Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Peder fekk full støtte på heimebane

Peder Nernæs tenkte på å trappe ned arbeidet i lokallaget, men så ringde leiaren i valkomiteen til Hordaland Bondelag. Etter praten på heimebane, svara Nernæs ja.

Ny leiar i Hordaland Bondelag
: Peder Nærnes er utdanna agronom ved Voss jordbruksskule. Han har også studerte internasjonal politikk ved Universitetet i Bradford i England. Foto: Karl Erik Berge
Ny leiar i Hordaland Bondelag : Peder Nærnes er utdanna agronom ved Voss jordbruksskule. Han har også studerte internasjonal politikk ved Universitetet i Bradford i England. Foto: Karl Erik Berge

– Eg vart nokså sjokkert då Reidar Kloster ringde om leiarvervet i Hordaland Bondelag. Eg visste at Kjetil Mehl var på veg ut. Han hadde sjølv sagt at det var mykje arbeid og reising med å vere fylkesleiar, seier Nernæs.

Det sat langt inne å seie ja, innrømmer den nye fylkesleiaren.

– Kona mi heia veldig på meg. I tillegg har eg god støtte i foreldra mine. Det blir nok ikkje mindre gardsarbeid på dei framover, legg han til.

Hordaland Bondelag har 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eit lokallag i kvar kommune. Nernæs har vore lokallagsleiar i Strandebarm–Tørvikbygd Bondelag sidan 2014.

– Det er ein solid gjeng i styret til fylkeslaget. Her er mange flinke folk med mykje erfaring. Knut Byrkjenes Hauso er nestleiar. Han er fruktdyrkar i Ullensvang og ein veldig god støttespelar inn mot fruktnæringa. Fruktdyrking betyr mykje i Hordaland, seier Nernæs.

Studiar i England

Nernæs er utdanna agronom og driv gard på Mundheim i Kvam herad. Etter naturbruksstudiar og allmennfagleg påbygging ved Voss jordbruksskule og Fusa Vidaregåande gjekk ferda vidare til universitetsstudiar i England.

Kona, Sarifa Moola-Nernæs frå Durban i Sør-Afrika, møtte han i Bradford i England. Her studerte han internasjonal politikk i tre år. Sarifa har mastergrad i fredsarbeid og arbeider som fagleiar for flyktningtenesta i Fusa kommune.

No tel familien fire. Dei har fått to jenter – Akilah og Maisha.

Etter fullført utdanning og pedagogisk seminar arbeida Nernæs sju år som lærar ved Fusa vidaregåande skule.

Samdrift med faren

Nernæs tok over garden i 2014. Før det hadde han pakta ein gard i nærleiken og drive mjølkesamdrift saman med faren, Knut Nernæs, sidan 2004. Kyrne vart mjølka på heimebruket, medan kviger og kalvar stod i fjøset på garden han pakta, ca. fem kilometer unna.

Han har vel 200 000 liter i kvote, inkludert forpakting- og leigeavtale på 74 000 liter. Peder eig rundt seksti dekar jord, og leiger vel to hundre dekar.

– No har eg 24 mjølkekyr i fjøset. Eg leiger ein god del beiteareal og fôrer fram kalvane til dei er mellomkalv, altså rundt sju månader. Kalvekjøtet sel eg sjølv. Eg har òg nokre villsauer på garden, seier han.

Mjølkebonden har bygd nytt robotfjøs i tre. Sperr, åsar og taket er limtre, medan tak og veggar er i plank av heiltre. Fjøset er isolert med klimastyrt ventilasjon.

Nernæs har starta med kjønnsseparert sæd. Det betyr at han kan prioritere.

– Kjønnsseparert sæd gir betre avlsframgang, då eg får kvigekalvar frå dei beste dyra og kan prioritere kjøt på resten. Betre mjølkekyr og meir kjøt, seier han.

Leiter etter rorpinne til Gurine

Peder og Knut Nernæs driv firmaet Horda Tre AS i lag. Dei leverer mykje spesialvirke, særleg til restaurering og renovasjon av gamle bygningar og trebåtar. Virke, særleg seintvaksande furu, finn dei i skogen på Nernes.

Dei har blant anna levert til restaurering av galeasen Gurine. I 2011 kom ho tilbake til «heimbygda» Rosendal for å bli restaurert.

– Akkurat no leiter vi etter ein rorpinne til Gurine. Leveransar til slike prosjekt betyr veldig mykje for Horda Tre. Det er grunnlaget for at vi kan halde på, seier fylkesleiaren.

Annonse

Sel kjøt i 10-kilos kassar

Peder Nernæs har oppretta merkevara Nernes fulgt av varenavnet – Nernes kalveburger, kalvepølse, indrefilet av kalv mm. Han sel mykje av kjøtet ferskt i 10-kilos kassar levert på døra til forbrukar, men leiger òg fryselaget hjå ein bærprodusent i nærleiken.

Frå dette lageret leverer han til nærbutikkar og serveringsstader. Lokale bensinstasjonar har kjøpt pølser og burgere med kjøt frå han.

– Eg har ein veldig god kunde i Hardingasete, eit kurs- og konferansesenter ca. tre mil lengre inn i fjorden. Men eg har ikkje tid til å drive detaljsal frå garden – det tek for mykje tid. seier Nernæs.

Om korn og mjølk

Økonomien i korndyrkinga er for dårleg. Det er det mange som meiner, og Nernæs er ikkje noko unntak.

– Det er det største problemet no, og det fører til at kornbøndene må sjå etter alternative produksjonar. Me ser det på innspel frå alle lokallaga til årets jordbruksoppgjer, og denne utviklinga går feil veg, seier han.

– Kva må gjerast?

– Kornprisen må opp og arealtilskotet på korn må opp. Spesielt viktig er det å styrke økonomien på små og mellomstore kornbruk, særleg i utkantane av dei typiske kornområda. Det er her mest kornjord går tapt, seier Peder Nernæs.

Distrikta taper

I Hardanger og andre stader er det mange som har starta med nisjeproduksjon. Nernæs er glad for utviklinga.

– Det har vore ei positiv utvikling dei siste åra. Fleire unge, flinke folk har flytta heim og teke over bruk. Det er bra for alle partar – både store og små produsentar. Det er nisjeprodusentar og småskalabønder som møter kundane, og det er viktig. På mjølk er det store utfordringar. Ei undersøking i fylket viser at rundt 100 mjølkebønder i fylket truleg vil leggja ned produksjonen i løpet av fem til ti år. Det er urovekkande, seier den nye fylkesleiaren.

Nernæs meiner både teknologi og kvoteprisar har bidrege med strukturdrivande effekt.

– Kva er dei største utfordringane for Hordalands-bonden – anten det er mjølk, sau eller frukt?

– Landbruket i fylket er prega av små og mellomstore bruk, der topografi og arrondering gjer det vanskeleg å få store rasjonelle einingar. Mange bønder har produksjonen spreidd på små teigar. Dette gir ekstra utfordringar for bonden.

– No har det vore overproduksjon på sau, og det skaper store utfordringar for Hordaland og andre fylke med små bruk. Den store frykta er jo at vedvarande overproduksjon skal føra til bortfall av marknadsregulering, som igjen fører til sentralisering av produksjonane. Då er det ofte distrikta som taper. Det gjeld for frukt òg, og vi meiner det blir feil med store fruktetableringar på jord som kunne vore brukt til anna, seier han.

Årets oppgjer

– Det er snart tid for årets jordbruksoppgjer. Kva trur du om det?

– Eg er i alle fall veldig glad for at Olaug Bollestad og KrF tok ministerposten. Eg trur ho vil gjere sitt beste for jordbruket, men det blir nok tøffe tak.

– Det er ei forferdeleg utfordring med overproduksjonen vi har for tida, samstundes som vi må importere både gris og lam etter internasjonale avtalar. Det pressar lønsemda for mange bønder. Eg trur Nortura er i ferd med å ta ein del rette grep no, seier han.

Frøydis Haugen var fylkesleiar i Hordaland då Nernæs vart vald som lokallagsleiar. No er ho andre nestleiar i Bondelaget.

– Haugen har vore flink og hatt eit stort engasjement for næringa. Det er lettare å ta ein telefon til ho, som eg har kjent lenge, å få gode svar. Både Frøydis Haugen og Bodhild Fjelltveit er veldig viktige personar for Hordalands-landbruket, seier Peder Nernæs.

Neste artikkel

– Potetbøndene trenger effektive tørråtemidler