Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal lage bie-strategi

Politikarane vil betre levekåra til pollinatorane.

Avhengig: Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar. (Foto: Colourbox)
Avhengig: Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar. (Foto: Colourbox)

For å styrke mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt skal regjeringa utarbeide ein nasjonal strategi. Arbeidet planleggast sluttførd i 2017.

Det skriv Landbruks- og matdepartementet på si heimeside.

– Mange sektorar kan bidra til å betre levekåra for våre pollinatorar. Vi treng offentlig – privat samarbeid mellom forvaltning og organisasjonar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

For å gjere arbeidet med strategien kjend og for å få innspel om erfaringar og forventningar til arbeidet, inviterer Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet til møte med relevante organisasjonar 26. september.

Mot regjeringspartia sine stemmer

Det var KrF som fekk gjennomslag i Stortingets næringskomité for å be regjeringa legge fram ei sak om nasjonal strategi for bier og pollinering. Forslaget vart fremma av KrF sine representantar Rigmor Andersen Eide, Olaug Bollestad og Line Henriette Hjemdal. Fleirtalet vart sikra av Venstre, Ap, Sp og SV.

Mest effektivt med mangfold

Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar.

Annonse

Internasjonalt er nedgangen i pollinerande organismar sett på dagsorden av FNs naturpanel (IPBES). Panelet la fram si fyrste utgreiing i februar i år. Utgreiinga slår fast at pollinering utført av insekt og pattedyr har stor betyding for verdas matproduksjon og pollineringa er mest effektiv når det finnast eit mangfald av pollinatorar.

Naturpanelet foreslår ulike tiltak for å ta vare på og sikre mangfaldet av pollinatorar mellom anna ved å auke koordinering, felles tiltak og kunnskapsdeling på tvers av sektorar, jurisdiksjonar og nivå.

3 av 4 avhengig av pollinering

Sjølv om dei store jordbruksvekstane som korn, mais, soyabønne og  rotfrukter kan dyrkast uavhengig av tilgang til pollinatorar, er meir enn tre fjerdedelar av de viktigaste jordbruksvekstane avhengig av pollinering for å sikre både avling og kvalitet.

Innan det globale landbruket regnes pollinatorar å bidra til 5-8 prosent av den totale marknadsverdien av planteproduksjonen.

Les også: Birøkt er også effektiv stordrift

Neste artikkel

Naturfrøproduksjon: God kilopris – men mye arbeid