Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tok over skulen i to dagar

Elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule styrte alt.

Sara Overgaard Jensen og Alma Joensen er blant elevane som hadde ansvar for all matlaginga. (Foto: Elisabeth Fagerland)
Sara Overgaard Jensen og Alma Joensen er blant elevane som hadde ansvar for all matlaginga. (Foto: Elisabeth Fagerland)

Lærarar og tilsette reiste på personalsamling i Bergen, og elevane fekk ansvaret for fjøs, gartneri, gardsbutikk, internatkjøkken, grøn omsorg, vaktmeister med meir.

Les meir: Økoskole mellom alle stoler

– Det har gått veldig bra, forsikrar Elisabeth Fagerland, elev ved Vg2, økologisk landbruk og gartnarnæring.

Særleg ansvar for Vg3

Det er ikkje fyrste gangen den økologiske skulen gjer dette, og Vg3-elevane har eit særleg ansvar desse dagane, forklarer Fagerland.

– Vi har veldig mange ulike oppgåver som må gjerast. Nokon har hatt ansvaret for fjøset med 12 mjølkekyr, sauer, geiter og ein hest, mens andre har ysta, prikla, sådd, laga mat og beskåre frukttrea. Vi har hatt det hyggeleg, men samstundes har vi jo stort ansvar. Dei som skal ta fjøset må opp kl. 0600, seier ho.

Skulen har også eigen gardsbutikk som er open kvar dag. Her sel dei blant anna fetaost, yoghurt og andre produkt som skulen lagar.

Kjeinga vart i hovudsak unnagjort i byrjinga av januar.

Annonse

– Skulen har tatt vare på ti kje, resten er fôra opp og sende til slakt. Vi synest det er veldig bra at dyra blir brukte til mat, og ikkje blir kasta.

Skal feire 100-år

I 2017 er det hundre år sidan amtsagronom Jens Lunde grunnla Sogn Jord- og Hagebruksskule. Det skal feirast stort over tre dagar i september. På programmet står både fortida, notida og framtida, skriv skulen.

Skulen har 50 elevar i 2016/17.

– Det er elevar frå heile landet her, i tillegg til ein del elevar frå utlandet, særleg Danmark. I Danmark har mange svært store svinebesetningar, så dei kjem kanskje for å oppleve noko heilt anna. I tillegg til å oppleve den flotte naturen vi har her, seier Fagerland.

Kompetansenavet Vest har òg base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland. Navet har aktivitetar i både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les meir: Ystar smaksrik ost av feit mjølk

Neste artikkel

Oikos: – Må gå fra fine ord til handling