Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Markant auke av søkarar til landbruksfagleg utdanning

18 prosent fleire har landbruksfagleg utdanning som sitt fyrsteval.

Naturbruk: Mia Skaret har valgt Vg3 på Melsom videregående. (Foto: Anders Sandbu)
Naturbruk: Mia Skaret har valgt Vg3 på Melsom videregående. (Foto: Anders Sandbu)

Stadig fleire vil ta landbruksutdanning. Søkarar som har ei landbruksfagleg utdanning som sitt fyrsteval i år har auka med nær 18 prosent samanlikna med fjoråret. Det viser ferske tal frå Samordna opptak.

– Landbruket er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Noreg. Det trur eg enda fleire har fått auga opp for dei siste vekene. I landbruket kan du få ein meiningsfylt jobb som blant anna gjev nordmenn mat på bordet, held dyra friske, og utviklar skogbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad på Landbruksdepartementets nettside.

– Eg er takksam for den jobben landbruket gjer og eg gleder meg over søkartala til landbruksutdanningane. Vi treng dyktige folk på gardane, i rådgivingsapparat og i forskingsmiljø, seier Bollestad.

Rekordmange søkarar til høgare utdanning

150 000 personar søkar studieplass til høgare utdanning i år. Det er ein ny rekord. Søkartala viser at 551 personar har eit av landbruksfaga som sitt fyrsteval. I fjor var det 468 personar.

Annonse

Søkartala for fagskule blir inkludert

Dette året blir og fagskular inkludert i søkartala for høgare utdanning. Det har dei ikkje vore tidligare.

I år er det 234 personar som søkar har utdanning på grøne fagskular som sitt fyrsteval. Det er fleire søkarar enn det er studieplassar. Fagskulen i Innlandet tilbyr i år eit nytt fag ”Dyreassisterte aktiviteter – samspill med dyr”. Faget har 25 studieplassar og 44 fyrstegangssøkarar.

Stor auke for plantevitskap og skogfag

Plantevitskap ved Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og skogfaga ved NMBU og Høgskolen i Innlandet er blant faga som utmerker seg med mange fleire søkarar i år.

Det er også ein betydeleg auke i søkartala til agronomistudiane ved Høgskulen i Innlandet.

Samanlikna med fjoråret, er det ei auking på mellom 50 og 100 prosent når det gjeld kor mange søkarar som har dessa faga som sitt fyrsteval.

Neste artikkel

Ingen koronapakke til landbruket