Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk sider susar i medvind

Sidersalet på Vinmonopolet aukar kraftig. – Lettare å få hylleplass no, seier siderprodusent Nils J. Lekve i Ulvik.

Vekst: Det har vore ein sterk auke i salet av norsk sider hos Vinmonopolet dei tre siste åra. I 2018 produserte Nils J. Lekve i Ulvik 100 000 liter med sider. Tønnene blir brukt til lagring av eplebrennevin. Foto: Karl Erik Berge

Det har vore ein sterk auke i salet av norsk sider hos Vinmonopolet, frå 28 594 liter i 2016 til 79 000 liter (2017) og 138 000 liter i 2018.

Nils J. Lekve er ein av veteranane i siderbransjen. Han driv Hardanger Saft- og Sider­fabrikk i Ulvik og starta med siderproduksjon i 2004.

Fabrikken produserer eplejuice, eplemost, sider, dessertvin, likør og brennevin. Alle produkta med alkohol vert seld via Vinmonopolet.

– Eg starta i det små, med om lag 2 500 liter. Det har vore ein lang prosess, og det har teke tid å få norsk sider inn på Polet. Det er lettare no, men å få hylleplass på Polet gir seg ikkje sjølv, seier Lekve.

I 2018 produserte Lekve 100 000 liter med sider, som kjem for sal i 2019. Han har hatt ein gradvis auke i salet dei siste åra – særleg dei to siste.

Gravenstein, Summerred og Aroma er dei viktigaste eplesortane Lekve brukar i siderproduksjonen.

Mange nye produsentar

Gardssalet det vart opna for i juli 2016, har nok spela ei positiv rolle, meiner siderbonden.

– Me sel mest sider via Polet, men i turistsesongen har me jamt sal av sider frå garden òg. Det blir nok to- tretusen flasker i året. Eg har ikkje satsa mykje på restaurantar, fordi eg har ikkje nok tid til å følgje opp salet inn mot desse, seier han.

Vinmonopolet har satsa meir på sider dei to–tre siste åra. Det har ført til meir pressedekning og auka interesse for å prøve nye produkt, meiner Lekve.

– I tillegg har det kome mange nye produsentar, og utvalet av sider har blitt mykje større. Det er nok ein trend med sider no, meiner han.

Aktuelt for eksport?

Lekve har ein person i 100-prosent stilling, men skal snart tilsetja ein til. I tillegg har han sesonghjelp frå april til september/oktober.

Han har bygd eigen restaurant på Lekve gard, med matservering for grupper på meir enn 20 personar, men har ikkje kafedrift. Lekve gard er ein av tre gardar i frukt- og sideruta i Ulvik.

– Det er flott at det kjem fleire produsentar og at det skjer ting. Eg trur sideromsetninga vil vekse meir, men det er ingenting som veks inn i himmelen. Det er vel ølbrygging og mikrobryggeri eit godt døme på. Men norsk sider kan nok vere eit aktuelt produkt for eksport, seier Lekve og legg til:

– Har du nok volum, er du avhengig av å komme på polet. Det gjeld å gjere ein god jobb som seljar, men det kostar tid og pengar. Det er nok ein del som har brent seg på dette.

Vinmonopolet melder om gode salstal for norsk sider i 2018. Endringa i lovverket gav sideren eit løft, meiner Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Vinmonopolet selde til saman 217 000 liter med sider i 2018, av dette var 138  000 liter norsk sider. Det betyr at 64 prosent av sideren som Vinmonopolet selde var produsert i Norge.

Annonse

– Sider utgjer 0,3 prosent av alt litersalet til Vinmonopolet, så dette er ein liten kategori. Men sjølv om sider er liten, var dette den fjerde største vekstkategorien i 2018. Kvitvin var størst, føre rosevin og musserande vin, men sider slo både øl og alkoholfri drikke, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Hordaland er på ein suveren fyrsteplass som produsent, med 110  000 liter, føre Sogn og Fjordane med 16 000 liter og Buskerud med 11 000 liter.

I andre fylke er det liten produksjon av sider, men ting kan endre seg.

Løft frå 2017

– Sider er nok fyrst og fremst eit vestlandsfenomen. Polutsal i Hardanger, som i Odda og Norheimsund, har bra sal. Det same gjeld ein del Pol i Bergen og Polet i Etne. Eg trur vi vil oppleve ein produksjonsvekst i andre fylke framover, seier Nordahl.

I 2016 fekk lokale produsentar lov til å selje alkohol basert på frukt og bær, med ein alkoholprosent over 4,7, men under 22 prosent, frå eigen gard.

Det er avgrensa til 15 000 liter per produsent per år. Bakgrunnen for at øl og vin på drue ikkje er med, er EØS-regelverket.

– Endringa i lovverket gav sideren eit løft frå 2017. Mange i Hardanger har starta opp med eige utsal, og dette har gitt sideren auka merksemd, noko som er positivt for Vinmonopolet òg, fortel Nordahl.

Trur på vidare vekst

Kommunikasjonssjefen meiner sidersalet skal vidare opp, men trur ikkje det vil auke like mykje i 2019, som det gjorde i 2018.

– Det kjem heilt an på kva sortar som slå an, og om det kjem nokre nye sortar. Alt med bobler er populært hos oss for tida, kundane synest dette er spennande. Mange spør etter drikke som er lettare og lysare, og med mindre alkeholinnhald. Dette har vore ein trend i mange år. Det handlar om endringar i kosthald, og at fleire legg vekt på helse og trening i kvardagen, seier han.

Men det handlar også om klima, sol og varme, meiner Nordahl.

– Di varmare det er, di lettare og lysare drikke vil folk ha i posane. Det var særleg tydeleg gjennom den varme sommaren i fjor.

Kvalitet og særpreg

Det er lange tradisjonar for å lage øl i Norge, men også for sider. Sider er mykje brukt som aperitiff, men han passar godt til mat også, til dømes til fisk, skaldyr og lettare rettar.

– Eplesider frå England og Frankrike kan variere mykje i stil – frå tradisjonell sider som er tørr og kompleks, til meir moderne sider som kan vere tørre eller med meir søte og fruktige. Det er mange og distinkte stilartar, også blant dei norske sortane. Kundane må finne sin favoritt, seier Nordahl.

Mange fruktbønder har sett moglegheiter i siderproduksjon, og fleire kan det bli. Det susar og bobler godt i sidermiljøet.

– Sideren har sitt særpreg, han er chrispy, spretten, fruktig og slank, og den norske sideren held høg kvalitet. Han er rekna som eit reint og ujåla produkt, med stort potensial, sjølv om det finns sukkerbomber i sortimentet òg, seier Jens Nordahl.

– Fleire ser at det kan vere eit levebrød i dette. Marknaden er dynamisk, det gjeld å treffe med produkt som folk likar, både til aperitiff og til mat, legg han til.

Neste artikkel

– Oppsiktsvekkende innblanding fra Bollestad