd og oppstykka dyrka jord, svære utmarks- og heiebeite og store bjørkelier med tungdriven skog. Problem med straum

Garden har eige kraftverk for å skaffa straum, men dette er gamalt og nedslite, og frys ofte om vinteren. Likeeins kan det vera problematisk i tørkeperiodar om somrane.

- Dei har straum 6 kilometer unna, så eg forstår ikkje at ein ikkje kan strekkja ei line inn hit også. Her har folk satsa og bygd, men å forsyna oss med straum er det offentlege ikkje viljuge til, seier Hovland.

Familien søkte om å få elektrisitet for 30 år sidan, men har altså framleis ikkje fått det. Men no har dei nettopp søkt på nytt.

Når kraftverket «streikar» brukar Hovland eit traktordrive dieselaggregat for å skaffa seg straum. I kuldeperioden sist vinter var dette i drift i heile tre månader, med dei ekstrakostnadene dette medfører. Hovland har brukt 20.000 kroner ekstra berre i 2010 på å drifta dieselaggregatet. Effektivisering

Fram til 1956 var det to aktive sauebruk her inne i Bjordal, men i dag er Tor Sigve Hovland og foreldra Annstein og Liv åleine igjen i dalen.

I 1982 blei det bygd ny driftsbygning hos Hovland, då med ein kapasitet på rundt 200 vinterfòra søyer, med låve og gjødselkjellar med ei høgd på 3 meter.

Foreldra har vore til svært god hjelp i alt gardsarbeidet, men helsa skrantar, og Tor Sigve må gjera mesteparten sjølv no. Difor var det trong for å effektivisera og gjera noko med bygningsmassen.

Den store saueflokken treng mykje plass, og vinterstid og under lemminga hadde Tor Sigve tidlegare dyr på talle på sin og naboen sin låve, noko som var svært tungvindt.

- No når fjøset er forlenga med 26 meter i ei breidd på 18 meter, får eg alle dyra samla i ein etasje, seier Tor Sigve Hovland.

Nybygget har ein kapasitet på 250 vinterfôra søyer. Sauehuset har isolerte betongelement, treinnreiing, golv av strekkmetall og trelekter til kopplamma.

Attåt dette kjem det gamle fjøset med plass til 200 vinterfôra sau.

Tor Sigve har låve over heile bygget. Han høgg mykje ved for sal til hyttefolk på skiutfartsstaden Stavtjørn som ikkje ligg langt unna, og veden blir lagra på låven. Mangel på vinterfôr

Med gode vekstvilkår oppetter liene, brukar Tor Sigve Hovland å sleppa dei første sauene i byrjinga av mai. Rundt midten av månaden kan så brorparten av buskapen sendast av garde. Dyra forflyttar seg oppover liene og innover på heia etter kvart som graset grønkar.

- Men utfordringa er mangelen på vinterfôr. Med berre 86 dekar dyrka jord, må eg kjøpa noko silofôr og høy, i tillegg til eit høgare forbruk av kraftfôr enn gjennomsnittet, seier Hovland.

Høgt lammetal gjev naturlegvis også ein god del kopplam, som med innkjøp av mjølkeerstatning aukar dei variable kostnadene. Inntektene frå kjøt og slakt er over snittet i Dalane-regionen. Det same er grovfôr- og kraftfôrkostnadene.

Difor ligg dekningsbidraget litt under gjennomsnittet, og det viser seg vanskeleg for bønder på fjellgardar med lite dyrka jord, å konkurrera med dei beste bøndene i sentrale område som har sau i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Sauen er livsverket

Sauene og garden er livsverket til Tor Sigve Hovland. Han har tru på ei framtid som sauebonde i Bjordal, og det nye sauehuset vil letta arbeidsdagen hans under fôring, lemming og gjødselhandtering. Sannsynlegvis vil også innteninga auka.

Stavanger Turistforening har merka tursti frå Bjordal til hytta på Støle, via Brattebø og Kvitlen.

- Det er fascinerande for turistar å koma til Bjordal - til ein avsidesliggjande gard med eit så velstelt og flott kulturlandskap. Det er viktig for landbruket i Bjerkreim og for Rogaland, at ein slik gard blir halden i hevd og at den store saueflokken skjøttar inn- og utmarka her, seier landbrukssjefen i Bjerkreim, Gerd Siqveland Engelsgjerd.

Neste artikkel

Lyttet til berørte sauebønder i Troms