Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marit Epletveit: Bollestad kan bli ein god landbruksminister

Ho har hjarte for landbruket, meiner fylkesleiaren i Rogaland Bondelag.

Marit Epletveit og mannen driv mjølkebruk i Gjesdal i Rogaland. Epletveit trur Olaug Bollestad kan bli ein god landbruks- og matminister. (Foto: Stian Eide)

Det var VG som fyrst melde at Olaug Bollestad, fungerande partileiar i KrF, truleg blir ny landbruks- og matminister. Dette er enno ikkje stadfesta.

I så fall tar ho over jobben til Bård Hoksrud (Frp), som har vore landbruks- og matminister sidan august 2018.

Olaug Bollestad (57) har sete på Stortinget sidan 2013 og var før dette ordførar i Gjesdal kommune i Rogaland. Ho er no medlem av Stortingets helse- og omsorgskomité.

Bollestad er utdanna sjukepleiar. Før ho vart ordførar i Gjesdal, arbeida ho på Stavanger universitetssjukehus.

Dette er positivt for landbruksnæringa, meiner Marit Epletveit.

Annonse

– Eg trur ho kan bli ein god landbruksminister. Eg veit at ungane hennar har vore avløysar på ein gard, og som mor har ho køyrt dei tidleg for at dei skulle klara jobben som avløysar. Dette har ho gjort for fleire av ungane, seier Epletveit.

Fylkesleiaren meiner Bollestad har hjarte for landbruket.

– Det trur eg bestemt. Besteforeldra hennar på begge sider var bønder, det er positivt. Eg har sjølv hatt ho på besøk under valkampen, og det var ingen tvil om at ho kunne mjølka. Det spelar sjølvsagt inga rolle for om ho kan gjere ein god jobb som statsråd, men engasjemente er absolutt til stades, seier Epletveit.

– Kva meiner du om eit statsrådsskifte frå Frp til KrF i landbruket?

– Eg trur det blir bra med eit skifte, sjølv om det blir annleis med ei fleirtalsregjering, i forhold til tidlegare. Det låser jo handlingsrommet vårt på ein heilt annan måte, seier Marit Epletveit.

Neste artikkel

Mener Elvestuen er "inhabil" etter ulve-kosing