Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordlåge beitetap for Sogn og Fjordane

Den beste beitesommaren på mange år.

Tapstala for lam på utmarksbeite gjekk ned frå 6,3 prosent i 2014 til 4,5 prosent i 2015. (Arkivfoto)

Tapstala for lam på utmarksbeite gjekk ned frå 6,3 prosent i 2014 til 4,5 prosent i 2015, fortel Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane.

Gjennomsnittleg lammetap i landet var på 6,6 prosent.

Dei lågaste beitetapa for fylket var i Indre Sogn, i tillegg til kommunane Naustdal i Sunnfjord og Gloppen og Stryn i Nordfjord. Kystkommunane Selje og Vågsøy i Nordfjord hadde dei høgaste tapstala.

– Beitesesongen 2015 vart til slutt ein svært god sesong trass i ein vanskeleg start. Våren var kald og våt, og med store snømengder i fjellet måtte fjellsendinga mange stader utsetjast med to til fire veker. Enkelte valde å ikkje sleppa dyra på utmarksbeite i det heile på grunn av at sesongen vart så kort. Men fjellbeita vart gode og graset heldt seg friskt langt utover hausten, nokre stader vart difor sankinga utsett ein til to veker for å nytta dei gode beita, heiter det i pressemeldinga.

Annonse

2015 som den beste beitesommaren på lang tid både med gode slakteresultat og lite tap. Det var ingen store rovdyrangep og i dei aller fleste beitelaga har tapstala for lam på utmarksbeite gått ned.

Fleire lag melder likevel om aukande problem med mellom anna ørn og rev, alveld og flått har enkelte stader ført til problem også denne sesongen, skirv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Les mer: – Omstilling forebygger ikke rovdyrtap

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag