Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skaffer det meste innan trelast

Solberg sagbruk leverer mykje trelast til restaurering.

TÅLER VIND: Sitkagran trivst i eit fuktig miljø, og tåler vind og saltdrev godt. Ho har eit konkurransefortrinn samanlikna med andre treslag langs kysten. – Sitkagran har mange kvalitetar, meiner Pål Solberg.
TÅLER VIND: Sitkagran trivst i eit fuktig miljø, og tåler vind og saltdrev godt. Ho har eit konkurransefortrinn samanlikna med andre treslag langs kysten. – Sitkagran har mange kvalitetar, meiner Pål Solberg.

Stadig fleire treng spesialtrelast til restaurering. Det gir arbeid til Pål Solberg og dei andre ved Solberg sagbruk på Osterøy.

– For oss er restaurering blitt ein viktig del av drifta. Vi leverer til museum, institusjonar og private kundar i heile Hordaland og deler av Sogn og Fjordane. Særleg er Bergensområdet viktig for oss, fortel Pål Solberg.

Han driv Solberg sagbruk i Lonevåg på Osterøy saman med kona Monica Sandnes og faren Arild Solberg.

Sagbruket leverer spesialtrelast, kledning, panel, grindbygg og anna til stadig fleire kundar. No har dei tre samla seg i kontorbrakka og serverer kaffe, kjeks og lefser, ikkje vestlandslefser, men trønderlefser.

Starta med viltpanel

Pål og faren, Arild Solberg, starta med ei Johnsred minisag for rundt 20 år sidan.

– Viltpanelen vart høvla til heime på tunet. Vi hogg tømmeret og foredla all panelen sjølve i starten. Men frå 2004/05 kjøpte vi meir og meir tømmer og foredla dette vidare, fortel Arild Solberg.

Dei to fekk skilt ut ei tomt i nærleiken av heimstaden i 1996. Her har dei gradvis bygd ut sagbruket, og no har dei fått ja frå kommunen til å utvide anlegget enno meir. Omsetnaden i 2013 var på vel 4 millionar, og Pål ser lyst på framtida og nye arbeidsoppdrag.

– Vi har krabba oppover jamt og trutt sidan vi starta opp. No har vi vel fem årsverk på saga, inkludert byggjearbeid ute. To nye har fått opplæring i 2013 – ein på saga og ein på høvel og vidare i produksjonen, fortel Pål.

Tidlegare produserte dei òg ein del ved, men det har dei meir eller mindre slutta med.

– Før kom kundane og henta vedsekker her på saga, men det er det ingen som vil lengre. No vil dei ha veden tilkjørt, men det vil ta for mykje av arbeidstida vår, fortel Arild Solberg.

Nye bygg

50 prosent av omsetninga til Solberg sagbruk kjem frå reising av nye bygg rundt omkring på Vestlandet.

Annonse

Restaureringsoppdraga er mange og varierte, og ofte prosjekt som krev både tid og tolmod.

– Vi går gjerne aktivt inn i prosjektet. På den måten blir vi ein del av restaureringa, fortel Pål.

Bryggen i Bergen er blant dei større kundane til Solberg. Ein del av dette er strengt byggjevern og krev tømmer med heilt særeigne kvalitetar.

Grindbygg

Grindbygg starta dei opp med i 2004. Ei grind er ein bukk eller eit stavpar bunde saman øvst med ein drager, som på Vestlandet blir kalla bete eller slindre. I grindkonstruksjonen blir stavane i all hovudsak setne rett på bakken, på flate steinar eller på grunnmur, utan at det blir brukt botnsvill.

– Det finst mange ulike variantar, både nasjonalt og lokalt, av grindbygg. Vi held på våre Oster-tradisjonar. Vi lagar bygget her, og ofte monterer vi det hjå kjøparane òg, fortel Pål Solberg.

Lovpriser sitkagran

Solberg sagbruk kjøper mest tømmer frå Hordaland, men òg ein del frå Sogn og Fjordane. Det går mest i furu, men dei to karane er alltid på jakt etter overgrovt granvirke frå Vestlandet.

Dei har fått med seg den tøffe debatten som har vore knytta til sitkagran den siste tida. Men bannlysing av treslaget, som veks naturleg langs vestkysten av USA og Canada, meiner dei er fullstendig skivebom.

– Sitkagrana har mange kvalitetar. Ho er både sterk og stormsikker, men ho må vere hogstmoden, dvs 70–80 år. Ho er ikkje moden før dette, men det er stor kunnskapsmangel blant mange skogeigarar om sitkagran. Dei høgg for tidleg, då er ikkje sitkagrana mykje verdt, seier Pål Solberg.

LES MEIR om Solberg sagbruk og andre bygg- og energisaker i Bondebladet denne veka.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag