Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me treng ein gjerdestandard

Standard: Om landbruksnæringa stilte med sin eigen standard, ville det vere lettare å peike på svake punkt ved synfaring og vedlikehald, skriv Ragnar Vikingstad. (Foto: Mariann Tvete, Nationen)
Standard: Om landbruksnæringa stilte med sin eigen standard, ville det vere lettare å peike på svake punkt ved synfaring og vedlikehald, skriv Ragnar Vikingstad. (Foto: Mariann Tvete, Nationen)

Ragnar Vikingstad, Karmøy

I dag har mange bønder meir enn nok utfordringar. I tillegg kjem private og offentlege prosjekt, slik som utbygging av vegar, industri og bustader stadig tettare på gardbrukaren. Det blir grave ned kloakk, vassrøyr, fiber og straumkablar, mange gonger så grunt at det er risikabelt å setje eit spett der.

I entreprenørbransjen er det ein standard for korleis slikt arbeid skal gjennomførast. Kablar kan likevel ligge så grunt som 40 cm. Det er ikkje djupt, verken for eit godt spett eller ein påle som skal så skikkeleg i si levetid.

Men kva er ein standard eigentleg?

Ein standard er ein norm for korleis ei vare eller ein teneste skal leverast eller bli utført. Denne norma er som oftast kjøpar og seljar einig om. Seljar eller leverandør kan by fram tilsvarande eller betre. Statens vegvesen og Vegdirektoratet kallar sin standard prosesskode.

Kva ville hende om det ikkje var ein standard? Då ville ein kunne levere eigne løysingar som var rimelegare eller noko som i lengda ikkje gagna. Det ville blitt fleire konfliktar, meir vedlikehald og større risiko for grunneigar eller nabo.

Ein grunneigar som får ei utbygging har krav på oppsett gjerde når anlegget held på og når det er ferdig. Om entreprenøren brukar prosesskoden så seier den at trestolpen skal vere minimum 5 cm i diameter og stå minst 50 cm ned i jorda, jamfør fiber som ligg på 40 cm. Nettingen er av og til spesifisert, men ikkje alltid.

Annonse

Prosesskoden blir elles brukt med klipp og lim i anbod, der det er tydeleg at den som klipper ikkje har montert gjerde.

Kor vil eg? Bønder og grunneigarar blir eit lett offer når dei ikkje set krav til utbyggar. Eg har hatt møter med NSG, Bondelaget, Småbrukarlaget og ikkje minst Norsk Landbruksrådgiving, men ikkje fått nokon respons på tanken om å utarbeide ein standard for eit godt gjerde. Ingen tykkjest meina at det trengst ei norm for utføring og kvalitet, som bonde eller grunneigar legge fram før oppstart og som ein har med ved siste synfaring. I dag har du som bonde ingen papir å vise fram. Du veit ikkje kva du kan krevja, og du veit ikkje kva eit gjerde faktisk kostar. Mange bønder får tilbod om å gjerde sjølv, kan hende til 90 kroner pr. meter.

Hugs at du får alt ansvar om dyra kjem ut, og dessutan vedlikehaldet. Har du ikkje nok ansvar? I denne samanhengen gjeld det å skyve frå seg ansvar. Det skal ikkje vere ditt problem at andre bygger rundt deg. Dei tener på sitt og bør vere ansvarlege for ulempene det fører med seg, også etter at siste maskin er reist.

Gret eg for mi sjuke mor? Ja, det kan du meine. Vårt firma taper av og til anbod til firma eller personar som ikkje kan jobben. Det er fritt fram for kvar og ein å starte med gjerding. Det er inga utdanning, ingen kompetansekrav og svært liten kontroll på resultatet ved synfaring. Kvifor er det slik? Kjøpar/entreprenør/utbyggar kan lite eller ingenting om verken gjerde eller dyr. Montøren har ingen krav til opplæring, og grunneigaren veit ikkje kva han skal krevja eller har rett på.

Kva kan du gjere? Grunneigar har krav på eit gjerde som støttar dei behova som er for dyreslag, persontrafikk, overgangar og portar. Om landbruksnæringa stilte med sin eigen standard, ville det vere lettare å peike på svake punkt ved synfaring og vedlikehald. I eige arbeid ville ein standard gi tips til meir haldbare løysingar, som gir mindre sut.

Så gode bonde, det er ikkje mi sjuke mor eg gret for. Organisasjonane våre har ingen som kan dette faget, sjølv om god gjerding er avgjerande for dei som lever av, og arbeider med dyr. Ein gjerdestandard vil ikkje vere eit nytt pålegg, men ei norm til det beste for alle.

Neste artikkel

Gerbrand forventer løft for utmark og utkant