Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lokal mat dobla omsetninga

Når gjestene på Gloppen Hotell spør kvar oksekjøtet kjem frå, peikar kjøkkensjef Bodil Fjellestad ut vindauget, mot garden til Frode Grinde.

Finanskrisa har herja med turistnæringa. Mange hotell har opplevd vanskelegare tider. Men ikkje Gloppen Hotell i Sogn og Fjordane.

I 2006 selde hotellet mat for 3,5 millionar kroner. Omsetninga har sidan den gong auka med ein million i året, og i 2009 var den på heile sju millionar.

Forklaringa? Kjøkkensjef Bodil Fjellestad og hennar filosofi om å bruke lokal mat. Kjenner bøndene

I 2006 flytta 24 år gamle Bodil Fjellestad heim til Gloppen, etter å ha gått læretida på renommerte Bagatelle og Lofoten fiskerestaurant på Aker Brygge, og jobba seks år ved Spisekroken i Bergen.

Ho var ikkje i tvil om at det var lokal mat ho skulle jobbe med.

- Det har å gjere med at eg er herfrå. Eg kjenner mange gode bønder. Eg kunne reise rett ut på gardane og plukke ut dyra, fortel ho. Lagar frå grunnen av

Bodil Fjellestad byrja i det små.

Ho tok inn kje frå Bjørn Nygård i Kandalen og lokale urter frå Devik, og lokale produsentar baka.

Men så fekk ho med seg hotelldirektøren, Dag Moen, på å byggje eit produksjonskjøkken.

- Då kunne vi satse. Vi trengde ikkje ha noko på menyen som ikkje er lokalt, lenger. Vi lagar pølser, hjortekarbonadar, pålegget til frukosten og bacon, byrjar ho å ramse opp.

- Vi får jo heile skrottane, og kan ikkje berre bruke filetane, forklarar Fjellestad. Fjordameny

Produksjonskjøkkenet betydde starten på Fjordameny, eit selskap som produserer lokal mat og sel til både Gloppen Hotell og lokale Coop-butikkar.

- Det er tøft å satse. Knalltøft. Det er veldig kostbart, og Mattilsynet har strenge krav. Men det har verkeleg gitt resultat, seier ho fornøgd.

- Det er Gloppen Hotell som eig bygget. Eg har 44 prosent av drifta, og er dagleg leiar i Fjordameny i tillegg til å vere kjøkkensjef. Eg har hatt enormt mykje å gjere. Det har ikkje blitt mykje fritid dei siste åra, innrømmer Fjellestad. Ringer direkte

Ho er veldig nøgd med systemet ho har bygd opp.

- Vi har ein bonde som leverer angusokse, og ein som leverer gris. Skal vi produsere nok pinnekjøt, må vi snart ha alle lamma i heile Gloppen. Vi får lokale eple og poteter, og fisken kjem tre gongar i veka frå Måløy, seier Fjellestad.

Ho fortel bøndene kor mange og tunge dyr ho vil ha, og dei plukkar ut dei beste dei har. Bøndene får tre til ti kroner ekstra per kilo kjøt.

Eit stempel sørgjer for at det er dei riktige dyra som kjem attende frå Nortura.

Viltet er også lokalt.

- Jegerane ringer direkte til meg når dei har skoten eit dyr. Vi heng det på eit eige kjølerom, og veterinæren kjem dit og kontrollerer det, fortel Fjellestad.

- Det er flott at vi får mørna alt kjøtet sjølv. Det får bruke all den tida det treng, fortel ho. Smakar best

Annonse

Fjellestad er lokalpatriot, og har sterk forkjærlighet for den lokale maten.

- Eg vil påstå at den lokale maten er betre enn annan mat. Eg trur ingenting kan måle seg med ferske gloppenjordbær. Dei er desidert best, seier ho.

- Vi er veldig glade i Gloppen, så får du ei mandelpotet frå Gloppen, og ei frå ein annan stad, er det ikkje det at dei smakar så forskjellig. Men vi veit at den er herfrå, og då smakar den ekstra godt, forklarar ho.

Bodil Fjellestad syns Gloppen har veldig mykje bra å tilby. - Vi har fantastiske bær og frukt. Vi har alt vi treng, og det er ingen grunn til å ikkje bruke det. Eg syns også vi skal støtte landbruket og bøndene. Eg kjem sjølv frå gard. Dei er ein meirverdi å støtte lokale bønder, og at eg veit at dyra har det bra. Å ha eit namn på menyen, er heller ikkje negativt, seier ho og legg til:

- Turistane er veldig opptatt av at det er ei adresse på maten. Vi kan peike ut av glaset og vise kvar maten kjem frå. Turistane syns det er fantastisk gøy, og dei lokale syns det er fint at vi kan vise fram det vi har å tilby i Gloppen, fortel ho. Lokale et oftare på hotellet

Det er ikkje så mange utanlandske gjester på Gloppen Hotell, men di fleire nordmenn. Finanskrisa har dei ikkje merka, fortel Fjellestad.

Spesielt set ho pris på at lokalsamfunnet har vore så positivt til det ho har gjort.

- Glopparar har alltid vore litt treige til å gå ut og ete mat. I alle fall på hotellet, midt i veka. No er det lokale folk her kvar dag. Vi har fått kjemperespons. At vi har deira støtte i ryggen, er noko av det viktigaste for meg, seier Fjellestad. - Følelse av heimplassen

Kameratane Agnar Nilsen og Stig Sande kosar seg i sola i hagen utanfor Gloppen Hotell.

Sande har nyleg flytta heim frå Oslo, og set stor pris på at maten på hotellet er frå Gloppen.

- Det betyr veldig mykje for meg at maten er lokal. Det har med ein følelse av heimplassen å gjere, seier han.

- Maten her smakar fantastisk godt. Eg kan gå god for hjorten, seier Nilsen. Ganefart-vinnar

Det er han ikkje åleine om. Hjortekarbonadene har blitt ein slager, og går under tittelen «bestseljaren» i menyen.

Fjellestad fekk også heiderleg omtale for dei i konkurransen Det norske måltid, Jakten på Smaken av Norge.

Gloppen Hotell og Bodil Fjellestad vart også regionvinnarar i Sogn og Fjordane og Hordaland i Ganefart 2008, som kåra beste serveringsstad langs vegen.

- Det var ein veldig kjekk pris å få. Konkurransen er annakvart år, og vi er med i år også. Eg håpar vi gjer det minst like bra i år, for eg syns vi har kome eit steg vidare sidan 2008, seier Bodil Fjellestad.

Neste artikkel

Få matfunn over grenseverdien