Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nøgde med gardsdrift og fjøsløysing

Då Lars og Gerd Ingrid Norheim skulle byggje ut sauefjøset valte dei ei utradisjonell løysing med fôrkassar og kraftfôrautomatar. Dei har òg valt å utvide buskapen av spelsau framfor å gå over til Norsk kvit sau.

SPENTE: Etter fleire år med god utvikling, legg ikkje Lars og Gerd Ingrid, her med dottera Sigrid på armen, skjul på at dei er spente på framtida.
SPENTE: Etter fleire år med god utvikling, legg ikkje Lars og Gerd Ingrid, her med dottera Sigrid på armen, skjul på at dei er spente på framtida.

Lars og Gerd Ingrid Norheim driv garden Løyning i Steinsdalen ved Norheimsund i Kvam kommune i Hordaland. Her driv dei med sau og har utvida produksjonen til 180 vinterfôra dyr, etter at dei tok over garden frå foreldra til Lars i 2009.

Som utdanna landbruksmekanikar er Lars sjølvsagt teknisk interessert.

Likevel er det meir enn den tekniske interessa som motiverer dei to til å drive gard. Det beste med å drive gard er å drive med dyr, og å sjå framgangen i det du held på med, meiner dei to.

– I vår var det mykje gras som gjekk ut, og da såg vi framgangen i at jamvel om det var gråe bakkar, så vert dei grøne igjen. Det ligg ein motivasjon i å produsere det fôret du treng. Du ser utviklinga heilt frå du sår graset eller inseminerer søya, og følgjer naturen fram til det ferdige produktet, seier Lars.

Bygde ut fjøset

Då Lars og Gerd Ingrid tok over garden var det førti vinterfôra sauer på bruket, men Lars og Gerd Ingrid bestemte seg tidleg for å utvide produksjonen når dei tok over.

Ei stund planla dei å byggje heilt nytt sauefjøs, og kom så langt at dei både teikna og laga kostnadsoverslag for nytt fjøs. Samtidig sto gamlefjøset der, og var eit godt grunnlag å utvikle vidare. Dei to fann tidleg ut at dei kunne gjere det billegare ved å utnytte det som var i gamlefjøset, og det gav og moglegheit for meir eigeninnsats i bygginga.

Nokre tilpassingar måtte likevel gjerast. Eit fôrbrett tek vanlegvis mange kvadratmeter i fjøset. Samtidig hadde dei gode erfaringar med fôring i hekk, både utandørs og i gamlefjøset. Korfor ikkje byggje fjøs utan fôrbrett, og frigjere kvadratmetrane til å ha fleire dyr?

Fôrkassar og kraftfôrautomat

Som sagt, så gjort. I dag er det fôrkassar i staden for fôrbrett i fjøset på Løyning, og graset vert løfta med silograbben over bingane og opp i kassane. Lars og Gerd Ingrid meiner dei fekk plass til meir enn halv gong fleire dyr ved å gjere det på dette viset.

Annonse

Utfordringa vart kraftfôret, som ikkje kunne gjevast på vanleg måte og løysinga vart automatar. Kraftfôrautomatane var enno ikkje ferdig utvikla, men dei to kjøpte ein prototype av Reime. Erfaringane deira har Reime gjort seg av i den vidare utviklinga av automatane.

Skepsisen var likevel stor blant mange, på måten Lars og Gerd Ingrid bygde på. Spesielt hos sauebønder ein generasjon eller to over, var det mange som åtvara mot korleis dette skulle gå, når dei ikkje kunne fôre på den gode, gamle måten.

– «Er de no heilt sikre på dette her», var eit spørsmål vi fekk ofte. Det har i grunnen vori lite tekniske nyvinningar i sauefjøsa, ting skal helst gjerast som alltid har vori. På mjølkeku er det jo stikk motsette som gjeld, men eg trur det vil kome i større grad på sau og framover, meiner Lars.

Nøgde med spelsau

I Kvam er det mykje både av spelsau og av vanleg Norsk kvit sau (NKS). Då Lars og Gerd Ingrid starta opp var det spelsau på Løyning, og det bestemte dei seg tidleg for å halde fram med. Dårlegare slaktevekter er den største ulempa med spelsau samanlikna med NKS. Spelsauen har likevel ei rekkje fordelar, meiner dei to.

– Spelsauen held lenger og et mindre enn NKS, så reknestykka vert ganske like. Vi har og byrja få god avlsframgang på spelsauen, slik at det vert ein stor prosess om vi skulle konvertere til NKS. Vi har og levert fleire dyr som har hamna i same slakteklassen som NKS, så det syner jo at det er mogleg. Det er noko å arbeide imot, seier Gerd Ingrid.

– I fjor hadde vi sytten kilo i gjennomsnittleg slaktevekt, og det er ikkje så langt unna NKS det, skyt Lars inn, - I tillegg har vi mykje beite i skogsterreng. Vi har lite fjellbeite, så det gjev litt dårlegare tilvekst i utgangspunktet. Det er jo og ein ting ein må ta med i samanlikninga.

Og i dag har Lars og Gerd Ingrid eit femtentals NKS-søyer. Det har vist seg å vere meir problem med dei på beitene, enn det er med spelsauen.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag